psykisk helse
Regjeringa blar opp for å betre studentane si psykiske helse
Foreslår å legge 10 millionar ekstra på bordet for ulike tiltak.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Khrono har den siste tida skrive fleire saker om studentane som er mykje meir aleine og har mindre sosial kontakt dette studieåret.
Blant anna rapporterer ei rekke universitet og høgskular om at dei er uroa for studentane si psykiske helse.
I eit lengre intervju med Khrono uttrykte også forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) uro for situasjonen.
No foreslår regjeringa å gi 10 millionar kroner ekstra til tiltak som kan bidra til å betre situasjonen.
— Mange har site alt for mykje aleine på hybelen, følgd digitale førelesingar og hatt lite sosial kontakt. Det er klart det tærer på. Eg synest det er vondt å tenkje på at vi ikkje klarer å fange opp alle som kjenner litt ekstra på einsemda, men håpar at desse ekstra millionane kan brukast til å gjere studenttilveret litt betre for fleire, seier Asheim i ei pressemelding.
Ekspertgruppe skal foreslå tiltak
Og dei er ei ekspertgruppe som er sett ned av regjeringa som skal kome med konkrete forslag om korleis best bruke dei 10 millionar kronene.
Dei skal kome med tilrådingar som både gjeld eksamen, psykisk helse og gjennomføring av studia.
Ein rapport med tiltak skal vere klar allereie 23. november.
Gruppa vert leia av Kunnskapsdepartementet og består av representantar frå Universitets- og høgskulerådet, Fagskulerådet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.
Studentane og samskipnadsrådet skal også vere med i arbeidet.
— Vi har hatt jamlege møte med rektorat, studentrepresentantar og sektoren sidan mars. Situasjonen er alvorleg og vi må innstille oss på å leve med strenge tiltak ei god stund til. Derfor formaliserer vi no dette samarbeidet ved å setje saman ei gruppe som skal vurdere og foreslå tiltak raskt. Så får vi sjå korleis vi best kan bruke dei 10 millionane når rapporten kjem om to veker, seier Asheim i meldinga.
— Dette har vi etterlyst lenge
Studentleiar i Tekna, Rebekka Lie, er glad for at regjeringa no legg pengar på bordet.
— Vi er svært fornøgde med at Kunnskapsdepartementet no løyver midlar for å hjelpe studentar som slit psykisk. Dette har vi etterlyst lenge, skriv Lie i ein e-post.
Tidlegare i haust gjorde Tekna ei undersøking blant sine studentmedlemmar, der halvparten rapporterte at dei slit med å følgje med i undervisninga.
— Våre undersøkingar har vist at mange studentar slit psykisk, og at koronarestriksjonane gjer studentkvardagen enda meir krevjande med digital undervisning og få møteplassar. Dette går utover den psykiske helsa. Mange studentar sit aleine i ei lita leiligheit, med avgrensa nettverk og moglegheiter for å kome seg ut, skriv studentleiar Lie.
(Oppdatert kl. 13.55 med kommentarar frå studentleiar i Tekna, Rebekka Lie)