valprogram lansert
Team Samdal i Bergen har lansert valprogrammet sitt
Meir breidde og administrativ støtte til forskarane, studentane inn i leiinga og ei ny satsing på humaniora-samfunnsvitskap står på programmet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dagen før siste frist for å melde seg som rektorkandidat til valkampen ved Universitetet i Bergen går ut, og samstundes med varsel om ein enno meir koronastengt by i vest på grunn av muterte virus, legg team Samdal fram valplattforma si.
Under overskrifta Saman med Samdal og stikkorda: Tankekraft, berekraft, slagkraft, lanserte dei i helga den nye heimesida si og ei ny Facebook-side, som blir viktig i valkampen fram mot valet i slutten av mars.
Her blir dei fire kandidatane i teamet presenterte og eit overordna program for kva dei vil med å sitte i posisjon dei neste fire åra.
Programmet er delt inn i seks bolkar: Forsking, UiB internasjonalt, utdanning, innovasjon, fellesskap og leiing og lagarbeid.
Samdalteamet lovar studentane ein plass i leiargruppa og større lokale, dei ønskjer å gje forskarane meir administrativ støtte til å skaffe finansiering og til formidling. I tillegg til å styrke vidare dei tre store satsingsområda klima/energiomstilling, marin forsking og globale samfunnsutfordringar, inviterer også Team Samdal til dialog om eit fjerde satsingsområde innanfor humaniora og samfunnsvitskap.
Nytt satsingsområde
— Kan du utdjupe det siste og nye satsingsområdet, Samdal?
— Eg meiner vi har eit behov for å tydeleggjere ei satsing innanfor humaniora og samfunnsvitskapen også, i tillegg til dei tre andre. Vi har trekt fram to eksempel, men ønsker å invitere inn fagmiljøa til dialog om kva som er eit viktig nytt satsingsområde. Så langt har vi eksemplifisert det med stikkorda «minoritetar, majoritetar og mangfald», samt «menneske og materialitet». Det siste vil spegle at UiB også har viktige skapande og utøvande miljø på kunst, musikk og design, seier Samdal.
I tillegg understrekar Samdal at ho ønsker ei sterkare integrering av forsking og innovasjon inn i undervisinga ved universitetet.
— Enno meir systematisk jobbing med dette vil vere bra og viktig, seier ho.
Meir synleg og tilgjengeleg
— Dag Rune Olsen, som har vore rektor det meste av dei to siste periodane, blei kanskje aller best kjend som ein utanriksminister og reiste mykje både i Norge og resten av verda. Kva vil du bli - utanriks- eller innanriksminister?
— Eg vil gjerne vere synleg og tilgjengeleg og gjerne ha ei kjensle av kva som rører seg i organisasjonen i det daglege. Møte med leiinga på fakulteta, universitetsmuseet, Studentparlamentet og fleire innspelsprosessar i heile organisasjonen.
— Det er viktig å vere til stades «innanriks» og ha god kontakt med dei ulike UiB-miljøa, men eg vil også sjølvsagt bruke tid på å representere UiB nasjonalt og internasjonalt - vi er eit viktig universitet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sterk forsking krev tett internasjonalt nettverksarbeid, seier ho og legg til at ei styrking av samarbeidet med det regionale og internasjonale arbeidslivet og studentar ut i praksis er viktig.
Arbeidsliv og Kina
— Så du vil at UiB skal arbeide vidare med ein såkalla arbeidslivsportal for praksis for studentar som det har vore litt snakk om dei siste månadane?
— Ein arbeidslivsportal for disiplinutdanningane er noko Unit no jobbar med og noko som heile utdanningssektoren treng og ønsker seg, så der vil sjølvsagt UiB bidra med det vi kan, seier Samdal.
— Kinasatsing har også vore eit viktig område for det avtroppande rektoratet, er dette noko som vil ha høg prioritet vidare framover?
— Kina er eit viktig satsingsområde og vi ligg an til å finne dei gode arenaene og måter å samarbeide med kinesiske forskarar og universtitet på. Universiteta har ei tydeleg stemme - det er også viktig i kinesisk kontekst.
Det har vore ein diskusjon om studentane sin plass i leiargrupper ved universiteta og høgskulane.
— Eg ser at du vil ha med studentparlamentsleiaren med i leiargruppa, du er ikkje redd for at studentane kan bli gissel i ulike spørsmål?
— No dei siste månadane har studentparlamentsleiaren vore med på dei faste dekanmøta, og det synest eg er bra. Det handlar om å ta studentdemokratiet på alvor, og legge til rette for tydelege arenaer der dei blir høyrde. Som viserektor for utdanning har eg hatt tett kontakt med studentane og dei er sjølvsagt opptekne av andre ting enn berre læringsmiljø, seier Samdal.
— Men skulle studentane vere usamde om avgjerder så kan dei protestere og aksjonere mot leiinga likevel?
— Ja, absolutt. Det er ei viktig styrke i eit levande universitetsdemokrati. Studentane skal ikkje kneblast.
Klima- og miljøuniversitet
— Og UiB som klima- og miljøuniversitetet står fast?
— Ja! Der har vi jo verdsleiande miljø og UiB skal bli klimanøytral innan 2030. Eg både håper og trur at UiB skal bli ein enno viktigare pådrivar i klimaforskinga.
— Kva vil bli den største skilnaden mellom deg som leiar av rektoratet og Team Olsen/Hagen-rektoratet?
— Med meg får UiB ein rektor som kjenner organisasjonen og sektoren veldig godt. Eg er lyttande og uredd. Både eg og resten av rektoratet vil vere synlege både internt og eksternt. Som team er vi allereie usedvanleg godt samansveisa og har jobba mykje med det før jul og no med eit nytt medlem. Vi skal jobbe godt på tvers av teamet, seier Oddrun Samdal.
— Fagleg vil vi prioritere større breidde i støtteapparatet for eksterne forskingsressursar og forskingsformidling og innovasjon på fagmiljøa sine premiss.