rektorval i bergen

Hagen: Vil løfte UiB til eit endå sterkare universitet

— Eg er ikkje i valkamp no, eg er rektor, seier rektorkandidat Margareth Hagen.

Valplattforma er ikkje offentleggjort endå. Men Margareth Hagen (nr 2 f.v.) stiller som rektorkandidat, og har Pinar Heggernes (t.v.), Gottfried Greve og Annelin Eriksen med på laget
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein månad inn i det nye året har mykje skjedd ved Universitetet i Bergen: Rektor Dag Rune Olsen har gått av, og skal i gang med arbeid for sin nye arbeidsgivar Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet.

Fakta

Rektorval UiB 2021

  • Siste frist for kandidatar: 8.februar
  • Valstyrets presentasjon av kandidatar: 17.februar - blir lagt ut som video 19.februar
  • Rektorval: 22. - 25. mars 2021
  • Det er formelt rektor og prorektor som skal veljast. Viserektorane er peika ut av rektorkandidaten.
  • Kandidatane Oddrun Samdal og Margareth Hagen lanserte seg sjølve og sine rektorteam 7.september 2020
  • Søkekomiteen som skal finne kandidatar og gjennomføre valet blei sett ned av universitetsstyret 24.september 2020

Undervisninga vart digital, og studentar og tilsette sit på heimekontor. Universitetsstyret har hatt ekstraordinært møte og bestemt at det skal gjennomførast ei ekstern gransking av arbeidslivsportalsaka, der Dag Rune Olsen var ein av aktørane.

Tidlegare prorektor Margareth Hagen vart difor rektor, nokre månader før ho hadde tenkt. I styremøtet 7.januar vedtok universitetsstyret at Hagen, som var prorektor og fungerande rektor nokre dagar, skulle ta over leiinga av UiB.

Valkamp ikkje bestemt

— Eg er ikkje i valkamp no, eg er rektor, seier Hagen.

— Når byrjar valkampen, og når vert valplattforma lansert?

— Det vil eg ikkje seie noko om, det er ikkje bestemt endå.

Hagen er professor i italiensk litteratur, og var dekan ved Det humanistiske fakultetet før ho vart prorektor i 2017.

— Kvifor stiller du som rektorkandidat?

— Eg har lyst til å bidra til å løfte Universitetet i Bergen endå meir, og vere med på å utvikle UiB til eit endå sterkare universitet. Eg er oppriktig glad i UiB, og ser på det som ein samfunnsberande institusjon. I tillegg kjenner eg institusjonen godt, seier Hagen.

— Kva vert den viktigaste saka for deg?

— Eg er oppteken av det store biletet, av UiB som ein samfunnsinstitusjon og eit universitet som òg har eit sjølvstendig ansvar for å bidra inn i den nasjonale kunnskapspolitikken. Eg er oppteken av breidde, og eg er òg oppteken av at studiekvaliteten skal vera god og at dei som jobbar her skal ha gode vilkår.

— Kva betyr det? Vilkår kan vere både forskingstid og gode stolar.

Valkampen er ikkje i gang, understrekar rektorkandidat Margareth Hagen.

— Ja, det kan vere begge deler. Eg er oppteken av utviklingsmoglegheiter for å bygga gode miljø og god forsking, både for dei faglege og dei teknisk/administrative stillingane og av karrieremoglegheiter for dei yngre forskarane.

Hagen sit for det meste på kontoret sitt på Muséplassen i Bergen, men møte føregår digitalt. Ho saknar å sjå folk, seier ho.

— Korleis vert det å drive valkamp i ein pandemi?

— Eg trur det vert veldig annleis. Eg håpar me får til ein substansiell valkamp, der det handlar om innhald, og at algoritmane ikkje tek knekken på det politiske. Og allmøte, som ein plar ha, vil vi neppe kunne ha.

— Korleis vil pandemien kunne påverke arbeidet de skal i gang med dersom de vert valt?

— Vi veit ikkje korleis hausten vert. Men eg trur vi vil vere påverka av pandemien i lang tid, både på godt og vondt. Eg trur vi vil arbeide annleis, kanskje litt smartare. Det vil verte mindre reising - og det er bra for klimaeet. Men eg håpar vi vil kunne kombinere digital kompetanse og fysiske møte - det er utruleg viktig at ein no kan kome attende til campus, seier Hagen.

Ho uroar seg for dei unge forskarane, kanskje særleg for stipendiatane som har kome til UiB frå eit anna land - og opplevd at alt vart stengt.

— Eg skulle ønskja vi kunne gjere meir for dei.

— Korleis vil Olsen/Knudsen-saka og den eksterne gjennomgangen kunne påverke valkampen?

— Det er ei sak som har teke mykje merksemd. Men no, med den eksterne gjennomgangen, er ho plassert vekk frå oss. Eg trur ikkje den saka vil påverke valkampen.

Heggernes: UiB må verta endå betre kjent

Pinar Heggernes er instituttleiar ved Institutt for informatikk, og prorektorkandidat i Margareth Hagen sitt team.

— Kva er den viktigaste saka for deg på Universitetet i Bergen framover?

UiB skal vera ein framtidsretta utddanningstad, seier informatikk-professor Pinar Heggernes.

— Mine tiltenkte oppgåver handlar om utdanning og digitalisering, så det må bli innanfor dei to områda. Det er på desse felta eg har mitt største engasjement.

— Og det betyr konkret?

— Det handlar om at UiB skal oppfattast som ein framtidsretta utdanningsstad som er foretrekt blant dei som søkjer høgare utdanning. Og at UiB har ord på seg for å utdanne kandidatar som arbeidslivet vil ha.

— Kva er viktig for å ha den posisjonen?

— Samfunnet vårt er i stor endring. Det handlar om klima, miljø og digitalisering. Vi må sørge for at UiB utdannar studentar som er i stand til å møte desse utfordringane, og som kan endre seg i takt med det som skjer og ikkje minst drive fram dei endringane som skal til for å sikre tilværet for komande generasjonar.

— For å få til dette må UiB bli enda betre kjent for dei gode miljø vi har når det gjelder forsking, ikkje minst på teknologi og kunstig intelligens. Her er mitt mål at studentane skal få ein grunnkunnskap uavhengig av fagfelt. Det betyr ikkje at alle skal verte IT-ekspertar. Men det er viktig nærast for alle fagfelt å ha digital innsikt til ein viss grad.

— Korleis vil pandemien påverka valkampen?

— Det veit vi ikkje enno. Eg reknar med at valmøte og det som tidlegare har vore fysiske samlingar, vert digitale. Noko kan organiserast som webinar vil eg tru.

— I første omgang tenkjer vi gjerne at dette er negativt. Men det behøver ikkje å bli resultatet. Det er mogeleg at ein digital valkamp kan auke interessa for valet og valdeltakinga. Ikkje minst fordi ein ikkje alltid treng å følge med i sanntid, men heller sjå ein debatt eller eit webinar når ein har tid.

— Korleis vil pandemien påverke arbeidet i rektoratet om du skulle havne der?

— Vi som har leiande posisjonar er i stor grad på kontoret kvar dag. Eg føler iallfall at eg må vere til stades for dei studentane som er her. Elles treffast vi allereie ein god del fysisk når vi no skal inn i valkampen som eit lag. Eg trur uansett kva som skjer vil ikkje arbeidet i eit rektorat verte hemma av pandemien.

Greve: Trur ikkje det vert vanleg fadderveke

Medisinprofessor Gottfried Greve er med i sin andre rektorvalkamp. For åtte år sidan var han med i Kuvvet Atakan sitt team. Dei tapte mot Dag Rune Olsen og hans team, der mellom andre Oddrun Samdal var med.

Medisinprofessor Gottfried Greve brenn for god forsking og god undervisning.

— Då eg vart spurt, vart eg veldig glad for å kunne bidra. Eg har mange saker eg brenn for, seier Greve, og legg til:

— Og så vil eg seie at sjølve valkampen var ganske kjekk sist.

— Korleis vert det no å skulle drive valkamp under ein pandemi?

— No har vi drive med heimeundervisning i snart eit år. Eg ser at ein når mange, men samstundes vil det krevje meir av veljarane. Ein får ikkje den sosiale biten. Den såg eg at er viktig då eg var med i valkamp i 2013. No må me få bodskapen ut på ein annan måte.

Greve skal ha rolla viserektor for satsingar, innovasjon og tverrfagleg samarbeid.

— Kva vert den viktigaste saka for deg?

— Det eg brenn mest for, er forsking av høg kvalitet og god utdanning. I det ligg det òg at eg er oppteken av at fana om etikk og redelighet skal haldast høgt, seier Greve og held fram:

— Eg skal ha ansvar for innovasjon og klyngjer, og er oppteken av at ein skal bruka kunnskapen ein sit med: Ein skal formidle, både i undervisning, i annan formidling og i innovasjon. Det er viktig å visa forsking i bruk. Her er nok vi medisinarar heldige.

Khrono har nett skrive om studentar innan helsefag og medisin som vert oppmoda til å bidra under massevaksinering. Men kor fort det går, og korleis hausten vert, er det sjølvsagt ingen som veit.

— Korleis vil pandemien kunne påverke det arbeidet de skal i gang med dersom de vert valt?

— Vi får håpe at hausten vert nærast mogleg normal, men noko kan nok henge igjen. Det er til dømes ikkje sikkert ein vil kunne ha ei vanleg fadderveke. Men eg håpar vi har lært noko me kan bruka vidare. Eg synest til dømes digitale møte fungerer utmerka dersom ein kjenner dei ein skal ha møte med. Det er verre dersom alle er ukjende.

— Korleis vil Olsen/Knudsen-saka og den eksterne granskinga som no skal i gang kunne påverke valkampen?

— Dette er ei sak det sitjande styret og administrasjonen må løysa, og saka bør ikkje påverke valkampen i særleg grad. Samstundes er det viktig at ein får rydda i ting som ikkje er greitt, seier Greve.

Eriksen vil ha breidde

Annelin Eriksen kom inn i det eksisterande rektoratet som viserektor for globale relasjonar nokre månader etter at Dag Rune Olsen gjekk i gang med sin andre rektorperiode. Ho er professor i sosialantropologi, og skal vera viserektor for forsking dersom det er Margareth Hagen som vinn valet.

Relevansomgrepet kan verta forstått for smalt, seier Annelin Eriksen.

— Kva er den viktigaste saka for deg?

— Det viktigaste for meg er at forskninga ved UiB får vilkår slik at den kan verte best mogeleg framover. Det betyr ikkje at det vi gjer i dag ikkje heldt mål. Men eg er opptatt av at vi i forskarfellesskapet sjølv definerer kva som er framifrå og kva som er relevant forsking. Det er ein tendens til at relevansomgrepet vert forstått for smalt. Med det meiner eg at relevansen til kunnskap ikkje alltid er umiddelbar. Men kan få stor betydning på lengre sikt. Når det er sagt, ønskjer eg også å legge til rette for at den kunnskapen som ber preg av ein viss «urgency», kunnskap det haster med å få ut. For eksempel fordi den kan bidra til ei transformativ samfunnsutvikling, og får gode vilkår til nettopp det.

— Og kva må gjerast i praksis då?

— Det betyr at vi skal leggje til rette for breidda av forsking, både den som ikkje kan måle sin umiddelbare relevans og den det haster med å få formidla og teken i bruk. Pandemien er eit godt eksempel på ein type forskning som det haster med. Likeså klima og omstillingsforskning.

— Korleis vil pandemien påverka valkampen?

— Pandemien og smitteverntiltaka påverkar alt sosialt liv, også det som normalt skjer i ein valkamp. Digitale rom er ikkje spesielt godt eigna til å få fram det som er viktig i ein valkamp. Det handlar mest om at ein ikkje får vere saman med kolleger og diskutere saker slik vi normalt gjer. Samstundes må vi gjere det beste ut av det. Eg håper verkeleg det blir lagt opp til at vi kan ha dialog med dei som følgjer ein digitaloverført debatt til dømes. Slik at det ikkje berre vert einvegskommunikasjon.

— Korleis vil pandemien påverka arbeidet de skal i gang med i eit evt rektorat?

— Arbeidet i et eventuelt rektorat vil sjølvsagt avhenge av kor lenge smitteverntiltak varer ved. Men uansett vert eit nytt rektorat påverka av pandemien. Ei viktig gruppe å legge til rette for er dei unge forskarane som ikkje har hatt mogelegheit til å bli del av internasjonale nettverk slik mange treng. Og dei som treng å reise utanlands for å gjennomføre forskingsprosjekt. Vi kan ikkje trylle, men som institusjon må UiB gjere det vi kan for å bøte på dei ulempene som pandemien har medført for desse gruppene.

— Korleis vil Olsen-saka og granskinga påverka valkampen?

— Eg tenkjer at arbeidslivsportalsaka og den gjennomgangen som no er undervegs, er noko som styrer handterar, og at den ikkje skal påverke valkampen. Der håpar eg vi får diskutert dei viktige sakene for UiB framover best mogeleg.

Det er framleis moglegheit til å melde seg som rektorkandidat. Siste frist er 8.februar.

Endringslogg: Saka er oppdatert med nytt bilete av teamet sundag 31.01.21 kl 21.24.

Powered by Labrador CMS