koronasmitte i trondheim

Studentane registrerer seg ikkje. No må Simon sitja i karantene

Simon Folkman Hedland får ei roleg helg — og veke. Fordi ikkje alle NTNU-studentar registrerer seg på førelesing, må han sitja ei veke i karantene.

Simon Folkman Hedland satsar på ei fin, men roleg helg, i kollektivet i Trondheim.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein barbershop og to utestadar i Trodheim ser, ifølgje Adresseavisen, ut til å vera utgangsstadane for eit smitteutbrot i byen. Som ved fleire lokale smitteutbrot denne hausten, er det først og fremst dei unge som vert smitta.

Ein av dei som har vorte smitta, var på førelesing på NTNU måndag 12. oktober. Der var Simon Folkman Hedland òg. Torsdag vart han kontakta med beskjed om å gå i karantene. Fordi ikkje alle studentane registrerer seg når dei kjem til førelesing, må alle ein veit har vore til stades gå i karantene. Det sa kommuneoverlege Tove Røsstad til NRK fredag.

— Så lenge ikkje alle registrerer kva plass dei sit på, fungerer ikkje registreringa godt nok til at me klarar å unngå dei som ikkje treng å gå i karantene, sa Røsstad.

Tusen personar sit no i karantene i byen, skriv NRK.

Etterlyser betre kontroll

Dette betyr at det vert ei roleg helg for Hedland. Han bur i kollektiv saman med fleire andre og katten sin, så han vert ikkje heilt åleine.

— Eg meiner det er synd at studentane er dårlege til å registrera seg, men eg synest samstundes at NTNU ikkje har god nok kontroll på registreringa, skriv han i ein epost til Khrono.

Han meiner NTNU bør ta ansvar for at registreringa vert gjennomført før undervisninga startar.

— Det er NTNU sitt ansvar å finna ut korleis dette skal gjennomførast, men eit forslag kan vera eit system der førelesaren ikkje startar undervisninga før vedkommande har oversikt over at alle er registrert med nummerert plass, seier Hedland.

— Slik systemet fungerer i dag, må ein spørja seg om det i heile tatt er vits med registrering dersom NTNU brukar mangel på registrering som argument for at studentar sit i karantene.

Som Khrono har skrive, er løysingane for å registrera studentar på førelesing ulike frå institusjon til institusjon. Løysinga ved NTNU har vore både debattert og kritisert. Registreringa var òg tema då universitetet hadde koronamøte med studentane. Då sa prorektor Marit Reitan at dersom studentane faktisk sjekkar inn, kan færre måtte gå i karantene ved eit eventuelt utbrot.

— Me må vita kven som har vore utsett for smitte. Dette er det viktigaste de kan gjera for at me framleis skal kunne halda campus open, sa Reitan.

Men NTNU har ikkje heimel til å pålegga studentane å registrera seg. Faglærar skal difor minna studentane på å registrera seg. Det skriv Reitan i ein epost til Khrono.

— Kommunen har høve til å pålegga NTNU registrering. Me er i dialog med Trondheim kommune om eit eventuelt pålegg, men ønskjer i første omgang å prøva å koma i mål utan bruk av tvang, seier Reitan, og legg til at NTNU følgjer nøye med på registreringsstatistikken for å sjå om dei når måla.

Demotiverande

Til NRK sa Hedland at han aldri var nærare nokon enn ein meter under den aktuelle førelesinga. Han vaska hender og brukte sprit.

— Eg synest dette er unødvendig. Eg kunne vore like nær ein smitta på bussen eller på butikken, sa Hedland.

Han er redd ikkje alle kjem til å ta beskjeden om å gå i karantene på alvor.

— Eg fekk beskjed om å testa meg sju dagar etter å ha vore i førelesingssalen, men må likevel sitja tre dagar til i karantene sjølv om testen skulle vera negativ. Det er ekstra demotiverande, seier studenten til Khrono.

Han seier at med registreringsordninga ein har i dag, risikerer han å hamna i karantene på nytt ganske raskt.

Skal bidra til avgrensing

Det er vits at nokon registrerer seg sjølv om alle ikkje gjer det, seier Reitan, og viser til at det bidreg til betre smittesporing.

— Hovudpoenget med å registrera seg er ikkje å sleppa å gå i karantene, men å bidra til å avgrensa spreiing av smitte. Det er kjempeviktig at studentane skjønar det.

Reitan seier at i nokre tilfelle kan registrering avgrensa talet som må i karantene. Dei som ikkje har registrert seg, må i karantene uansett kor dei sat. Men:

— I store lokale kan studentar som har registrert seg og sat langt nok unna den smitta i undervisningsrommet, sleppa å gå i karantene. Jokeren er dersom den som er smitta ikkje har registrert seg — då slepp ingen unna.

Hedland stiller også spørsmål ved kvifor det tok fleire dagar før han fekk beskjed om at han hadde vore i førelesingssalen samstundes med ein smitta student.

Det kan ikkje Reitan svara på.

— Det er smittevernkontoret som sender ut varsel til studentane.

(Sak oppdatert 19.10 kl 8.46 med kommentarar frå Marit Reitan)

Powered by Labrador CMS