tilrettelegging

Talet på studentar som får tilrettelegging aukar. Oscar (25) har eksamen i einerom

Talet på studentar som ber om, og får, tilrettelegging, aukar. — I nokre tilfelle må ein strekka seg langt, høgare utdanning er for alle, seier student Oscar Dos Santos Hellberg-Kvalsvik.

Draumen var å verta lege. Oscar Dos Santos Hellerg-Kvalsvik hadde gode karakterar på ungdomsskulen, men på vidaregåande skjedde det noko. Han kom difor ikkje inn på førstevalet sitt. Som 21-åring fekk han vita at han har ADHD.
Publisert Sist oppdatert

Oscar Dos Santos Hellberg-Kvalsvik hadde gode karakterar på ungdomsskulen. Då han gjekk IB-linje på vidaregåande fekk han dårlegare karakterar enn både han og lærarane hadde forventa, og starten på studietida vart òg krevjande.

— På vidaregåande fekk eg gode karakterar på innleveringar, men gjorde det dårleg på prøvar. Som student strauk eg i to av tre fag — og i det siste fekk eg ein E, seier Hellberg-Kvalsvik ærleg.

Han opplevde at han las og las utan å få noko utbytte av det, og det hende òg at han rett og slett hadde gløymt å førebu seg då han kom til kollokviegrupper.

— Har du vorte greidd ut for ADHD, spurde fastlegen.

Det hadde han ikkje.

Dei gode sidene av diagnosen

Like før han fylte 21 år kom beskjeden: Det var ADHD.

Fire år seinare er Hellberg-Kvalsvik framleis student. Han har hatt nokre avbrot, mellom anna for å vera heiltids studentpolitikar ved Universitetet i Bergen. Målet er å koma i hamn med bachelorgrada i kjemi.

— Eg har sjølvsagt tenkt på om det hadde endra noko om eg fekk diagnosen tidlegare. Men no har eg lært meg å utnytta dei gode sidene av diagnosen: Eg kan setja meg inn i ting kjapt og eg har høg arbeidskapasitet.

— Som ung gut: Du var ikkje eit slikt barn som var høgt og lågt heile tida?

— Nei, eg var aldri hyper. Men eg var nok høglydt — noko som vart forklart med at eg var fleirkulturell. I ettertid har eg snakka med lærarar eg hadde på ungdomsskulen som sa at dei hadde lagt merke til at eg kunne melda meg ut i timen — eg berre sat der.

Fem prosent søkjer

Dei siste åra er det stadig fleire studentar som ber om tilrettelegging av studiekvardagen. 

— Dei siste åra har me hatt eit digitalt skjema der ein søkjer om tilrettelegging, seier Eva Marie Ballo, seniorrådgivar ved OsloMet.

— Berre frå 2022 til haustsemesteret 2024 ser me ein auke. Eg anslår at om lag fem prosent av studentmassen vår søkjer om tilrettelegging av studiekvardagen. I tillegg kjem dei som søkjer om tilrettelegging av eksamen, seier ho.

— I 2023 var det om lag 3200 søknader om tilrettelegging på UiB. Rundt halvparten av desse handla om tilrettelegging av studieløpet, den andre halvparten om tilrettelegging av eksamen, opplyser Universitetet i Bergen (UiB) i ein e-post som er send frå kommunikasjonsavdelinga.

I same e-posten heiter det at UiB dei siste åra har sett ein klar auke i talet på studentar som søkjer om tilrettelegging.

— Om dette skuldast at fleire personar har nedsett funksjon eller særlege behov eller om studentar er meir medvitne om retten til å få tilrettelegging, eller om det skuldast andre ting, er vanskeleg for UiB å vita noko sikkert om, men truleg skuldast auken ein kombinasjon av desse forholda.

Meir enn 14.000 får stipend

Studentar som har nedsett funksjonsevne vil kunne få ekstra stipend frå Lånekassen. Kriteriet er at dei ikkje vil kunne jobba ved sidan av studia sine, for det vil kunne gå ut over studieprogresjonen deira. 

Khrono skreiv om dette stipendet for snart 11 år sidan. Då var det berre 2600 studentar som fekk slikt stipend. I studieåret 2023—24 hadde talet stige til over 14.000. Stipendet er no på vel 4400 kroner i månaden. 

Samanliknar ein studieåret 2015/16 med 2023/24, er auken i talet på studentar som har fått slikt stipend 312 prosent.

— Det er vanskeleg å seia kvifor talet har auka, men det kan skuldast at ordninga er betre kjend, skriv Hanne Bertnes, kommunikasjonssjef i Lånekassen, i ein e-post til Khrono.

Auke etter pandemien

Også NTNU ser ein auke i talet på studentar som ber om tilrettelegging. Det er totalt 2600 studentar som har tilrettelegging på eksamen.

— Me har sett ein jamn auke etter pandemien. Frå 2023 til 2024 var auken på antal studentar som bad om ein rettleiingssamtale hos NTNU si sentrale tilretteleggingsteneste på over hundre studentar, og i fjor var det totalt 700 studentar som bad oss om rettleiing, seier Hanne Kvello, einingsleiar for Enhet for inkluderende læringsmiljø.

Men mange NTNU-studentar tek kontakt direkte med studierettleiar ved sitt fakultet, så Kvello har ikkje noko totaltal for Noregs største universitet.

Kva studentane ønskjer seg av tilrettelegging, varierer mykje. Nokre gongar er det snakk om at førelesar må bruka mikrofon eller ønske om å få tilgang til førelesingsnotat på førehand. Andre studentar ber om ein fast lesesalsplass. Slik vert studiekvardagen føreseieleg, og dei veit at naudsynte hjelpemiddel er tilgjengeleg.

— Men så er det nokre som driv med prokrastinering. Og det er ikkje alltid det er mogleg å gi utsett frist på innleveringar, seier seniorrådgivar Reidar Angell Hansen.

Flest om hausten

Universitetet i Oslo ser òg ein auke i talet på studentar som ønskjer rådgiving om tilrettelegging.

— Eg trur det er fleire grunnar til det. Ein av dei er nok at det er lettare å finna informasjon om tilrettelegging og at studentane veit korleis dei skal søkja om det. Men i tillegg ser det ut til at det er ein tendens i samfunnet at fleire får ein diagnose. Då er det heilt logisk at me òg ser det i studentmassen vår, seier Silje Videsjorden.

Ho er seniorkonsulent ved studieseksjonen ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO), og har tilrettelegging som ei av arbeidsoppgåvene sine.

— Kva er det studentane ønskjer seg?

— For mange handlar det om tett oppfølging og rettleiing, og me ser at det er flest som tek kontakt om hausten, når dei nye studentane kjem. Ein del av studentane ønskjer seg tette band til faglærar, noko dei truleg er vane med frå vidaregåande skule, og dei ønskjer å kunne vera godt førebudde på den nye kvardagen. Men så verkar det som dei landar litt til neste semester, seier Videsjorden.

Korleis tilrettelegga praksis

Både ved NTNU og ved OsloMet ser ein ein auke i talet på studentar med ADHD- og Asberger-diagnose. Ved NTNU er det tilbod om meistringsgrupper for studentar med desse lidingane. I tillegg har universitetet mellom anna eigne informasjonsmøte for studentar som har dysleksi.

— Dei får tilgang til programmet Lingdys, som er noko mange av dei har brukt tidlegare i skuleløpet. Dette kan dei òg bruka på eksamen, seier Hanne Kvello.

Mange studentar ber om tilrettelegging på grunn av psykososiale vanskar. Desse studentane er det ikkje alltid så lett å legga til rette for, seier Eva Marie Ballo frå OsloMet.

— Mange av studia her hos oss har både praksis og obligatorisk trening på dugleikar. Me kan ikkje legga til rette på ein måte som gjer at studentane ikkje tilfredsstiller faglege krav.

Ballo seier at eit vanleg tilretteleggingstiltak er at studentane tek færre emne kvart studieår, altså ikkje held vanleg studieprogresjon.

— Obligatorisk oppmøte eller gruppeoppgåver er vanskeleg å kompensera med andre typar tiltak, seier ho.

Ein del studentar har hatt alternative eksamensformer på vidaregåande skule, til dømes i form av at dei har fått ha berre munnlege eksamenar. Men om ein får ha ein annan type eksamen enn medstudentane sine, er noko som må vurderast i kvart enkelt tilfelle, seier Ballo.

— Det er heller ikkje gitt at ein får ein personleg assistent, slik nokre av studentane er vane med frå grunn- eller vidaregåande skule.

Også ved UiO er det nokre gongar der det er vanskeleg å tilrettelegga slik studentane ønskjer. Silje Videsjorden seier at kvar søknad om til dømes fritak frå obligatoriske arbeidskrav eller oppmøte er noko som vert gått nøye gjennom saman med fagmiljøet.

— Obligatoriske aktivitetar, inkludert oppmøte og andre oppgåver, vert det informert om på emnesidene. Dette er knytt til emnet sine faglege krav og læringsmål. Det betyr ikkje at ein ikkje skal kunne tilrettelegga i desse sakene, men ein må alltid sjå det opp mot dei faglege krava. Eg opplever at fagmiljøa strekkjer seg langt for å finna løysingar, seier seniorkonsulenten.

Høgare utdanning er for alle, seier Oscar Dos Santos Hellberg-Kvalsvik. Han er oppteken av at det ikkje må stå på pengane.

Snakkar seg gjennom eksamen

Oscar Dos Santos Hellberg-Kvalsvik har hatt ekstra stipend frå Lånekassen, men no har han ein deltidsjobb. Han har òg fått tilbod om å ta færre studiepoeng i semesteret, men har takka nei til det.

— Eg får tilrettelegging av eksamen, på den måten at eg får ekstra tid, og så får eg sitja på eit eige rom. Det som fungerer for meg, er å snakka gjennom det svaret eg skal gi — høgt for meg sjølv, seier han.

Den tidlegare studentpolitikaren, og framleis studenttillitsvalde, er oppteken av at høgare utdanning skal vera for alle. Han seier at studentar opplever at universitet og høgskular ikkje gjer nok for studentar som treng tilrettelegging.

— Dei siste tjue åra har det vore ei sakte satsing på tilrettelegging. Tilrettelegging er heimla i lova, men ein ser det ikkje i løyvingane, seier Hellberg-Kvalsvik.

I universitets- og høgskulelova heiter det at «studenter med funksjonsnedsettelse og studenter med særskilte behov har rett til egnet individuell tilrettelegging av lærested, undervisning, praksis, læremidler og eksamen. Retten gjelder ikke tilrettelegging som innebærer en uforholdsmessig byrde for institusjonen».

— Denne formuleringa er vag, meiner Hellberg-Kvalsvik.

— Høgare utdanning er for alle, og då inneber det at det er tilfelle der ein må strekka seg langt. Slik det er i dag er det ein logisk brist i lovteksten: Alle skal med, men …

Han legg til:

— Men det skal seiast at ein er flinkare no enn før.

  

Powered by Labrador CMS