Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og rådgivar Geir Waage Aurdal på veg inn for å legga fram saka si for styret ved Høgskulen i Volda. Foto: Hilde Kristin Strand
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og rådgivar Geir Waage Aurdal på veg inn for å legga fram saka si for styret ved Høgskulen i Volda. Foto: Hilde Kristin Strand

Høgskulestyret avviste klagen frå Rotevatn. No klagar ho på nytt til departementet.

Volda. — Eg er svært overraska over styret sitt vedtak. Eg er svært kritisk til personalbehandlinga av meg som tilsett. Omplasseringa er ikkje bygd på sakleg grunnlag, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Publisert   Sist oppdatert

Fosnavåg (Khrono): Høgskulestyret i Volda avviste fredag klagen frå den omplasserte dekanen ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i VOlda, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

— Eg er svært overraska over styret sitt vedtak. Eg er svært kritisk til personalbehandlinga av meg som tilsett. Omplasseringa er ikkje bygd på sakleg grunnlag og er utanfor arbeidsgjevars styringsrett. Eg og Samfunnsviterne klagar no vedtaket til departementet, seier Rotevatn i ein kommentar til Khrono etter møtet fredag.

Ho er formelt framleis dekan ved Avdeling for mediefag, men vart mellombels omdisponert i sommar. Dette klaga ho på, og høgskuleleiinga avviste denne klagen. Deretter klaga Rotevatn på at klagesaka hennar ikkje hadde vorte handsama av styret. Det var denne klagesaka styret fredag skulle handsama.

Ikkje sagt opp

Styret fatta eit vedtak tre punkt og avviser klagen på formelt grunnlag.

1. Dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er ikkje sagt opp frå stillinga som dekan ved Høgskulen i Volda.

Fakta

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (44) er journalist og ble ansatt som dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda i 2016.

Hun har journalistisk bakgrunn blant annet fra Sunnmørsposten og Bergens Tidende.

1999–2002 var hun programleder i NRK Dagsnytt. Hun var vaktsjef og reporter i NRK Her og nå i 2002 og programleder i NRK Sporten 2002–2003.

Fra 2003 til 2008 arbeidet hun i Kanal 24. Der var Rotevatn med og bygde opp nyhetsredaksjonen til radiostasjonen åpnet 1. januar 2004.

Hun var debattredaktør 2004–2006 og nyhetsredaktør fra 2006.

2009–10 var hun rådgiver i I&M Kommunikasjon i Ålesund.

Fra 2010 til 2016 var Rotevatn daglig leder og ansvarlig redaktør i det nynroske oppslagsverket Allkunne AS,

Rotevatn tok journalistutdanning på radiolinja ved Høgskulen i Volda 1997–99. I 2015 fullførte Rotevatn mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Hun har også tatt emner i statsvitenskap.

Kilde: Allkunne

2.Administrasjonen si avvising av Rotevatn si klage skulle vore handsama i styret.

3.Styret meiner klagen må avvisast frå realitetshandsaming fordi det ikkje er fatta eit enkeltvedtak som kan klagast på.

— Styret har ikkje sagt Rotevatn opp. Men dette er eit sentralt punkt i klagen frå Samfunnsviterne. Det har vorte gjort ei mellombels omdisponering, det er noko leiinga kan gjera innanfor styringsretten, seier Volda-rektor Johann Roppen.

Bak lukka dører

Klagen frå Rotevatn vart handsama bak lukka dører. Høgskulen har hyrt inn Ingeborg Borgerud som advokat. Ho deltok i styremøtet saman med høgskulen sin jurist Heidi Grevstad og personaldirektør Randi Urke. Etter nesten ein time vart Rotevatn og hennar rådgiver Geir Waage Aurdal frå Samfunnsviterne kalla inn.

Styret har ikkje sagt Rotevatn opp.
Johann Roppen
Rektor Volda

— Godt å få snakka, var Audhild Gregoriusdotter Rotevatn sin korte kommentar rett etter at ho hadde lagt fram saka si for høgskulestyret i Volda.

Khrono har skrive fleire saker om konflikta ved Avdeling for mediefag, der Rotevatn var dekan. Frå august har Odd Ragnar Hunnes vore konstituert som dekan for avdelinga. Tidlegare i møtet hadde han ei munnleg orientering om oppfølginga av Ark-undersøkinga ved avdelinga. Dette skjedde bak lukka dører.

Ønskjer minneleg løysing

Roppen seier til Khrono at Rotevatn har dekantittel, dekanløn og mange av oppgåvene som ligg til dekanstillinga. Men ho har ikkje personaloppgåver. Odd Ragnar Hunnes er konstituert som dekan fram til 1. februar 2020.

— Kva skjer frå 2.februar?

— Det har vore samtalar heile tida, og me ønskjer ei minneleg løysing, seier Roppen.

— Kva betyr det?

— Det betyr nok ulike ting for ulike personar.

— Ser du føre deg at Rotevatn kjem attende som dekan frå februar?

— Dersom det vert resultatet skal me forholda oss til det.

Rotevatn klagar no saka inn for Kunnskapsdepartementet. Ho har tidlegare sagt at ho vurderer å ta saka inn for rettsvesenet.

Rotevatn sitt åremål går ut neste sommar. Styret vedtok òg å lysa ut stillinga som dekan.

—Me planlegg tilsetjing i styremøtet som skal vera i mars, seier Roppen.

I stillingsutlysinga heiter det at den som vert tilsett må ha minst mastergrad, og bør ha førstekompetanse.