Debatt ● wiggo hustad
Skal vi kaste ut Facebook?
Potensielt alle som studerer i Norge får delar av sin aktivitet registrert av teknologiselskap som Facebook, utan at dei veit kva selskapa nyttar slike data til, skriv Wiggo Hustad.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Gjennom lang tid har einskildforskarar, datatryggleiksmiljø og juristar innan personvern peika på at det er mange og store problem med både algoritmekonstruksjonar, forretningsmodell (-ar) og etiske standardar hos selskap som Facebook (no Meta), Google og Youtube.
Datatilsynet her til lands har fjerna si Facebook-side, og har oppmoda andre statlege verksemder om å vurdere dette seriøst. Høgskulen på Vestlandet har ein slik prosess gåande no.
Våren 2021 heldt Media City Bergen ein framifrå konferanse som både underbygde den gryande oppfatninga av at både selskapsmodellar og teknologival har problematiske slagsider, samt peika på at den same teknologien kan vere avgjerande for å løyse store og samansette globale problem.
Det er relativt velkjent at tenestene til desse selskapa er basert på feedback-/maskinlæringsalgoritmar som i si form er orientert slik at dei lærer kva vi likar, og gir oss meir av det same. Dette kombinert med omfattande produksjon av «fake news» resulterer at vi får stadig meir av potensielt einsidig informasjon eller usann kunnskap — som vi til overmål likar og legg til grunn for vår åtferd.
Når kjelda til nyhende for store delar av befolkninga i visse høve berre er denne typen, får vi ei potensielt livsfarleg polarisering, i alle fall redusert mangfald i samfunn der den frie pressa er svak, fråverande eller prega av klikkhoreri.
Desse selskapa — og andre som er meir direkte marknadsføringsselskap — handlar med data om oss som vare. Vi er såleis ikkje tenestemottakarar for slike selskap, vi er produktet.
Wiggo Hustad, avdelingsleiar for organisasjonsutvikling og digitalisering (HVL)
Det er til dømes tvillaust at algoritmane til Facebook vart (ut-) nytta til å påverke veljaråtferda hos bestemte grupper i USA, og at Facebook var klar over dette. Dette hadde konsekvensar for valutfallet i 2016 — det vil seie at Hillary Clinton tapte mot Donald Trump. At ho tapte er ikkje poenget her. Men at det skjedde med bevisst manipulasjon av bestemte veljargrupper er det.
Google Analytics — og dei fleste andre — kan ikkje garantere oss om at dei ikkje deler data om oss til tredjepart. Desse selskapa — og andre som er meir direkte marknadsføringsselskap — handlar med data om oss som vare. Vi er såleis ikkje tenestemottakarar for slike selskap, vi er produktet.
Fleire datatilsyn i Europa åtvarar mot konsekvensane av at denne praksisen held fram, og gjer vedtak om at den er ulovleg. Heller ikkje her finst det nokon «free lunsj», om ein uforvarande skulle tru det.
Men dette har vel ikkje noko å seie for oss i universitets- og høgskulesektoren. Vi er vel meir kunnskapsrike enn som så, og held vår sti rein? Tja, gjer vi det? Alle norske universitet og høgskular har etter det eg kan sjå eigne Facebook-sider og nyttar Twitter og Instagram.
Truleg nyttar dei fleste kommunikasjonsavdelingane Google Analytics. Det vil seie at potensielt alle som studerer i Norge får delar av sin aktivitet registrert av desse selskapa, utan at dei veit kva selskapa nyttar slike data til. Og enno verre; utan at leiinga ved UH-institusjonane er tilstrekkeleg medvitne om denne praksisen.
Siste steg i denne utviklinga er knytt til Meta og Virtual Reality-løysingar som potensielt kan kontrollere sosial samhandling i enno større grad enn den vi har sett så langt.
UH-sektoren er inne i sin andre digitaliseringsstrategiperiode. I september kom den nye. Denne strategien følgjer opp det instrumentelle perspektivet i den førre. På mange måtar bra og naudsynt.
Det er viktig å bli betre til å utnytte ressursar på tvers, og det er viktig å sikre både tilsette og studentar kunnskap om bruk av teknologi i utdanning, forsking og seinare arbeid. Vi legg denne strategien tungt til grunn for mykje digitaliseringsstrev i HVL om dagen.
Problemet er at det er vanskeleg å få auge på institusjonstypens ethos i strategien, sjølv om delingsambisjonane sikkert har både instrumentelle og institusjonelle grunngjevingar.
Vår institusjonstype kan ikkje basere si verksemd på det umiddelbart nyttige og forenklande. Dette poenget vart løfta fram i vår høyringsuttale i samband med strategiarbeidet i august 2021.
Vi held fram synspunktet her: Sektoren må ha djervare mål for det vi held på med, enn å velje lettvinte teknologiløysingar for å tekkast det umiddelbart effektive.
Tilbake til konferansen hos Media City Bergen: Der vart det også peika på at teknologibruken var avgjerande for å sette fart på kunnskapsdeling på viktige område, både innan pandemiutfordringar, berekraftproblem og å stille teknologisk infrastruktur til rådvelde i område der statar enten var svake eller for einsrettande.
Og for å ha det slege fast: I Høgskulen på Vestlandet har vi deling som ein av våre sentrale verdiar. Teknologi er mogeleg å forstå som å kunne vere i «det gode si teneste», og vi vil bruke denne basisteknologien til samarbeid om stadig nye problem og utfordringar.
Spørsmålet er: Skal vi som internasjonal UH-sektor overlate stadig større del av kontrollen av informasjonsstraumane til organisasjonar og system som beviseleg ikkje er interesserte i sanning? Svaret er sjølvsagt nei.
Og da vert neste spørsmål: Korleis skal vi gå fram for både å rydde opp i informasjonssvineriet, og samstundes sikre oss at ulike folk, grupper og nasjonar har tilgang til tenleg teknologi, brei informasjon og kunnskap dei kan stole på er rimeleg sann?
Eg kan ikkje sjå nokon annan internasjonal struktur enn UH-sektoren. Sjølv med sine utfordringar, er det den einaste som har som idé å søke sanning — basert på metodar som har global oppslutning. Den er ein av få med betydelege etablerte datanettverk, som sikrar delingsrom for systematisk, kritisk sanningssøking.
Difor må både statsråd, statssekretær, rektorar og alle vi andre bidra tyngre til at ein nyttar og vidareutviklar denne internasjonale strukturen, og samstundes svekke den «andre» som er prega av umoral og manglande omsut for sanning. Det er ikkje skadeleg om dette initiativet er norsk.
Så svaret på det innleiande spørsmålet er etter mitt syn ja, og ikkje berre Facebook — men det krev at vi handlar i samsvar med vårt ethos i vår avgjerd om etablere eit internasjonalt alternativ. Det er nokså udanna å handle som vi gjer no.
Les også:
Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside
Nyeste artikler
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor
Har du planer om å mase på ungdommens utdanningsplaner i jula?
Khrono søker nyhetsjournalist
Regjeringen tvinger fram nye studiesteder. Nå står Kongsvinger for tur
En stortingsmelding bygd på ønsketenkning?
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut