korona

Så mange studentar hatt fått påvist smitte

Over 250 studentar har fått påvist covid-19 etter semesterstart. Men ein kan ikkje vita om alle tilfelle er kjende.

Tredjeårsstudent Kaia Marie Strøm tok penselprøve i halsen tidlegare i sommar.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Bergen er undervisninga ved universitet og høgskular igjen digital, og alle tilsette som har høve til det, trygt plassert på heimekontor med avstand til kvarande. Bergen er no raudt smitteområde, og fleire nabokommunar ber, ifølgje Bergens Tidende, om at deira innbyggjarar ikkje reiser til regionhovudstaden - eller at bergensarar kjem til dei.

Sidan semesterstart har over 200 studentar i Bergen fått påvist koronasmitte. Som Khrono har skrive, høyrer dei aller fleste av desse heime i Bergen.

241 i Bergen

Per fredag 11. september er det meldt om 136 tilfelle ved Norges Handelshøyskole (NHH), 47 ved Universitetet i Bergen (UiB), elleve ved BI i Bergen, 39 ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), fem ved NLA Høgskolen i Bergen og tre ved VID i same by. Dette vil seia totalt 241 tilfelle. Tala er henta frå Bergens Tidende og Khrono sine eigne oversikter.

Det aller første tilfellet vart meldt ved UiB allereie den første studieveka, men det første utbrotet kom ved HVL. No meiner smittevernoverlege Karina Koller Løland i Bergen kommune at utbrotet i studentmiljøet har ført til eit større utbrot i byen, skriv Bergens Tidende. Samstundes fekk studentane ros då Bergen kommune hadde pressekonferanse torsdag, og talet på smitta studentar går no ned.

11. september er det ikkje meldt om eit einaste nytt smittetilfelle, skriv kommunikasjonsdirektør Geir Mikalsen i ein epost til Khrono fredag ettermiddag. Dette er den første dagen sidan 26.august det ikkje er meldt om eit einaste smittetilfelle.

Men sjølv om smittekurven no peikar rett veg, er det ikkje aktuelt å starta opp med aktivitetar på campus før tidlegast 21. september, skriv Mikalsen. Alle tilsette som kan, skal ha heimekontor.

Ber studentane rapportera sjølve

Sjølv om institusjonen har fått melding om mange, kan ein ikkje vera sikker på at utdanningsinstitusjonane har oversikt over alle smitta studentar.

— Kommunen sitt smittevernkontor ringjer studenten dersom han eller ho har fått påvist smitte. Då får studenten beskjed om å ta kontakt med studiestaden, seier Mikalsen til Khrono.

NHH har også ei eiga epostadresse ein skal gi beskjed til dersom ein vert smitta.

Universitetet i Bergen har same sjølvrapporteringssystem, med eitt skjema for tilsette og eitt for studentar.

Ved HVL var det, som Khrono har skrive, studentane sjølve som tok kontakt og varsla om dei første tilfella. Rektor Berit Rokne fortel om eit godt samarbeid med både studentar og kommunen.

— Me vert anten kontakta av kommunen, eller så tek me kontakt med dei dersom me har vorte varsla om smittetilfelle, for å sjekka at våre og kommunen sine opplysningar er dei same, seier Rokne.

16 i Oslo

Andre utdanningsinstitusjonar i landet rapporterer om langt færre smitta. Universitetet i Oslo (UiO) har den siste tida fått melding om to nye smitta studentar og to tilsette. Men UiO har ikkje ei totaloversikt over talet på koronasmitta, seier fungerande avdelingsdirektør for HMS og beredskap, Johan Løberg Tofte, til UiO sine nettisder.

— Det kan vera tilfelle der studentar og tilsette er smitta og ikkje har vore på UiO,og då vil det ikkje vera naturleg med tiltak. Me samarbeider godt med smittesporingsteama i bydelane, som varslar oss ved tilfelle der eventuelle studentar eller tilsette har vore på campus i perioden dei har vore smittsame, seier Tofte.

OsloMet har fått beskjed om seks smitta studentar og ein smitta tilsett så langt i haust, seier OsloMet-rektor Curt Rice til Forskerforum. BI i Oslo har hatt sju smittetilfelle. Universitetet i Sørøst-Noreg, Høyskolen Kristiania, NTNU og Høgskulen i Volda har alle hatt eitt smittetilfelle frå august fram til no.

Sju i Østfold

Lengst sør i landet, ved Universitetet i Agder, er omlag 40 studentar framleis i karantene. Ein student har vore nærkontakt til ein som har fått påvist smitte. Den første testen studenten tok var negativ, men vedkomande er testa for andre gong.

Høgskolen i Innlandet valte å stenga ned fysisk undervisning på studiestadane Blæstad og Hamar etter eit større utbrot på skular i området, men det er ikkje påvist smitte blant studentar.

Ved Høgskolen i Østfold er det sju studentar som har fått påvist smitte etter studiestart. Saman med Bergen er Østfold området som har hatt størst utbrot på seinsommaren.

26 000 smitta i USA

Forskerforum har òg skrive om talet på koronasmitta i USA. Ved amerikanske universitet er 26 000 personar smitta, og 64 døde.

Khrono har dessutan skrive om at universitet i fleire land går ei usikker økonomisk framtid i møte som følgje av pandemien.m

Powered by Labrador CMS