student

Tilstandsrapport frå studentane: Store skilnader i digital undervisning

Norske studentdemokrati har rapportert korleis dei har opplevd dei første koronamånadane. Dei rapporterer om meir involvering, men òg om mange studentar som er frustrerte over undervisninga dei har fått.

I Sogndal var studentar framleis samla på campus tidleg i november. Men mange studentar har stort sett site heime, åleine, denne hausten.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvart år dei siste åra har Norsk studentorganisasjon (NSO) levert ein tilstandsrapport, basert på spørjeundersøking sendt ut til studentorganisasjonane ved norske universitet og høgskular. I årets undersøking er det særleg korona som er tema. Målet har vore å finne ut av korleis institusjonene har handtert ein annleis og lite føreseieleg situasjon og korleis dei har involvert studentdemokratia i prosessen.

Fakta

Norsk studentorganisasjon

  • Norsk studentorganisasjon (NSO) er en nasjonal interesseorganisasjon for 30 ulike studentdemokrati ved norske universiteter og høyskoler. Studentdemokratiene representerer om lag 230 000 studenter. NSO er partipolitisk uavhengig.
  • NSO ble stiftet 1. juli 2010. Organisasjonen er en sammenslåing av de tidligere studentorganisasjonene Norsk Studentunion (NSU) og Studentenes Landsforbund (StL).

Kilde: NSO

NSO-leiar Andreas Torhjell gir skryt til institusjonane for å ha tatt studentane med i leiargrupper og beredskapsgrupper. Undersøkinga viser at mange studentrepresentantar har vorte inkludert i slike grupper, og dei har kommentert at dette har ført til god kommunikasjon og informasjonsflyt mellom ledda.

— Studentane sin argumentasjon har ikkje endra seg: Dei ønskjer å vera med i slike grupper fordi ein då får tilgang på informasjon. Eg trur pandemien har gjort at det har gått opp eit lys for mange insitusjonar, dei ser at ved å ha med studentane fangar ein opp ein del saker, seier Trohjell.

Meiner mange har gjort mindre enn forventa

Studentleiaren seier at han trur at institusjonane, men òg studentane har sett at det er viktig med eit sterkt studentdemokrati lokalt.

— Eg har òg fått mange tilbakemeldingar, seier Trohjell.

Noko av det studentane rapporterer om, er undervisninga. 64 prosent av dei som har svara på undersøkinga seier at studentar har teke kontakt med dei og fortalt om mangelfull digital undervisning.

— Har studentane fått dårlegare undervisning?

— Ja, eg vil seia det. Det som er urovekkande, er at det er store skilnader både mellom institusjonane men òg internt på institusjonane. Mange av dei som underviser har gjort meir enn ein kan forventa, men mange har nok òg gjort mindre, seier Trohjell.

Åste Hagerup er studentleiar for 42 000 studentar ved NTNU. Ho seier at med ei så stor studentgruppe vil det vera umogleg at alle får same tilbod. Men ho meiner at ein må nytta situasjonen ein er i til å læra.

— Ein kan ikkje venta på å skulle kunne koma attende til campus. Jo fortare ein anerkjenner at digital undervisning er kome for verta, jo betre er det. Eg meiner ein må tenkja nytt om både undervisning og vurdering, og trur dei meir tekniske faga har noko å læra av samfunnsvitskap og humaniora når det gjeld eksamensform, seier Hagerup.

Eit sjeldant besøk på kontoret. Andreas Trohjell flytta til Oslo og stillinga som leiar i NSO i sommar, men har site mykje på heimekontor.

Nøgd med kontaktflatene

Også i Østfold vert det rapportert om skilnader. Marte Emilie Skjennem er leiar i studentparlamentet.

— Det er skilnader mellom fagmiljøa, og mange studentar seier at dei har fått eit langt dårlegare læringsutbytte. Dette er noko som har vorte teke opp i den faglege leiargruppa, seier Skjennem.

Der har studentane vore representert før òg, men etter koronautbrotet har studentane òg hatt faste møte med koronateamet.

Det har vore knalltøft å vera student - og å vera menneske

Åste Hagerup

Også ved NTNU har studentane vore representert i ulike utval og grupper, mellom anna i dekanmøtet.

— Me har òg hatt møte med prorektor for utdanning kvar veke. Me studentar opplever at leiinga brukar dei kontaktflatene me no har til å spørja om kva me synest og kva me meiner er viktig. Det er positivt, seier Åste Hagerup.

Redd for rekruttering

Åste Hagerup leiar Studenttinget ved NTNU. Ho seier mange studentar har det vanskeleg.

Koronaåret har vore krevjande. Det vert stadig rapportert om einsame studentar, og om studentar som slit med økonomien. Studentar har òg valt å reisa heim til jul, lenge før dei plar.

Studentleiarane fortel òg om eit tungt år. Trohjell seier han er redd for rekrutteringa til studentverv.

— Det vert trøyttheit i organisasjonen. Ein vert sliten når ein prøver å arrangera digitale treffpunkt, og så er det berre nokre få som møter opp, seier Skjennem.

Østfold er eit av områda som tidvis har hatt strenge restriksjonar denne hausten.

— Det har vore knalltøft å vera student - og å vera menneske, seier Hagerup.

Ho seier ho er skuffa over at det ikkje har kome nokon økonomisk krisepakke for studentane, for studentleiarane ser at dårleg økonomi er noko som uroar mange.

— Me får òg rapportar om at det er vanskeleg å følgja med på digital undervisning. Ein kan ikkje fjerna alle dei fysiske treffpunkta og fasilitetane, setja studentane inn på kvar sin hybel - og rekna med at dei gjer det like bra på eksamen. Det er naivt, seier Hagerup.

Powered by Labrador CMS