Statsråd Iselin Nybø saman med Johann Roppen i august i år. No er det Nybø sitt departement som skal avgjera personalsaka frå Høgskulen i Volda. Foto: Øystein Torheim
Statsråd Iselin Nybø saman med Johann Roppen i august i år. No er det Nybø sitt departement som skal avgjera personalsaka frå Høgskulen i Volda. Foto: Øystein Torheim

Sender Rotevatn-klage til departementet

Klage. Kunnskapsdepartementet skal avgjera om Høgskulen i Volda hadde rett til å omplassera dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Publisert Oppdatert

I byrjinga av august valte leiinga ved Høgskulen i Volda å gjera ei såkalla mellombels omplasering av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Bakgrunnen er ei arbeidsmiljøsak ved Avdeling for mediefag, der Rotevatn er dekan. Rotevatn klaga på avgjerdsla.

Fakta

Rotevatn-saka i Volda

I november 2018 ble det gjennomført en ARK-undersøkelse (arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelse) ved Høgskulen i Volda.

En ARK-undersøkelsen fra november 2018 ga så mange negative funn for Avdeling for mediefag at Høgskulen i Volda mente det var grunnlag for å undersøke situasjonen nærmere.

I samarbeid med Stamina Helse ble det gjennomført en anonym medarbeiderundersøkelse der alle ansatte har deltatt i april 2019.

5. juni ble først ledelse, så de ansatte presentert for hovedfunnene i rapporten.

Hovedkonklusjon: Arbeidsmiljøet er ikke fullt ut forsvarlig, det foreligger brudd på arbeidsmiljølovens paragraf 4-1. Arbeidsgiver har plikt til å gripe fatt i situasjonen og gjenopprette et fullt ut forsvarlig arbeidsmiljø.

På styremøter gjennom sommeren blir saken håndtert. 10. august vedtar ledelsen ved høgskolen å midlertidig omplassere dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Dette klager Rotevatn på, men Høgskulen i Volda nekter å behandle klagen.

Kunnskapsdepartementet overprøver dem, og pålegger høgskolen å behandle klagen snarest mulig.

Det skjer 25. oktober. Styret tar ikke klagen til følge.

Torsdag 5. desember hadde styrets klagen fra Rotevatn til annen gangs behandling. Den blir igjen avvist og er nå sendt videre til departementet.

1. februar 2020 går den 6 måneder lange perioden for den midlertidige omplasseringen av Rotevatn ut.

No er saka på veg til Kunnskapsdepartementet for andre gong, etter at styret ved høgskulen handsama henne for andre gong denne veka.

— Styret stadfesta vedtaket frå førre møte. Klagen vert no sendt vidare til Kunnskapsdepartementet.

Det skriv rektor Johann Roppen i ein sms til Khrono.

Fekk støtte frå departementet

Rotevatn klaga først til departementet etter at høgskulestyret ikkje fekk saka til handsaming. Ho fekk støtte i at saka skulle opp i styret, og ho skulle få koma til orde. Dette skjedde då styret hadde møte i Fosnavåg i oktober. Der fatta styret vedtok om at dei ikkje ville realitetshandsama saka fordi det ikkje var fatta noko enkeltvedtak ein kunne klaga på.

Klagen vert no sendt vidare til Kunnskapsdepartementet.

Johann Roppen

Tilrådinga frå leiinga før desember-møtet var det styret vedtok: Å stadfesta vedtaket frå førre møte.

Det betyr at det er Kunnskapsdepartementet, som er leia av forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, som får saka på sitt bord. Nybø kommenterte saka så vidt då ho var i Volda i samband med studiestart.

— Konflikta må løysast lokalt, sa Nybø då.

Har brukt nesten fire månader

Geir Waage Aurdal i fagforeininga Samfunnsviterne er Rotevatn sin rådgivar i denne saka.

— At klaga no går til departementet er som forventa, svarar Aurdal kort på sms i etterkant av styremøtet.

Då Khrono snakka med han før styremøtet sa han at tidsbruken til høgskulen i denne saka er oppsiktsvekkjande. Han viste til at styret har nytta Skype-møte i andre samanhengar, og at dei no har brukt nesten fire månader på å handsama klagen.

Det er Odd Ragnar Hunnes som no er konstituert som dekan ved Avdeling for mediefag.

1. februar går halvåret med mellombels omplassering ut. Rektor Roppen ville ikkje seia noko til Khrono om kva som er planen frå denne datoen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!