norsk fagspråk

Skeptisk til å dela språksenter i to

Språkrådet er skeptisk til at Forskingsrådet vil ha to senter for norsk fagspråk i staden for å samle all ekspertisen éin stad.

Språkrådet uttrykte ein viss skepsis då me såg at utlysinga frå Forskingsrådet opna for deling, seier direktør Åse Wetås.
Publisert Sist oppdatert

— Telemarksforskning peikar på Bergen, og det framstår som eit klokt og opplagt val, med den offensive språkstrategien dei har, sa Åse Wetås, direktør i Språkrådet, til Khrono sommaren 2023.

Då hadde Telemarksforskning levert ein rapport, på oppdrag frå nettopp Språkrådet, der dei hadde sett på alternativ for organisering av eit fast forsknings- og utviklingsmiljø for norsk språk.

«Vi anbefaler at et forskningssenter for norsk språk bygges opp ved Universitetet i Bergen, som en styrking av det eksisterende fagmiljøet knyttet til Språksamlingene med Termportalen og ordboksarbeidet», heitte det i rapporten.

Søndag kom meldinga om at det skal opprettast ikkje eitt, men to, senter for norsk fagspråk.

Ville samla dei små

— Målet vårt har vore å få opp eit permanent fagmiljø for norsk fagspråk, med disiplinar som terminologi, leksikografi, stadnamn og normering. Poenget var å få samla små miljø, så Språkrådet uttrykte ein viss skepsis då me såg at utlysinga frå Forskingsrådet opna for deling. Det er viktig at dette ikkje fører med seg at det går vekk mykje ekstra midlar til administrasjon, seier Wetås til Khrono dagen etter at nyheita om 80 millionar til Universitetet i Bergen (UiB) og 40 millionar til Universitetet i Oslo (UiO) kom.

I januar 2023 varsla dåverande statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Hoel, at det skulle koma ein eigen handlingsplan for norsk fagspråk. Både Språkrådet, Forskingsrådet, HK-dir, Nasjonalbiblioteket og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen (UiB) hadde vorte kontakta om å vera med på arbeidet, og same sommar kom planen.

Der heitte det mellom anna at ein skulle sikra berekraftige fagmiljø i norsk språkvitskap, inkludert mellom anna terminologi, leksikografi, namnegransking og språkteknologi, styrka arbeidet med utvikling av terminologi og å gjera denne tilgjengeleg og vidareføra og samordna ressursar til dei statleg finansierte ordboksprosjekta. 

— Handlingsplanen brukar omgrepet «berekraftige miljø». Men etter at denne planen vart lagt fram, har ikkje Språkrådet vore påkopla saka med å oppretta Senter for norsk fagspråk i det heile, så me kjenner ikkje til kva Forskingsrådet har tenkt i denne samanhengen, seier Wetås.

— Uansett er me no først og fremst veldig glade for at arbeidet har materialisert seg, og me ser fram til å samarbeida med dei to fagmiljøa.

Flytta over fjellet

Saka går mykje lenger tilbake enn til handlingsplanen frå 2023.

I 2014 vedtok Universitetet i Oslo at dei ikkje ville ta ansvar for språksamlingane, som dei hadde hatt både ansvar for og pengar for å forvalta sidan 1970-talet. Kunnskapsdepartementet vedtok i 2015 at Universitetet i Bergen skulle ta over ansvaret, og sommaren 2016 kom det lastebil etter lastebil frå aust med materiale.

I dag ligg Språksamlingane organisatorisk under Universitetsbiblioteket ved UiB, og revisjonen av Nynorskordboka og Bokmålsordboka har nyleg hatt ordboksfest.

— Me må gle oss over at det har kome etterverknader av det som vart gjort for ti år sidan. No har ein fått ein fagleg aktivitet som ein ikkje hadde fått om UiB ikkje hadde teke dette ansvaret, seier Johan Myking.

Han er professor emeritus i nordisk språkvitskap og var instituttleiar ved Institutt for lingvitsike, litterære og estetiske studium då språksamlingane kom til UiB.

— Kva tenkjer du om den delinga Forskingsrådet no har gjort?

— Eg har berre lese pressemeldingane som er komne, og utifrå dei ser det ut til at UiO har fått ansvar for språkteknologi. Det er vanskeleg å kritisera, seier Myking, og legg til:

— No kjem ein vel til å måtta snakka saman om kven som skal ha ansvar for kva.

Oppmodar til arbeidsdeling

Områdedirektør Benedicte Løseth i Forskingsrådet skriv i ein e-post til Khrono at begge søknadane som vart sendt inn vart vurdert som verdige å støtta.

— Ekspertpanelet vurderte at søknadane utfylte kvarandre på ein god måte og tilrådde at begge sentra skulle få tildeling, skriv ho.

— Vert det no ei slags arbeidsdeling mellom desse to?

— I tilbakemeldinga vår til søkjarane har me oppmoda til at sentra finn fram til ei arbeidsdeling seg imellom. Det er opp til sentra å avgjera i detalj korleis koordineringa og arbeidsdelinga skakl gå føre seg i praksis.

Søkte om alt

I pressemeldinga frå Forskingsrådet heiter det at senteret ved UiB, som får 80 millionar kroner, skal «koordinere en omfattende forskningsinnsats på tvers av språkvitenskapelige disipliner med fagspråk i sentrum. Målet er å utvikle og styrke norsk fagspråk, fra høyere utdanning til arbeidslivet og samfunnet, og utvikle utdanningstilbud i samarbeid mellom mange miljøer nasjonalt og internasjonalt». 

Senteret ved UiO, som får 40 millionar, skal «utvikle språkteknologiske ressurser for norsk fagspråk ved å gjennomføre empiriske studier om forutsetningene for bruk av norsk fagspråk og ved å utvikle gode tverrfaglige forsknings- og undervisningsmiljøer og samarbeid på tvers av institusjoner. Målet er å utvide kunnskapsgrunnlaget om og ivareta bruk av norsk som fagspråk i forskning, høyere utdanning og forvaltning».

I utlysingsteksten frå Forskingsrådet vart det vist til «senteret/sentra», og det heitte at «samlet skal tildelingen til senteret/sentrene dekke alle tematiske områder i utlysningen».

Khrono har bede om innsyn i søknadane frå UiO og UiB, men har fått avslag på dette frå Forskingsrådet. 

Men førsteamanuensis Marita Kristiansen, som skal leia senteret ved UiB, stadfestar at dei leverte ein søknad som inneheld alle punkta i utlysinga.

— Me er strålande nøgde med å ha fått midlar. Men me har ein jobb å gjera med å modifisera den søknaden me har skrive, seier ho.

Tidleg i mars vert det eit møte med Forskingsrådet i samband med tildelinga.

— Når ein får slike summar, er det ofte snakk om menneske. Er det stipendiatstillingar de vil bruka pengane på?

— Me ønskjer å bruka midlar på å utvikla nye fagpersonar, så stillingar vert ein del av det, ja. Så er planen at forskarane mellom anna kan utvikla nye undervisningsemne.

Saka er oppdatert 18. februar kl 8.37 med kommentarar frå Forskingsrådet

Powered by Labrador CMS