Dei tilsette på Avdeling for mediefag – inkludert avdelingsleiinga – held til i Ivar Aasen-huset på Høgskulen i Volda. Foto: Veronica Kvalen Pilskog/Høgskulen i Volda

Klagar omplassering inn til departementet

Volda. Klagesaka til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn endar hos Kunnskapsdepartementet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Volda (Khrono): Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har klaga på at leiinga ved Høgskulen i Volda vil omplassera henne. No hamnar saka hos Kunnskapsdepartementet.

— Det er med undring me ser at styreleiar ikkje har sett klagesaka på saklista over vedtakssaker. Styret får ikkje realitetsbehandla saka. Konsekvensen av dette er at me sender klagesaka til departementet, skriv Geir Waage Aurdal i fagforeininga Samfunnsviterne i ein sms til Khrono.

Han forklarer dette med at etter forvaltningslova skal klaga behandlast av same organ som har fatta vedtaket, altså styret ved høgskulen.

Styret vedtok å mellombels omplassera Rotevatn som dekan. Etter forvaltningslova skal klaga verta behandla av same organ som har fatta vedtaket, altså styret ved høgskulen.

Geir Waage Aurdal

Aurdal støttar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn etter at ho i sommar vart mellombels omplassert. Rotevatn var dekan ved Avdeling for mediefag, der det har vore ei arbeidsmiljøsak.

I morgon, torsdag 12. september, skal det nye styret på Høgskulen i Volda for første gong møtast fysisk. Men det er ikkje det første møtet deira. Den 9. august vart det nye styret orientert om situasjonen ved Avdeling for mediefag på høgskulen.

Rektor Johann Roppen fortel at styret denne dagen vart orientert om saka på avdelinga, og om leiinga si avgjerd om å omplassera Rotevatn.

— Det er viktig å merka seg at det er leiinga ved høgskule som tek ei slik avgjerd, ikkje styret. Men styret vart orientert om situasjonen, fortel Roppen til Khrono.

Berre orienteringssak

Nyheita om at dekan Rotevatn frå 12. august skulle verta mellombels omplassert og får arbeidsplass i den sentrale høgskuleleiinga ved Høgskulen i Volda, vart offentleg kjent laurdag 10. august, dagen etter det ekstraordinære styremøtet.

Dosent Odd Ragnar Hunnes vart konstituert som dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda med verknad frå 12. august.

Rotevatn har klaga på vedtaket gjennom fagforeininga Samfunnsviterne. Måndag 26. august sende Høgskulen i Volda svar til henne.

Rotevatn-saka skal opp i styret to gonger; først som ei orienteringssak med tittelen «Orientering dekan AMF». Denne saka har sakspapir som er unnatekne offentlegheit. Khrono har bede om innsyn i desse. Den andre saka er ei sak om ARK-undersøkinga ved Avdeling for mediefag. I saka står det at det vil ta tid å gjenoppretta eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø ved avdelinga. Styret er bede om å ta orienteringa til vitande, og skal altså ikkje gjera noko vedtak i denne saka heller.

— Styret vedtok å mellombels omplassera Rotevatn som dekan. Etter forvaltningslova skal klaga verta behandla av same organ som har gjort vedtaket, altså styret ved høgskulen, skriv Aurdal i same smsen.

Flere ukjende høgskulestyremøte

Det gamle styret på høgskulen hadde møte 29. juli, noko som er kjent. Men dei hadde også eit møte 31. juli som ikkje har vore omtala tidlegare.

Det nye styret på høgskulen hadde sitt aller første, og ekstraordinære, møte 9. august. På dette møtet vart protokollar frå begge julimøta godkjende.

— De har hatt fleire ekstraordinære møte den siste tida. Har alle handla om denne saka?

Styret måtte ta stilling til om rektor Johann Roppen er habil i Rotevatn-saka. Foto: Øystein Torheim

— Det er naturlig at me har halde det gamle, men no også det nye styret, godt orientert om ei så stor og viktig sak, svarar Roppen til dette.

I protokollen frå 9. august går det fram at dåverande advokat for Rotevatn hadde stilt spørsmål om Roppen sin habilitet i saka.

I protokollen heiter det:

«Merknad: I skriv frå advokat Lerheim av 7.8.19. vert det reist tvil om rektor Roppens habilitet i saka. Roppen gjekk difor frå møtet, og prorektor Tonheim var ordstyrar medan styret drøfta habilitetsspørsmålet. Styret fann Roppen habil (samrøystes). Han vart kalla inn att i møtet og overtok igjen møteleiinga.»

Til sjølve saka på møtet heiter det i protokollen:

«Vedtak: Styret viser til tidlegare handsaming av saka og tek orienteringa om oppfølginga til vitande.»

Direktøren er på plass igjen

Fra 2. september er høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen på plass i direktørstolen.

Professor Per Halse har fungert som direktør, medan Jacobsen har hatt foreldrepermisjon. Det vert difor ho som sit ved sida av Roppen i møtet torsdag. Det første, fysiske møtet startar med eit kurs i styrearbeid. Deretter er det ei ganske lang saksliste dei skal gjennom. Men ei av sakene som var tema fleire gonger i førre styreperioden, er ikkje på dagsorden: Fusjon. Fusjon, det såkalla «f-ordet», var debattert i styret seinast i vår. Terje Heggem, som no har gått ut av styret, var ein av dei som var kritisk til Roppen sin åleinegang-tanke.

— Asterix var liten og sterk, men reiste ut og fekk inspirasjon, seier Johann Roppen.

Volda er, saman med Høgskulen i Molde, to små høgskular på det lange Vestlandet. I Bergen og Trondheim er det universitet, og i det som i nokre månader til heiter Hordaland og Sogn og Fjordane finn ein Høgskulen på Vestlandet.

Det er ikkje så opplagt for oss å sjå til verken Bergen eller Trondheim.

Johann Roppen

I Volda har det vore lærarutdanning sidan 1895, fortel Roppen. Den gongen var dei andre lærarskulane på Stord og i Klæbo. Volda ligg om lag midt mellom desse to stadene, og i 1923 låg landets største høgskule i bygda på Søre Sunnmøre.

Rektoren viser til geografien når han skal forklara kvifor høgskulen han leier bør vera åleine.

— Det er ikkje så opplagt for oss å sjå til verken Bergen eller Trondheim. To tredelar av studentane våre kjem frå Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal, seier Roppen.

I tillegg til lærarutdanning tilbyr høgskulen mellom anna mediefag og utdanning som barnevernspedagog og sosionom. Alle desse linjene trekkjer til seg søkjarar frå heile landet. Det same gjer tilbodet innan idrett og friluftsliv.

— På årsstudiet har me åtte-ni søkjarar til kvar studieplass. Mange av dei som tek dette studiet ønskjer å arbeida som naturguidar, seier Roppen.

Publiserer for lite

Men det som skal diskuterast, er altså tilbakemeldinga frå eigar-departementet. I sakspapira heiter det at delen studentar som gjennomfører studiet er ganske bra, med unntak av grunnskulelærarutdanninga. Men ser ein på vitskapeleg publisering, har denne gått ned dei siste åra. I sakspapira vert det peika på fire utfordringar:

  • Forskingsproduksjon
  • Ekstern finansiering av forsking frå Forskingsrådet og EU
  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7.
  • Gjennomføring på master

Det heiter at fleire etablerte forskarar har eller vil slutta, og det kan gjera det vanskeleg å betra utviklinga i publisering på kort sikt.

— Det er berre 25 år sidan høgskulane fekk lov til å tilsetja professorar, seier Roppen.

Høgskulen har 210 faglege årsverk. Om lag halvparten av desse er tilsette med doktorgrad. Høgskulen har 25 professorar.

Men å få vitskapeleg tilsette med topp-kompetanse til Volda, er ikkje så lett. Høgskulen har difor sett i gang eit prosjekt der tilsette i fast stilling i løpet av fem år kan bruka tre år berre på forsking.

Nybø kjem neste gong

Styret i Volda er heilt nytt, med berre ein representant som sit att frå førre perioden. I oktober-møtet vert det styreseminar, med utviklingsavtalen til Kunnskapsdepartementet som hovudtema. Til dette møtet har rektor Roppen invitert Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister. Ho kjem til Volda for andre gong i løpet av nokre månader.

— I vår fekk Nybø ein invitasjon både til semesteropning og til å møta det nye styret, og jammen har jo sagt ja til begge deler. Det set me pris på, seier Roppen.

(Saka er oppdatert med bilete av Ivar Aasen-huset der dei tilsette i Avdeling for mediefag held til.)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS