Debatt kandidatar til prorektor og viserektor

Team Samdal – initiativ og integritet på UiB

Vi ser behovet for å utdjupe kvifor vi meiner UiB treng ei ny universitetsleiing, samt korleis Team Samdal skil seg frå Team Hagen universitetspolitisk og som rektorlag.

Team Samdal stiller til val ved Universitetet i Bergen våren 2021.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Universitetet i Bergen er eit av få universitet i Noreg som framleis har vald rektor. Rektorvalet ved UiB denne våren representerer nok eit positivt unntak – her er det meir enn eitt rektorlag ein kan stemme på. Det vitnar om eit sterkt og levande universitetsdemokrati. Samstundes er det gjerne ikkje heilt enkelt for utøvarane av dette demokratiet, altså veljarane, å skilje mellom dei to valalternativa.

Det er gjerne ikkje rart. Verdigrunnlaget i dei to plattformene er svært like. Vi ser derfor behovet for å utdjupe kvifor vi meiner UiB treng ei ny universitetsleiing, samt korleis Team Samdal skil seg frå Team Hagen universitetspolitisk og som rektorlag.

UiB 2021 – behov for ny universitetsleiing og kursendring. Vi i Team Samdal meiner Universitetet i Bergen treng ei kursendring og fornying i universitetsleiinga, og ønskjer ei kursendring i retning større vekt på UiB sine kjerneoppgåver og kjerneverdiar. I seinare tid har merksemda mot UiB i media vore prega av ein institusjon med lite transparens. Vi meiner dette er eit problem som ikkje handlar om einskildpersonar, men om både prinsipp og kultur – og vi vil ta tak i begge deler.

Vår rektorkandidat er del av det sittande rektoratet, men vi fire andre vil vere nye i universitetsleiinga. Som rektorlag kan vi dermed stille med både omfattande leiarerfaring, og med blodfersk erfaring frå UiBs faglege kjerneaktivitet – inkludert undervisning. Vi meiner dette gir oss eit særskilt fortrinn i eit universitetssystem stadig meir prega av hierarki og administrasjon. Vi vil gjere avstanden mellom leiing, tilsette og studentar mindre. Det er vår lovnad til tilsette og studentar med oss som eit nytt rektorat.

Val av politikk med original tankekraft og slagkraft. Team Samdal har vist eit vedvarande initiativ i rektorvalet. Vi var først ute med å offentleggjere vårt kandidatur 7. september 2020. Team Samdal var òg først ute med å publisere sitt politiske program på nynorsk og engelsk 7. februar med slagordet «Med Universitetet i Bergen inn i framtida». Her slo vi mellom anna fast at «Kunnskapsberedskap er samfunnsberedskap». Med plattforma vart Team Samdal det første rektorlaget ved UiB som har gått til val på at leiaren av studentparlamentet skal vere del av leiargruppa var programfesta. Det står vi fast ved.

Vi vil forme ein kunnskapsinstitusjon vi alle er stolte av å vere del av, ein arbeids og studieplass med takhøgde, samt eit ope og trygt miljø med rom for meiningsbrytingar.

Nils Gunnar Kvamstø, Arne Tjølsen, Kristine Jørgensen og Camilla Brautaset

Det er skilnader mellom dei to plattformene både i politikken, og ikkje minst i grada av konkretisering av korleis ein kan nå dei universitetspolitiske måla. Vi vil her trekke fram fire døme:

Forsking: Team Samdal ønsker at fleire gnistrande gode idear til forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid skal ta steget frå tankestadiet til å bli realiserte. For å oppnå dette meiner vi at eit elitespor aleine ikkje er nok. Vi ønsker derfor å styrke grunnforskinga og samstundes ta i bruk heile breidda av finansieringskjelder.

Undervisning: Team Samdal ønsker forskingsintegrert undervisning, og at læringa skal vere studentaktiv og førebu studentane på arbeidslivet. Dette betyr at alle studentar, ikkje berre nokre få, skal lære gjennom studentaktive læringsmetodar og få praktisk erfaring med å delta i forsking. For å oppnå dette trengs både fagleg og pedagogisk styrke i breidda av undervisninga vår. Eit konkret tiltak for å oppnå dette, er å sikre at undervisarane kan utvikle sin pedagogiske kompetanse gjennom heile karrieren, og at dette arbeidet inngår i undervisningstida.

Innovasjon: Team Samdal vil evaluere og vidareutvikle klyngestrategien for å sikre at alle fagmiljø har moglegheit til å kople seg på. Eit av dei konkrete tiltaka vi har foreslått er å sjå på opningar for eitt eller fleire nye satsingsområde. Vi forstår innovasjon som meir enn kommersialisering. For oss handlar innovasjon om å nytte kunnskap på nye måtar, og vi vil derfor jobbe med innovasjon nedanfrå og på fagmiljøa sine eigne premiss.

Internasjonalt samarbeid: Team Samdal er tydelege på at internasjonalisering ikkje er eit mål i eit sjølv, men eit virkemiddel for kvalitet og inkludering. Team Samdal har programfesta at vi vil kjempe for at utdanning i Norge også skal vere gratis for studentar som kjem utanfrå Europa – vi vil ha dei flinkaste og mest motiverte studentane, ikkje nødvendigvis dei rikaste.

(les videre under AnnonseN)

Bli varslet om
debatt og nyheter

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste debattinnleggene og de
viktigste nyhetssakene.
-

Kvifor vi stiller oss bak Oddrun Samdal. Ei stemme i eit rektorval er først og fremst ei stemme på universitetspolitikk, men òg på kven ein meiner vil gjere den aller beste jobben som rektor for UiB. Samdal er kunnskapsrik og kompetent og møter alle med same respekt, anten dei er førsteårsstudent eller kunnskapsminister. Ho er stødig, tydeleg, stiller alltid forberedt og er samarbeidsorientert. Samdal kjenner, respekterer, og jobbar konstruktivt saman med heile UiB-organisasjonen, inkludert studentorganisasjonane, på alle nivå. Det er hennar sin faglege og leiarmessige stil og integritet som gjer at vi som fagpersonar har valt å gå heilhjerta inn som del av Samdal sitt lag.

Handlekraft og takhøgd. I plattforma har vi løfta fram tankekraft, berekraft og slagkraft som overgripande tematikkar. Som rektorlag kan vi stille med eit fjerde – handlekraft. Som viserektor har Samdal jobba systematisk med styrking av læringsmiljø og undervisingskompetanse, fått fram ein tydeleg og visjonær handlingsplan for utdanningskvalitet, leia utviklinga og etableringa av UiB læringslab og fått fram fleire studentarbeidsplassar og studentaktive læringsareal på alle fakulteta. Kvamstø var sentral i etableringa av Bjerknessenteret. Som marin dekan har han og vore drivkrafta bak COFUND-prosjektet, som resulterte i EU-finansiering og 40 postdoktorstillingar knytt til berekraftig hav. Tilsvarande var Jørgensen sentral i etableringa av Media City Bergen. Tjølsen leia det omfattande arbeidet med å revidere medisinstudiet med særleg vekt på å integrere studentaktiv læring. Brautaset har vore leiar av UiB sitt Kompetanseutval for Kina. Saman med heile Team Samdal kan ho vise til erfaring frå utanlandske universitet og langsiktige internasjonale partnarskap.

Skal UiB bli eit endå betre universitet, føreset det at vi òg er ærlege og erkjenner at vi ikkje er ein feilfri organisasjon. Team Samdal er førebudde på å ta ansvar for både det som fungerer godt, og det som ikkje fungerer like godt ved UiB. Vi vil forme ein kunnskapsinstitusjon vi alle er stolte av å vere del av, ein arbeids og studieplass med takhøgde, samt eit ope og trygt miljø med rom for meiningsbrytingar. Vi håpar både på tillit, men ikkje minst på at nettopp du vil vere med på arbeidet med å ta UiB inn i framtida.

Powered by Labrador CMS