Illustrasjonsbilde fra aksjon ved NTNU. Foto: Privat

Som kvinneleg filosof har eg følt meg som ein dårleg feminist denne hausten

Kjønn. Ein arbeidsgivar som blant fleire gode kandidatar føretrekkjer den han trur vil vere mest effektiv gjer ikkje noko gale, han handlar berre rasjonelt, skriv Marit Vikan Sævareid.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg må vedgå at eg som kvinneleg filosof denne hausten har kjent meg som ein dårleg feminist. Sidan eg byrja å studere filosofihistorie seint på nittitalet har dei fleste filosofane eg har lese, skrive og etterkvart undervist om, vore menn, og alle diskusjonane omkring NTNU si nye ex.phil.-bok «Tanke og handling» har enda ikkje overtydd meg om at den tunge overvekta av menn i denne tradisjonen bør vere eit stort problem for jentene i førelesingssalen.

Eg håpar at meir forsking på forholdet mellom intelligens, kreativitet og psykisk helse etter kvart kan gi oss eit sunnare og meir mangfaldig system.

Marit Vikan Sævareid

Til forskjell frå 17. mai-talane handlar ikkje humanistisk forsking om å feire tradisjonen, men snarare om å problematisere han. Sjølve ordet tradisjon kjem av latinske tradere, som betyr å bere, det vi ber med oss på godt og vondt. For vår del er det historia om vitskap og demokrati, om alt det gode som ligg i omgrepet humanisme, men det er òg historia om framveksten av ein teknosentrisk kultur som er i ferd med å øydelegge planeten vår.

Dei kvite mennene som tradisjonelt har vore kongerekka på ex.phil.-pensum har mykje av æra for det første, men dei ber òg mykje av ansvaret for det siste. Faktorar som kjøn og klasse er utan tvil viktige. Like fullt kan ikkje menneska og ideane deira reduserast ned til desse. Som Truls Wyller, ein av forfattarane bak «Tanke og handling» fleire gonger har vore inne på finns det òg noko felles menneskeleg og universelt som filosofi og litteratur på sitt beste strekk seg imot.

Eit anna tema som har vorte heftig debattert er det generelle kvinneunderskotet i akademia. I likskap med diskusjonane omkring «Tanke og handling» vart også dette utløyst av ei hending ved ex.phil. på NTNU då det vart kjent at det i 10 utlyste stillingar vart tilsett 10 menn.

Få vil vel protestere på at kjønnsbalanse er ein god ting og noko det er verdt å jobbe for. Samstundes saknar eg i slike saker større medvit om at fleirkjønnsmodellar og aksept for ikkje binær kjønnsidentitet òg gjer at tradisjonell likestilling vert meir komplisert.

Vi veit ikkje lengre like klart kva vi meiner når vi seier mann og kvinne, er det noko biologisk eller er det meir snakk om ein spesifikk gender-identitet ? Transpersonar og andre frå LHGTQ+ miljøet har mint oss på at desse to ikkje alltid er samanfallande, noko som inneber at vi kanskje bør begynne å tenkje mindre matematisk kategorisk omkring desse tinga.

Det vert innimellom spekulert i om geni som Einstein, Newton, Wittgenstein m.fl kan ha vore på autismespekteret. Denne type spekulasjonar egnar seg godt til å halde i live myten om at Asperger syndrom og liknande tilstandar, som alle no går under nemninga Autism Spectrum Disorders (ASD), er ein fordel med tanke på intellektuelle prestasjonar. Slike personar er gjerne ekstra utrusta med omsyn til kreativitet og intelligens. Denne romantiseringa ser vekk både frå at dette slett ikkje alltid stemmer, og at det å gjere suksess i akademia handlar om meir enn intelligens.

Angst og depresjon er vanleg blant personar med ASD og ADHD, og om stress er eit problem for dei fleste menneske, vert desse av ulike grunnar ekstra hardt råka. Stort fokus på gjennomstrøyming og gjennomføring på normert tid gjer det vanskeleg for alle som treng tid og ro for å kunne prestere optimalt.

Eit anna skjer i sjøen, som no dukkar opp stadig oftare, heiter arbeidsintensive og innovative læringsformer. I praksis inneber desse innføring av obligatorisk oppmøte og gruppeinnleveringar i emne der dette tidlegare ikkje vart praktisert. No har personar med spesielle utfordringar gode rettar i Noreg og universell utforming sikrar at det ved opplegg som ovanfor nemnte er mogleg å søkje tilpassing.

Ikkje dermed sagt at dette alltid er hensiktsmessig, men uavhengig av kva du vel her er det likevel mogleg å komme seg gjennom utdanningsløpet. Er du heldig og har dei rette personane rundt deg, er det ikkje så vanskeleg å få i hamn ein A-master. Derifrå vert vegen derimot brattare.

Ein arbeidsgivar som vel vekk kvinner gjer noko gale. Det finns ikkje grunnlag for å tru at dei vil prestere dårlegare enn mannlege søkarar. Ein arbeidsgivar som blant fleire gode kandidatar føretrekkjer den han trur vil vere mest effektiv gjer derimot ikkje noko gale, han handlar berre rasjonelt.

Ulikt diskriminering av kvinner er ikkje ableisme og ageisme beklagelege hendingar, det er normalen, systemet når det fungerer optimalt. Det kan òg hende dette er bra, at metoden sikrar oss dei beste talenta, og så lenge personar med ekstra utfordringar har eigne rettar bør heller ikkje praksisen vere noko problem.

Eg håpar likevel at meir forsking på forholdet mellom intelligens, kreativitet og psykisk helse etter kvart kan gi oss eit sunnare og meir mangfaldig system. I det lange løp trur eg vi alle ville vore betre tente med det.

Powered by Labrador CMS