Debatt Sveinung Eikeland

Tilgjenge, fleksibilitet, data og Norman-utvalet

Viserektor ved UiT kjenner seg ikkje igjen i Norman-utvalets analyse om at strukturendringar har ført til færre studentar på fleksible utdanningar.

At verdsleiande kunnskap ved universiteta skal vera tilgjengeleg uavhengig av kor folk bur og kva livsfase dei er i, gir politiske utfordringar, skriv viserektor ved UiT, Sveinung Eikeland.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Av opplagde og gode grunnar er det større og større merksemd på at verdsleiande kunnskap ved universiteta skal vera tilgjengeleg uavhengig av kor folk bur og kva livsfase dei er i. At denne dreiinga gir politiske utfordringar er velkjent. Men politisk styring krev også gode data om stoda.

Rapporten frå Norman-utvalet skisserer status og politikk basert på dagens registreringar. UiT har sans for mange av intensjonane til utvalet. Men vi opplever, også frå eigen organisasjon, at dei data vi har om utviklinga av tilgjenge til høgre utdanning ikkje gir grunnlag for dei analysane vi treng for å styra framover.

Når tilgjenge kjem opp, er det ikkje fordi norsk offentligheit er begynt å meina at universiteta skal driva norsk distrikts- eller for den saks skuld, arbeidsmarknadspolitikk. Men når folk skal vera i arbeid og utdanning heile liv, blir kvinner 30-40 år med høgre utdanning som ikkje har høve til vera på eit campus heile tida mellom dei viktigaste studentane.

Vi veit også at studentar over 30 år vel annleis enn 20 åringar. Og når alt arbeidsliv skal vera kunnskapsbasert, vil ein geografisk spreidd struktur av studiestadar sikra at ikkje alle kandidatar vil busetja seg i dei største universitetsbyane og skapa det nye arbeidslivet berre der.

Dette er fanga opp og fått stor merksemd i dei regjeringsutnemnde distriktsnærings – og demografiutvala og i den nye stortingsmeldinga om nordområdepolitikken. Sett frå nord skil den nye nordområdemeldinga seg frå dei «gamle» gjennom denne vektlegginga. Der dei tidlegare meldingane hadde eit fokus på utvikling av framifrå forskinga om nord for verda, adresserer den nye sterkare behovet for ei brei integrering av denne kunnskapen i samfunna på land i nord.

Nøkkelen i denne utviklinga er at fleire utdanningar blir fleksible. Utvala og meldinga konkluderer, både eksplisitt og implisitt, med at universiteta har for få fleksible utdanningar og at dette må løysast av sentrale styresmakter. Dokumenta gjer også fleire forsøk på å beskriva årsakene til at statlege universitet ikkje får til slik fleksibilisering.

Vi har problem med den forståinga Normanutvalet har av dette i kapittel 8, særleg i 8.3.1. Utvalet knyt ein påstått nedgang i fleksible utdanningar ved UiT Norges arktiske universitet (UiT) til å stadfesta ei oppfatning om at strukturendringane i universitets- og høgskolesektoren har ført til færre studentar på fleksible utdanningar enn før samanslåingane. Vi kjenner oss ikkje att i den «analysen».

At rapporten er blitt slik, er utfordrande for politisk handtering av eit nøkkeltema i høgre utdanning framover. Det er ikkje berre utvalet si skuld, også vår. Det kan også henda at fleire universitet er der UiT er.

Vi er med når utvalet definerer fleksible tilbod i boks 8.3. Fleksible utdanningar må, som utvalet skriv, vera ei samlenemning for desentraliserte, nettbaserte, deltidsorganiserte og samlingsbaserte utdanningstilbod.

Når utvalet så analyserer utviklinga i omfanget av fleksible utdanningar i kap. 8.3.1 og i figur 8.5, forsvinn både deltids – og samlingsbaserte utdanningar. Utvalet blir heller opptatt av at veksten i desentraliserte – og nettbaserte studiar etter 2015 har skjedd i private, og ikkje i statlege, institusjonar.

Dette er ikkje overraskande når utvalet definerer desentralisert utdanning til tilbod utanfor campusar. Dei statlege universiteta og høgskolane som utvalet nemner har alle mange campusar og treng ikkje ha tilbod på hotell. Implisitt seier utvalet også at private utnyttar nye marknader, statlege organisasjonar ikkje.

Mitt hovudpoeng er at det utvalet seier også, og kanskje primært, har med data å gjera. UiT har ikkje rapportert samlingsbaserte studium som fleksible studium til Database for høgre utdanning (DBH). Typiske døme på dette er studentar som har ei veke kvar femte veke på samling på ein av våre ti campusar. Der campus er vald på grunn av god infrastruktur og at dei er rimeleg godt geografisk spreidde. UiT har heller ikkje evna å endra registrering av studiar som er gått frå å vera samlingsbaserte til nettbaserte.

Eit djupdukk under den formelle registreringa i UiTs system viser for perioden 2015-2020 status quo i desentralisert utdanning, det same i deltidsstudiar frå 2016, ein enorm vekst i nettbaserte studium og vekst i samlingsbaserte studium. Den siste veksten blir utgjort av masterstudiar.

Samlingsbaserte bachelorstudiar har eit samla stabilt omfang, men det er på grunn av ein sterk nedgang i to fag. Det vil seie eit heilt anna resultat enn utvalet opererer med når det gjeld fleksible utdanningar ved UiT.

Med dagens data er det ikkje grunnlag for å hevda at strukturreforma skapte institusjonar som treng vera immune mot opplagde behov i arbeidsliv og regionar utanfor dei store universitetsbyane.

Viserektor UiT, Sveinung Eikeland

Djupdukkinga tok eit døgn med manuell gjennomgang frå to som er godt skulerte til slikt. Dette viser at systemet i alle fall hos oss må skjerpast når rammene til sektoren blir endra framover. Då bør ein også tenkja gjennom om å telja studiepoeng seier meir om relevansen av fleksible studiar enn til dømes studentteljingar og om kor mykje nett må vera inkludert for at eit tilbod skal vera nettbasert etter koronaen.

Politisk viser dette at med dagens data er det ikkje grunnlag for å hevda at strukturreforma skapte institusjonar som treng vera immune mot opplagde behov i arbeidsliv og regionar utanfor dei store universitetsbyane.

UiT veit imidlertid at 1/3 av våre studentar ikkje er «tradisjonelle» campusstudentar. Og for å møta denne ikkje styrte utviklinga, har vi i høyringa av utkastet til den nye universitets- og høgskolelova foreslått at institusjonane som del av kvalitetsvurderingane av studieprogramma skal vurdera kor tilgjengelege programma faktisk er. Det hjelper altfor få framover om til dømes læringsutbytet er høgt, når tilgjenget på grunn av livsfase og geografi er lågt.

Powered by Labrador CMS