rektorval i bergen

Den eine meiner ho er meir konkret. Den andre snakkar mest om breidde

Etter den første debatten er det vanskeleg å sjå store skilnader mellom dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Bergen.

I eit vanleg år ville det vore publikum i aulaen, No var dei to rektorkandidatane, deira prorektorkandidatar og debattleiar Hilde Sandvik temmeleg åleine.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me hadde kanskje håpa på ein tredje, ukjent kandidat, seier Jarle Eid.

Han har leia nominasjonskomiteen ved Universitetet i Bergen (UiB). Komiteen har avslutta arbeidet sitt, og på podiet i ein elles temmeleg folketom universitetsaula står dei to det handlar om denne våren, i det debattleiar Hilde Sandvik kallar den viktigaste debatten i universitetsåret: Debatten som innleiar rektorvalkampen. Heile debatten mellom rektorkandidantane Margareth Hagen og Oddrun Samdal kan du sjå her fredag klokka 10.

Felles verdigrunnlag

Dei to kandidatane har begge site i leiinga ved UiB i fleire år. Samdal som viserektor for utdanning sidan hausten 2013. Hagen som dekan ved Det humanistiske fakultetet frå 2013-17 og så gjekk ho inn i rektoratet som prorektor hausten 2017.

— Kva er den største skilnaden mellom dykk, spør Sandvik.

— Verdigrunnlaget er ganske overlappande. Men me har konkretisert meir kva me ønskjer å gjera, seier Samdal.

— Me seier meir om digitalisering, og har eit sterkare fokus på å vera eit forskingsintensivt breiddeuniversitet, seier Hagen.

Dei to rektorlaga er samde om at det skal vera vald leiing. Dei ønskjer å vera synlege internt i organisasjonen, og dei vil ha studentane med i leiargruppa og dei snakkar om berekraft. Men det finst nokre skilnader: Samdal har kritisert UiB si satsing på senter for framifrå forsking, og meiner ein har sendt inn for mange søknader.

— Me må sikra kvalitet og senda inn dei søknadane som er gode nok. UiB kjem ikkje til å få veldig mange SFF-ar. Dei andre gode ideane må me sikra finansiering til på andre måtar, seier Samdal.

Prorektorkandidat Nils Gunnar Kvamstø peikar på både regionale forskingsfond, men særleg utlysingar innan EU-systemet som nye måtar å kunne sikra eksterne inntekter på.

Ikkje breiddeidrett

Hagen seier at ho er stolt over at UiB har sendt så mange SFF-søknader.

— Det har vore ein fellesinnsats på tvers av fakulteta.

For Hagen er det forsking og forsking i breidda som er det viktigaste.

— Når eg seier breidde, meiner eg ikkje breiddeidrett, men ei lang rekke fag. Ein må sjå på faga sin eigenart, det er ikkje alt som kan målast i eksterne midlar eller publikasjonar.

Hagen meiner UiB bør halda fast ved dei tre satsingsområda ein har i dag: Marin forsking, klima og energiomstilling og globale samfunnsutfordingar. Desse ligg inne i universitetet sin strategi, ein strategi Hagen og hennar lag meiner ein kanskje skal endra.

— Men det skal vera ein brei prosess, og me skal ta oss god tid.

Samdal vil ha inn fleire satsingsområde. I plattforma er «Minoritetar, majoritetar og mangfald» eller «Menneske og materialitet» føreslege, men ho understrekar at det ikkje er universitetsleiinga som skal definera kva områda skal vera.

— Me vil evaluera dei satsingane me har, og mellom anna sjå på ressurstilgangen. Men dersom ein ser på humaniora, samfunnsvitskapen, psykologi og juss, og kanskje særleg på HF og SV, er ikkje dei like mykje med. Me ønskjer område som kan appellera til desse òg.

Eg vil og eg kan, sa rektor - og rektorkandidat - Margareth Hagen på spørsmål frå Hilde Sandvik om kvifor ho ønskjer å leia UiB dei fire neste åra.

Reisepengar til forskingstid

Som Khrono har skrive, har sektoren spart mykje pengar på å reisa mindre i 2020. Desse pengane vil Samdal bruka på nokre av tiltaka rektorlaget listar opp. For, som debattleiar Sandvik seier, dette kostar.

Kanskje kan ein spara 50 millionar i året, samanlikna med 2019, trur Samdal.

— Desse pengane kan mellom anna brukast til å skjerma tid for nytilsette førsteamanuensar, slik at dei får meir tid til å konsentrera seg om forsking, og dei kan brukast til fleire studentarbeidsplassar, seier Samdal.

I Bergen må studentar og tilsette framleis jobba frå dei tusen heimekontor. Men kva har ein lært av pandemien?

— Me har lært at me saknar kvarandre, seier Hagen.

— Me saknar campus, me saknar kantiner, me saknar dei tilfeldige møta.

— Me har lært oss om kva som er ressursar og styrkar, og kva som er utfordrande. Me har vorte svekka med heimekontor, særleg forskinga. Og me kunne nok gått i forhandlingar med helsestyresmaktene om betydinga av å ha campus open, seier Samdal.

Medbestemming og samanslåing

Det vert ingen valdebattar med publikum i år. Men til denne debatten kunne UiB-tilsette senda inn spørsmål. Det vert òg mogleg å senda inn spørsmål under sendinga fredag. Spørsmålsrunden ser ein her:

— Korleis vil de sikra medbestemming, var eitt av spørsmåla som var kome inn på førehand.

— Me har to organ for dette, Informasjons- og drøftingsutvalet og forhandlingsutvalet. Men eg trur me skal ta på alvor den uroa som er kring instituttråd eller instituttstyre, seier Hagen, som vil undersøkja nærare korleis det står til.

— Me ønskjer fleire prosessar med høyringsrundar, seier Samdal.

— Vil de stoppa samanslåinga av institutt der fleirtalet av dei tilsette er imot?

Her er kandidatane samstemde: Nei.

— Dette er noko fakulteta må bestemma.

Prorektorkandidat Nils Gunnar Kvamstø (sitjande) og rektorkandidat Oddrun Samdal kunne ikkje ha med seg dei tre andre i rektorlaget til aulaen. Jarle Eid har leia leitekomiteen som skulle sikra at det vart minst to kandidatar i valet.

Utfordringar frå samfunnet rundt

På førehand hadde nokre fått moglegheit til å koma med sine utfordringar.

— Korleis vil de bidra til at fleire av dei kloke hovuda vert verande i Bergen etter endt utdanning, spurte byrådsleiar Roger Valhammer.

— Me ønskjer eit tettare samarbeid med regionen, og gjera dei merksame på kva kompetanse som finst ved UiB. Samstundes må me synleggjera for studentane kva moglegheiter som finst i Bergen, seier Samdal.

— Dette kjenner eg frå mitt eige fagfelt. Der hamnar 70 prosent av dei nyutdanna i Oslo. UiB må opna for å tilsetja nyutdanna, og det same bør Bergen kommune og andre verksemder, seier Pinar Heggernes.

Ho er Hagen sin prorektorkandidat og professor i informatikk.

— Vil de innføra bøter for forseinka sensur, var spørsmålet frå Studentparlamentet sin leiar Sandra Krumsvik.

— Å gi bøter sit langt inne. Denne saka har gått i universitetsstyret, og eg vil ha henne ein gong til der før me innfører bot, seier Hagen.

— Dette må følgjast opp, og det er eit leiaransvar. Dersom det ikkje er framgang, bør ein prøva bøter i ein periode, seier Samdal.

Sak oppdatert 19.2 kl 10.40 ved å legga inn direktechat

Powered by Labrador CMS