Debatt arna meisfjord

Svar til Svein Stølen: Politisk utenkeleg?

Det er imponerande å sjå korleis nettopp utdanningsrevolusjonen har vore med på å skape eit samfunn i Noreg med relativt små forskjellar mellom folk, skriv Arna Meisfjord.

Etter mitt syn er det på ingen måte «politisk utenkeleg» at konsekvensar av Strukturreforma kan føre til endringar, skriv Arna Meisfjord.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Takk til rektor Svein Stølen for svar i Khrono 30.04.21. Takk og for forståing for bekymringane i Distrikts-Noreg knytta til dei praksisretta profesjonsutdanningane som følgje av Strukturreforma – ikkje minst ein fusjon som i praksis resulterte i nedlegging av Høgskolen i Nesna. Vi er absolutt på line når Stølen gir uttrykk for redsel for at Strukturreforma har ført med seg meir einsretting og mindre mangfald og at han ser på reforma som problematisk.

Å fjerne ein utdanningsinstitusjon som har ei hundreårig historie, er eit grunnleggande utdanningspolitisk spørsmål som høyrer heime i regjering og Storting og ikkje i eit universitetsstyre.

Arna Meisfjord, tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna

Eg tenkjer det er svært viktig at vi som ser det problematiske ved Strukturreforma kommuniserer dette til politikarane, slik at dei uheldige konsekvensane kan rettast opp. Sjølv om Strukturreforma er vedteken, så er det ikkje slik at denne reforma er skriven i stein. Heldigvis er det slik at vi alle kan lære av erfaringar og vi må evne å ta inn over oss korleis røyndomen ser ut og vere audmjuke i møte med det verkelege livet.

Når store næringsaktørar som Aino Olaisen tek initiativ til prosjektet Framtida si distriktsskole og sterkt understrekar at utan vidareføring av Høgskolen i Nesna, vil det bli vanskeleg å rekruttere lærarar, barnehagelærarar og sjukepleiarar til velferdsstaten sine tilbod i Distrikts-Noreg, er det grunn til å lytte. Når Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet understrekar verdien av høgare utdanningsinstitusjonar for å sikre busetting over heile landet, då bør både politikarar og akademia følgje opp.

Etter mitt syn er det på ingen måte «politisk utenkeleg» at konsekvensar av Strukturreforma kan føre til endringar. Faktisk er ein slik politisk tanke alt tenkt. Nyleg la Senterpartiet fram eit Dok. 8-forslag i Stortinget om å reetablere Høgskolen i Nesna. Fire av opposisjonspartia på Stortinget stemte for dette. Fem politiske parti har forplikta seg til å arbeide for reetablering av lærar- og barnehagelærarutdanninga på Nesna etter valet hausten 2021.

Rektor Stølen understrekar at han er for autonomi for akademia. Samstundes erkjenner han sentrale styresmakter sin legitime rett og plikt til å styre utdanningssektoren, men då i det store og ikkje i det små. Då tenkjer eg det blir viktig å klårgjere kva som er stort og kva som er smått i denne samanhengen. Eg vil argumentere for at det er meir klårgjerande å bruke omgrepa politisk og fagleg, men uansett må vi klårgjere kva vi meiner.

Å fjerne ein utdanningsinstitusjon som har ei hundreårig historie, er eit grunnleggande utdanningspolitisk spørsmål som høyrer heime i regjering og Storting og ikkje i eit universitetsstyre. Ved å lage eit lovverk som reduserer dei folkevalde sitt styringsansvar for strukturen av høgare utdanning, blir samstundes folk sin demokratiske innverknad på korleis landet vårt skal sjå ut, sterkt redusert. For dei høgare utdanningsinstitusjonane har store samfunnsmessige konsekvensar for busetting, rekruttering av fagpersonale og moglegheit til forsking og utviklingsarbeid over heile landet.

Stølen understrekar at det er viktig at politikarane forstår skilnaden på kva som er legitimt å styre politisk og kva som ikkje er det. Eg vil understreke at det er minst like viktig at akademia forstår det og at vi må jobbe for ei sameint forståing. Då Nord universitet vedtok å legge ned campus Nesna i juni 2019, fekk vi sjå ein spesiell allianse mellom Nord universitet og regjeringa Solberg. Her var det så menn ingen armlengds avstand mellom Nord universitet og politikarane. Dette er grundig dokumentert i boka Kampen om campus Nesna. (Sigurd Allern, red)

(les videre under AnnonseN)

Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

I artikkelen Gi meg ti minutter, sa avdelingsdirektør Larsen, omtalar Tor-Helge Allern ein «dialog» mellom styreleiar Vigdis Moe Skarstein, Nord universitet og avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, Rolf Larsen, som tyder på tett kontakt i grenselandet mellom fagleg og politisk styring. I det minste må ein slik praksis vere utgangspunkt for ein kritisk analyse av kva som er akseptabel styring, både sett ut frå akademia og frå ein politisk ståstad.

Kunnskap er makt var og er ei sentral forståing innom arbeidarrørsla, kvinnerørsla og hos folk i distrikta. Kampen for kunnskap har vore avgjerande for at politikarane i Noreg har vedteke målsettinga om å gje utdanning og likeverdige levekår uavhengig av kjønn, økonomi eller geografi. Då presten Ivar Hjellvik kom til Nesna i 1918, vart han klår over den store lærarmangelen i Nordland og Distrikts-Noreg. Fordi han sjølv var universitetsutdanna, var han i posisjon for å gjere noko med det. Han skjøna at han hadde eit samfunnsansvar og hausten 1918 kunne femti elevar (det heitte ikkje studentar den gongen) starte på Nesna private lærarskule. Halvparten av desse var kvinner. Dei fleste kom frå svært fattige kår og Noreg hadde på denne tida to pandemiar å sti med, både spanskesjuka og tuberkulosen.

Det er imponerande å sjå korleis nettopp utdanningsrevolusjonen har vore med på å skape eit samfunn i Noreg med relativt små forskjellar mellom folk. Men dette er verdiar som ikkje er oppnådd ein gong for alle. Det er stadig grunn til å understreke viktigheita av å ta eit samfunnsansvar, både for politikarar og akademia.

Powered by Labrador CMS