Debatt ● Oddmund Hoel

Tilbake til fortida-partiet

Høgre gir inntrykk av at dei skal satse stort på forsking viss berre dei får sjansen igjen. Men deira alternative budsjett fortel ei ganske anna historie. Der gir dei med den eine handa og tar med den andre, skriv forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Seier Hæ?!: Statsråd Oddmund Hoel (Sp) svarar Kari-Anne Jønnes (H): — Det manglar ikkje på store ord og ambisjonar når Høgre skal selje seg inn til kunnskapssektoren. Men er det milliardkutt som blir fasiten, dersom dei får sjansen til igjen å styre budsjetta for forsking og høgare utdanning?
Publisert

«Det haster for Høyre», skriv Kari-Anne Jønnes. Hæ?!, seier eg.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Etter tre år i politisk leiing i Kunnskapsdepartementet, og snart eit år som statsråd, er nemleg mi erfaring med partiet Høgre det stikk motsette. Dei seier nei til alle forsøk på nytenking. Dei kom fram til alle dei gode løysingane i si førre periode i regjeringskontora, og er no ein ihuga forsvarar av status quo.

Høgre gir inntrykk av at dei skal satse stort på forsking viss berre dei får sjansen igjen. Men deira alternative budsjett fortel ei ganske anna historie. Der gir dei med den eine handa og tar med den andre. Jønnes skryt av ei forskingssatsing på 400 millionar, men nemner ikkje at dei også kuttar over 400 millionar i sitt budsjett. Berre Høgres ABE-kutt vil stå for eit årleg kutt på over 200 millionar kroner.

Ikkje minst er det verdt å sjå på kva storebroren på borgarleg side (ifølge dei siste målingane) vil gjere med forsking og høgare utdanning. FrP har kutt på heile 1,2 milliardar i sitt budsjett for forsking og høgare utdanning. Lykke til med å få til ei forskingssatsing med dette utgangspunktet!

Det manglar «en følelse av hast» i Noreg, ifølge Jønnes. Den manglar i høgaste grad også i Jønnes’ eiga parti. Eg har det siste året gjort det eg kan for å understreke det store alvoret vi står overfor. Vi manglar kompetanse på stadig fleire område i det norske samfunnet, og kompetansemangelen er særleg merkbar i distrikta. Samfunnet manglar blant anna sjukepleiarar, lærarar og teknologar.

Samstundes står vi overfor stadig større krav til kompetanse — særleg drive fram av auka behov for helsetenester for ei aldrande befolkning og store omstillingsbehov i norsk økonomi. Mangelen på folk og kompetanse er venta å auke i åra framover, og vi kan ikkje halde fram med å gjere ting på same måte som før. 

Vi må sjå på korleis utdanningssystemet sikrar den kompetansen vi treng, og vi må sjå på korleis vi kan jobbe betre og smartare både i det offentlege og i næringslivet. I perspektivmeldinga har vi vore tydelege på dette.

Senterpartiet og Ap har i regjering teke ei rekke målretta grep for å sikre tilgang på kompetanse i heile landet. Årets opptak til sjukepleiarutdanningane gjekk utan det særskilde karakterkravet som Høgre innførte frå 2019. I tillegg valde dei fleste av fleste lærarutdanningane å søke om fritak frå karakterkravet, etter at vi opna for det. 

Høgre var sjølvsagt i mot begge våre tiltak for å få fleire inn på viktige studiar for framtida.

Dei lokale opptaka som blei gjennomførte utan karakterkrav, førte til at vi no har fleire sjukepleiarstudentar enn vi nokon gong har hatt, i den tida vi har tal for dette. Nesten tusen fleire studentar blei tekne opp. Hadde vi framleis hatt Høgre-modellen for opptak, hadde vi fått det lågaste talet på sjukepleiarstudentar sida 2010. For grunnskolelærarutdanningane snudde vi fleire års nedgang med dette grepet.

Høgre var sjølvsagt i mot begge våre tiltak for å få fleire inn på viktige studiar for framtida.

Oddmund Hoel

Høgre har «høye ambisjoner for elever og lærere» skriv Jønnes. Det har regjeringa også. Men korleis Høgre skal greie å snu den dårlege trenden med fallande søking til lærarutdanningane, er for meg heilt i det blå. Skulle vi fortsette med deira løysingar, ville stadig fleire ungar hatt ein lærar heilt utan lærarutdanning — særleg i distrikta. Vi har ambisjonar for elevane i heile Noreg, ikkje berre i storbyane.

For å møte kompetansebehova, har vi også gitt pengar til fleire studieplassar i helsefag, særleg medisin og sjukepleie, veterinærmedisin, arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning og IKT. Det har aldri vore fleire studieplassar i medisin i Noreg enn no. Og vi har styrka satsinga på fleksibel og desentralisert utdanning gjennom heile vår tid i regjering.

Vi held og fram med å løfte fagskulane. Dei har ei nøkkelrolle i å møte dei regionale kompetansebehova i heile Noreg. Derfor har vi sett av midlar til 2 000 nye studieplassar til fagskulane sidan vi tiltredde. Dette er inkludert midlar til 1 000 nye studieplassar i 2025-budsjettet. Det er viktig for å sikre viktig kompetanse for folk og arbeidsliv i heile landet.

Vi er blant landa i verda som bruker mest offentlege midlar på høgare utdanning og forsking. Totalt har Noreg ei høgare offentleg finansiering av forsking og utvikling enn det både Sverige og Finland har. Likevel teiknar Jønnes eit dystert bilde av at vi i Noreg sakkar akterut og stadig satsar mindre på kunnskap. Det stemmer ikkje.

Regjeringa satsar på forsking og utvikling og foreslår å vidareføre eit høgt nivå på løyvingane i 2025-budsjettet. Vi prioriterer fleire nye langsiktige satsingar på forsking og kunnskapsinfrastruktur i neste års budsjett, blant anna:

• Ei storstilt satsing på FoU i oppfølginga av langtidsplanen for forsvarssektoren.

• Satsing på forsking på kvanteteknologi, som fullt trappa opp vil utgjere 70 millionar kroner i året.

• Satsing på forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring, som fullt trappa opp vil utgjere 25 millionar kroner i året.

• 40 mill. kroner til trening, oppdatering og tilgjengeleggjering av norske og samiske språkmodellar.

Til sommaren blir midlar til dei første forskingssentera på kunstig intelligens tildelte, som del av regjeringas milliardsatsing på KI-forsking.

Det manglar ikkje på store ord og ambisjonar når Høgre skal selje seg inn til kunnskapssektoren. Men er det milliardkutt som blir fasiten, dersom dei får sjansen til igjen å styre budsjetta for forsking og høgare utdanning?

Powered by Labrador CMS