Debatt ● åse wetås
Slik styrkjer vi fagspråket for framtida
Nokre av strukturane som skal sikre norsk som eit sterkt fellesspråk i framtida, er urovekkjande svake. Det gjeld ikkje minst i universitets- og høgskulesektoren, skriv Åse Wetås.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I Khrono 1. september gir Ola Gunhildrud Berta, stipendiat ved Antropologisk institutt, Universitetet i Oslo, uttrykk for at situasjonen for norsk fagspråk er betre enn det inntrykket han meiner er skapt gjennom fleire innlegg i Khrono dette året. Han peikar på at det skjer mykje god fagformidling på norsk i aviser og leksikon, og åtvarar mot å presse unge forskarar til å publisere forskinga på norsk, fordi det vil setje dei på sida av den internasjonale samtalen.
Språkrådet er samd i at det skjer mykje god fagformidling på norsk, og Berta har rett i at mange forskarar gjer ein god innsats for å formidle faget sitt. Forskarar i Noreg skal ikkje bli pressa frå å publisere på engelsk når det er det mest høvelege språket for å nå eit internasjonalt forskingsmiljø. Men biletet Berta teiknar av norsk fagspråk, bør nyanserast. Innsatsen han skildrar er dessverre ikkje systematisk nok til at vi kan nå dei politiske måla som er sette for norsk fagspråk.
I dag veit vi at det er fem tidsskrift på nivå 2 som aksepterer forskingsbidrag på norsk eller andre skandinaviske språk.
Åse Wetås
Det er ikkje eit språkpolitisk mål at norske forskarar skal unngå å publisere på engelsk. Men det er viktig at det òg finst høgt rangerte publiseringskanalar på norsk. Det er viktig for forskingsbidrag der det er særlege grunnar til å bruke norsk (eller eit anna skandinavisk språk). Det kan gjelde forsking på skandinaviske språk, men òg forsking som rettar seg mot særnorske tilhøve og problemstillingar som er viktige for norsk samfunnsdebatt og politikk.
Døme på dette kan vere forsking på norsk arbeidsliv, juss eller kystnæringar. I dag veit vi at det er fem tidsskrift på nivå 2 som aksepterer forskingsbidrag på norsk eller andre skandinaviske språk. Tre av dei er juridiske, to ligg innanfor humaniora.
Det er eit problem dersom det einaste som blir sett på som verdfullt, er engelskspråkleg forsking som kan vekkje interesse hos eit internasjonalt forskingsmiljø. Einsidig vektlegging av at norsk forsking skal ha internasjonal relevans på kort sikt, kan føre til at særnorske tilhøve i mindre grad blir forska på, og til at dei tilknytte fagmiljøa blir bygde ned. Eit døme er forsking på stavkyrkjer.
I ein artikkel i Vårt Land i 2017 peikar Riksantikvaren på at forsking på mellomalderbygningar har vorte bygd ned på eit felt der Noreg faktisk forvaltar verdskulturarv.
Berta peikar på forskingsformidling i medium og leksikon for å vise at det står bra til med norsk fagspråk. Vi er samde i at det skjer mykje bra forskingsformidling gjennom Store norske leksikon, som fleire av dei største norske forskingsinstitusjonane er medeigarar i. Formidling i media er avhengig av entusiastar som tek seg «råd» til ein aktivitet som ikkje er meritterande. Det gjer denne formidlinga usystematisk og sårbar.
Språkrådets arbeid med norsk fagspråk er og skal vere langsiktig. Når vi somme tider ropar varsku, kan det vere for å peike på at strukturane av i dag kan føre til manglar i morgon. Når vi til dømes peikar på at studentane i dag må ha tilgang til læremiddel på norsk, er det fordi det vil gjere studentane tryggare på å kommunisere om faget sitt på norsk og såleis førebu dei på ein norsk arbeidsmarknad som etterspør kompetanse i norsk. Utvikling av lærebøker kan dessutan bidra til utarbeiding av norsk terminologi og til at terminologien blir kjend og teken i bruk av fleire.
Berta peikar på at mange fagfolk driv med formidling utan å få betalt for det, og utan at det får positive følgjer for karrieren. Det er også noko av problemet. I dag har vi eit system som i altfor liten grad premierer formidlingsdelen av samfunnsoppdraget til kunnskapsinstitusjonane. Formidlingsarbeid er grunnleggjande for den opplyste samfunnsdebatten og for demokratiet vårt. Det er altfor viktig til å bli premiert med knappar og glansbilete. Det er forventa at professorar og andre vitskapleg tilsette driv formidlingsarbeid, men insentiva manglar. Dette hastar det å gjere noko med.
Språkrådet meiner ikkje at norsk står i fare for å forsvinne. Derimot gjer dominansen til engelsk at norsk fagspråk er i ein utsett posisjon i universitets- og høgskulesektoren. Den gode fagformidlinga til eit breitt publikum er på sikt avhengig av at det blir utvikla norskspråkleg terminologi, at det blir skrive lærebøker på norsk, og at norske studentar blir trygge på å kommunisere om faget sitt på morsmålet. Berre slik legg vi grunnlaget for at også dei neste generasjonane av fagfolk skal bli gode formidlarar til ålmenta.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut