Dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og rådgivar Geir Waage Aurdal på veg inn for å legga fram saka si for høgskulestyret i oktober i år. Foto: Hilde Kristin Strand

Rektor Roppen ber styret avvisa klage frå dekan Rotevatn for andre gong

Arbeidsmiljø. Høgskulestyret i Volda avviste i førre møte klagen frå dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. No tilrår høgskuleleiinga at styret avviser ei ny klage frå dekanen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert 4.desember kl 20.34 med kommentar frå Samfunnsviterne)

I førre styremøte avviste høgskulestyret ved Høgskulen i Volda klagen frå Audhild Gregoriusdotter Rotevatn på formelt grunnlag. Ho er dekan ved Avdeling for mediefag, men vart i august omplassert etter ei arbeidsmiljøsak. Avdelinga ho leiar skåra dårlegare enn resten av høgskulen i ei arbeidsmiljøundersøking, det skal òg vera personkonflikter ved avdelinga.

Styret vedtok i oktobermøtet at dei ikkje ville realitetshandsama klagen, fordi det ikkje var fatta eit enkeltvedtak som kan klagast på.

Fakta

Styret i Volda 2019-2023

Inger Østensjø, prosjektleder i Stavanger kommune, satt også i det forrige styret, hun er den eneste som har blitt reoppnevnt.

Geir Terje Ruud, utviklingsdirektør i NTB med digitalisering i mediebransjen som spesialfelt.

Roar Tobro, leder avdeling for virksomhetsstyring ved NTNU.

Bodil Palma Hollingsæter har vært direktør for Innovasjon Norge Møre og Romsdal og er nå spesialrådgiver.

Ansattes representanter:

Teknisk/administrativt: Cecilie Røeggen

Faglige representantar: førsteamanuensis Eirik Søvik ved Institutt for realfag, førsteamanuensis Silje Louise Dahl ved institutt for sosialfag og førsteamanuensis Randi Myklebust ved Institutt for pedagogikk

Studentrepresentanter:

Tormod Malvin Sæther og Sara Brevik Breiland

No har Rotevatn klaga på avvisinga. Den står på sakskartet til torsdagens styremøte. Khrono har bede om innsyn i saka, som er merka med unntatt offentlegheit, og fått delvis innsyn. Der heiter det at høgskuleleiinga tilrår at styret stadfestar vedtaket frå førre møte. Det betyr at saka skal avgjerast av Kunnskapsdepartementet.

— Klagen er i tråd med det me forventa utifrå tidlegare signal, seier rektor Johann Roppen.

Fagforeninga kritisk

Geir Waage Aurdal i Samfunnsviterne er Rotevatn sin rådgivar. Han seier at systemet er slik at høgskulestyret igjen skal ta stiling til klagen før dei oversender han til departementet. Men Aurdal er svært kritisk til høgskuleleiinga si handsaming.

Tidsbruken er ganske oppsiktsvekkjande av eit forvaltningsorgan.

Geir Waage Aurdal

— Høgskulestyret hadde eit møte på Skype i juli, siste dag før det gamle styret gjekk av. Men denne saka har ikkje vore prega av hastverk, seier Aurdal tørt, og viser til at det snart er fire månadar sidan Rotevatn klaga på avgjerdsla om omplassering.

I byrjinga av september sa Aurdal til Khrono at det var med undring han og Rotevatn såg at klagesaka ikkje stod på sakskartet til høgskulestyret.

— Tidsbruken er ganske oppsiktsvekkjande av eit forvaltningsorgan, seier Aurdal.

Bak lukka dører

Då Khrono var i kontakt med Rotevatn etter oktobermøtet sa ho at ho ville klaga vedtaket inn for Kunnskapsdepartementet. Men no skal altså saka innom høgskulestyret først.

— Eg er svært overraska over styret sitt vedtak. Eg er svært kritisk til personalbehandlinga av meg som tilsett. Omplasseringa er ikkje bygd på sakleg grunnlag og er utanfor arbeidsgjevars styringsrett, sa Rotevatn då.

Rotevatn klaga tidlegare i haust til Kunnskapsdepartementet etter at styret ved Høgskulen i Volda først ikkje ville handsama klagen hennar i det heile tatt. Departementet ga høgskulen beskjed om at Rotevatn hadde krav på å få handsama klagen i styret, og ho skulle òg få høve til å gi ein uttale under handsaminga av saka.

Klagen er i tråd med det me forventa utifrå tidlegare signal.

Johann Roppen

I førre møte diskuterte difor styret først saka bak lukka dører, deretter fekk Rotevatn og Aurdal legge fram saka. Til sist fatta høgskulestyret eit vedtak, bak lukka dører. I vedtaket gir dei Rotevatn rett i at saka hennar skulle vore handsama i styret.

Også i desembermøtet vert saka truleg handsama bak lukka dører.

Omplassert i eit halvt år

Det var i august at Rotevatn vart mellombels omplassert, og Odd Ragnar Hunnes konstituert som dekan ved Avdeling for mediefag. Høgskuleleiinga viser til at dei kan gjennomføra ei mellombels omdisponering innanfor styringsretten. I denne saka kan omplasseringa vara fram til 1. februar.

— Styret har ikkje sagt Rotevatn opp. Men dette er eit sentralt punkt i klagen frå Samfunnsviterne, sa rektor Roppen til Khrono i oktober.

— No er det ikkje så lenge til 1. februar. Kva skjer med dekansituasjonen frå den datoen?

— Dette jobbar vi med internt, seier Roppen.

Aurdal er ikkje samd.

— Rotevatn har både rett og plikt til å møta på jobb 1. februar, seier han.

Rotevatn sin åremålsperiode som dekan går ut sommaren 2020. Stillinga er lyst ut, med søknadsfrist 6. januar.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS