korona

Fryktar ein generasjon med dårlegare føresetnader i arbeidslivet

Dersom verda ikkje har vorte meir normal att til neste haust, er Dag Rune Olsen, styreleiar i Universitets- og høgskulerådet, uroa for konsekvensane.

Verda har endra seg i 2020, både for studentar og for leiarar av universitet og høgskular. Dag Rune Olsen er styreleiar for Universitets- og høgskulerådet, og uroa for konsekvensane dersom pandemien og nedstenginga held fram.
Verda har endra seg i 2020, både for studentar og for leiarar av universitet og høgskular. Dag Rune Olsen er styreleiar for Universitets- og høgskulerådet, og uroa for konsekvensane dersom pandemien og nedstenginga held fram.
Publisert Oppdatert

Studentane rapporterer om at dei får dårlegare undervisning enn før. Det kjem fram i den ferske tilstandsrapporten frå Norsk studentorganisasjon (NSO). NSO har spurt studentorganisasjonane om røynsler frå dei første koronamånadane.

Fleire rapporterer om at studentar tek kontakt og seier at dei ikkje får like god undervisning som før, og skilnadane i tilbodet er store.

— Kvaliteten på undervisninga har ikkje vore like god som vanleg. Det trur eg alle ser, seier Dag Rune Olsen.

Han er styreleiar i Universitets- og høgskulerådet, og i tillegg rektor ved Universitetet i Bergen.

Ikkje berekraftig

Olsen viser til den brå overgangen i mars, der undervisninga måtte gjerast om over natta.

— Undervisninga for alle dei 300 000 studentane i Noreg har ikkje vore på det nivået me elles skulle ønska, men me har fått til forsvarleg undervisning, seier Olsen.

Han viser til at eksamensresultata frå våren var gode.

— Men det heng nok òg saman med at studentane hadde god tid til å studera. Den livsførselen er nok ikkje berekraftig på sikt, seier Olsen, og legg til:

— Dersom situasjonen held fram, kan me risikera å få ein generasjon som har vesentleg dårlegare føresetnader når dei skal ut i arbeidslivet.

Men å kalla det ein tapt generasjon, slik Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo har gjort, meiner Olsen er for tidleg.

Mellom

Våren 2020 måtte praktiske emne utsetjast, og andre fekk praksisperiodar som ikkje vart som dei skulle vore. Nokre har òg møtt på utfordringar denne hausten. Khrono har skrive om Hammerfest kommune, som heiv seg rundt då sjukehuset stengte.

Nye reglar om praksis i utdanningane seier at institusjonane kan vedta mellombelse tiltak og unntak som dei definerer som «forsvarleg og naudsynt». Mange utdanningar har forskriftsfesta praksis.

— Risikerer ein å få studentar som ikkje kan det dei skal?

— Ein kan risikera at dugleikane ikkje vert så gode som ein ønskjer, seier Olsen.

Han viser til ekspertutvalet, sett ned av Kunnskapsdepartementet, som har sett på studentane sin situasjon under pandemien. Dei tilrår meir fysisk undervisning allereie frå januar.

— Det er realistisk for mange av institusjonane, seier Olsen.

Sjølvsagt å ta studentane med

Å vera leiar for ein utdanningsinstitusjon har vore noko heilt anna etter 15.mars, seier rektoren. Han seier òg at det er sjølvsagt at studentane skal høyrast når verda brått endrar seg. I rapporten frå NSO får institusjonsleiarane skryt for at studentane kjenner seg meir involverte enn før.

— Me som er leiarar har bevega oss ut i heilt ukjent lende. Me treng så mykje informasjon, argument og perspektiv som mogleg, og det hadde vore heilt meiningslaust å ikkje ta studentane med, seier Olsen.

— Det vert rapportert om studentar som er slitne - og som er einsame. Kor lenge kan ein halda fram på denne måten før det får konsekvensar?

— Dersom ein ikkje ser ei betring i situasjonen neste haust, trur eg ein kan få det. Men eg håpar situasjonen vert betra i løpet av neste semester, seier Olsen, og viser til ferske vaksinenyhende frå helseministeren.

Powered by Labrador CMS