— Eg unnar ingen ei slik konflikt. Å kommunisera via advokat er ei spesiell form for kommunikasjon, seier Volda-rektor Johann Roppen. Foto: Øystein Torheim

Volda-konflikten: Rektor ser med redsel til NTNU

Arbeidsmiljø. Rektor Johann Roppen ser med redsel mot Trondheim og NTNU. Der har Institutt for historiske studier vore i konflikt sidan 2015.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Volda (Khrono): — I Trondheim har dei hatt fem år med arbeidsmiljøsak. Me har hatt fem månader her no, men problemet må jo ha vart lenger, seier Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda.

Dei siste vekene har Khrono og fleire andre medium skrive om konflikten ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Status no er at dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er omplassert, noko høgskulen meiner dei har høve til ifølgje styringsretten. Ho er ikkje samd, og har via fagforeininga Samfunnsviterne klaga på vedtaket.

Det er ei utfordring at ikkje alle er samde, og eg har ikkje per no ei eintydig oppskrift på korleis me skal jobba med arbeidsmiljøet.

Odd Ragnar Hunnes

— Me meiner vedtaket i realiteten er ei oppseiing, og at vedtaket er gjort på feil måte, sa seniorrådgivar Geir Waage Aurdal til Dagens Næringsliv før helga.

— Ser ein på Ark-undersøkinga frå 2015 skåra Avdeling for mediefag litt lågare enn resten av høgskulen på enkelte punkt. Men i undersøkinga i 2018 er resultata mykje dårlegare. Eg vart overraska over desse resultata, og undrar på kva som har skjedd og kva som har skore seg, seier Roppen.

Førebels har ikkje høgskulen svara på klagen frå Rotevatn.

Skryt av dei tilsette

I Trondheim er det, ifølge ein rapport som er laga, 15 ulike konfliktlinjer.

— Khrono har snakka med ulike kjelder, og det er ganske tydeleg at det er minst to sider av denne saka. Vert alt bra no når dekanen er flytta?

— Det er samansette problem og fleire konfliktlinjer ved avdelinga, det seier eg med utgangspunkt i rapporten frå Stamina, seier Roppen.

Odd Ragnar Hunnes skulle eigentleg vore pensjonist no, og hadde ymse andre planar enn å halda fram som dekan. Han seier han er innstilt på å vera det i eit halvt år, kva som eventuelt skjer etter det er for tidleg å seia noko om. Foto: Øystein Torheim

Odd Ragnar Hunnes er ny dekan ved avdelinga. Han er dosent, og var fram til 1. august dekan ved Avdeling for samfunnsfag. Eigentleg skulle han vore pensjonist no.

— Eg kjenner ikkje konflikten ved avdelinga i detalj, og har heller ikkje hatt noko ønske om det. Det kan sjølvsagt vera både ein fordel og ei ulempe å ikkje vita, seier Hunnes til Khrono.

Han skryt av dei tilsette ved avdelinga.

— Det er ei utfordring at ikkje alle er samde, og eg har ikkje per no ei eintydig oppskrift på korleis me skal jobba med arbeidsmiljøet. No skal me konsentrera oss om å få kvardagen i gjenge, og fokus på studentane har førsteprioritet. Det er mykje som fungerer godt på avdelinga, og det vert vist ein imponerande innsatsvilje, seier Hunnes.

Betra økonomien

Khrono har snakka med kjelder som seier at dekanen åleine ikkje er skuld i uroa. Det har vorte nemnt at Rotevatn skulle «rydda opp». Dette skreiv ho noko om sjølv i tilsvaret til rapporten frå Stamina:

«Då eg vart tilsett fekk eg i oppgåve å skape meir struktur ved avdeling for mediefag. Noko av dette var å betale ned gjeld, sørge for ryddige arbeidsforhold for alle tilsette, likebehandle tilsette og styrke rutiner og sakshandsaming. Det har eg prøvd å ta tak i saman med dykk.»

— Roppen, skulle Rotevatn rydda opp?

— Som dei andre dekanane har ho fått beskjed om at ting skal vera på stell ved avdelinga. Ein dekan har ansvar for både økonomisk og fagleg leiing. Den økonomiske drifta ved avdelinga har betra seg mykje etter at Rotevatn vart dekan.

Roppen viser òg til arbeidsplanar, som skal visa både tid og planar for undervisning og forsking.

— Rundt på høgskulen er det skilnad i kor detaljerte desse er. Slike planar er noko av det det vart jobba med på Avdeling for mediefag, seier han.

Nybø: Må løysast lokalt

Høgskuleleiinga har brukt styringsretten ein har som arbeidsgivar, og gjennomført ei mellombels omplassering av Rotevatn. Dette kan ein gjera i seks månader.

— Kva skjer om ein ikkje kjem til semje i løpet av det neste halve året?

— No har me ein tenkepause, seier Roppen.

Han seier at oppseiing er heilt uaktuelt.

— Rotevatn er sterk og flink på mange måtar, og midt i blinken for Høgskulen i Volda – det var difor ho vart tilsett. No ser me korleis me kan få henne inn andre stader i systemet – og eg er trygg på at me skal få det til.

Rotevatn har mellom anna jobba med å få på plass det nye mediehuset. Tysdag kom forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø med gode nyhende. Ho kommenterte òg konflikten ved Avdeling for mediefag då ho var i Volda i samband med studiestart:

— Konflikten ved Avdeling for mediefag må løysast lokalt, understrekar Nybø til Khrono.

— Eg les om det som skjer, ikkje minst gjennom Khrono sine saker, og følgjer med frå Oslo. Men saka må løysast i Volda, sa Nybø vidare.

— Eg oppfattar at Audhild Gregoriusdotter Rotevatn brenn for faget, og har eit sterkt engasjement for mediebygget, seier Nybø, og viser til at høgskuleleiinga har sagt at Rotevatn skal jobba vidare med det nye bygget, som no har fått klarsignal frå regjeringa.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS