valkamp ved Uib

Samdal: — Ein må ha breidde for å få gode toppar

Valplattforma er ikkje klar. Men her kjem første smakebit av kva Team Samdal vil gjera dersom dei skal leia Universitetet i Bergen.

Oddrun Samdal er rektorkandidat, men plattforma til Team Samdal er førebels ikkje klar. Ho har med seg (frå venstre) Camilla Brautaset, Nils Gunnar Kvamstø, Arne Tjølsen og Kristine Jørgensen.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er i underkant av to månader att til rektorvalet ved Universitetet i Bergen. 22.-25.mars skal dei UiB-tilsette og studentane gå til dei digitale valurnene.

Fakta

Rektorval UiB 2021

  • Siste frist for kandidatar: 8.februar
  • Valstyrets presentasjon av kandidatar: Videoopptak 17.februar, publisering av video 19.februar
  • Rektorval: 22. - 25. mars 2021
  • Det er formelt rektor og prorektor som skal veljast. Viserektorane er peika ut av rektorkandidaten.
  • Kandidatane Oddrun Samdal og Margareth Hagen lanserte seg sjølve og sine rektorteam 7.september 2020
  • Søkekomiteen som skal finne kandidatar og gjennomføre valet blei sett ned av universitetsstyret 24.september

Allereie i september i fjor, før universitetsstyret fekk sett ned ein leitekomite som skulle finne rektorkandidatar til å ta over etter Dag Rune Olsen, melde to kandidatar seg: Team Samdal og Team Hagen.

Oddrun Samdal er viserektor for utdanning på 8.året.

— Kvifor vil du bli rektor ved UiB?

— Eg kjenner ei sterk tilknyting til UiB og brenn for UiB sitt ve og vel. Over tid har eg opparbeidd meg verdifull innsikt og erfaring både som forskar og undervisar og gjennom ei rekke ulike leiarposisjonar ved UiB. No ønskjer eg å vidareutvikle UiB si slagkraft gjennom rektorrolla. Eg trivst i samhandling med dei faglege og administrative einingane våre og studentdemokratiet. Det er nettopp dette UiB-fellesskapet eg set så høgt, og som eg meiner er vår fremste styrke. For meg vil det vere eit tillitsbasert privilegium å bli valt til rektor og med det kunne bygge vidare på og styrke samhandlinga internt i organisasjonen, og saman med alle våre samarbeidspartnarar på Vestlandet, nasjonalt og i verda. Saman med Nils Gunnar Kvamstø som prorektorkandidat og resten av laget er eg motivert for at vi gjennom denne samhandlinga skal ta vare på alle gode kvalitetar og lukkast med å løfte UiB og regionen til nye høgder, seier Samdal. og peiker på forsking som ei viktig sak for henne.

Finansiere idear

Ho peiker på forsking som ei viktig sak for henne.

— Vi treng å finansiere fleire gode idear, og sikre oss at dei får gjennomslag. Vi skal sjølvsagt satse på topp og excellence, men eg vil gå inn for at vi styrker satsinga og støtter opp om ei breiare finansieringsform enn det vi har i dag. Det er som i idretten: Ein må ha god breidde for å få gode toppar, seier Oddrun Samdal, og legg til:

— Framfor alt er det viktig å sikre finansiering til dei gode ideane. Det er mindre viktig kor finansieringa kjem frå.

Verken Margareth Hagen eller Oddrun Samdal, har lagt fram nokon plattform eller program for kva dei vil utrette ved å ha rektorjobben ved UiB dei neste fire åra. Dei sit begge i dagens rektorat og er disiplar av avgåtte rektor Dag Rune Olsen.

Oddrun Samdal har site åtte år i UiB-leiinga, og håpar på fire nye.

Fokus: Universitetspolitikk

— Korleis vil den såkalla Olsen/Knudsen-saka virke inn på valkampen?

— Eg håper at valkampen vil ha dei viktige universitetspolitiske sakene i fokus. Tidsmessig kjem rapporten frå gjennomgangen av saka i slutten av valkampen, så den vil nok få noko merksemd då. Men eg håper det er dei overordna tinga vidare framover som blir dei viktige, seier Samdal.

Samdal seier ho er oppteken av universitetsdemokratiet og ønsker å jobbe i god dialog med organisasjonen.

I løpet av romjula blei det klart at ho måtte bytte ut ein av kandidatane i teamet sitt etter at Ragnhild Louise Muriaas fekk eit stort ERC-stipend og heller ønsker å prioritere det. Professor Kristine Jørgensen på Medievitenskap kjem inn som viserektor for innovasjon og infrastruktur.

— Når har du tenkt å legge fram plattforma for dei neste fire åra?

— Vi har komme langt på den, plattforma er ikkje langt unna, men dei siste vekene har vi brukt mykje tid på å jobbe oss saman i det nye teamet, seier Samdal.

— Korleis vi pandemien påvirke valkampen og den kommande rektorperioden?

— Pandemien gjer at valkampen denne gongen blir mest på digitale flater. Vi må også planlegge for ein lenger tidshorisont, både for vår og haust samstundes. Det er viktig å ta vare på studentane, men og dei tilsette. Men det realistiske i alle samanhengar framover er å planlegge for at fysisk undervisning må skje i mindre grupper. Eg tenkjer også at vi kan ta med oss både gjennomføring av digitale møte og meir bruk av heimekontor inn i den nye kvardagen til hausten, seier ho.

Kvamstø: Negativt med digital valkamp

Nils Gunnar Kvamstø er marin dekan og professor ved Geofysisk institutt. Han er tiltenkt rolla som prorektor.

Nils Gunnar Kvamstø er prorektorkandidat.

— Kva er den viktigaste saka for deg med tanke på UiB framover?

— Det vil vere å arbeide med satsingområda til UiB vidare. Dette skal vere satsingar som er kvalitetsdrivande og ein god arena for tverrfagleg utvikling. Dei er med på å danne profilen vår.

— Og desse områda er?

— UiB sine satsingsområde er globale samfunnsutfordringar, marinvitenskap og klima og energiomstilling. Min tanke er å innleie ein prosess saman med fakulteta og fagmiljøa for å gå gjennom kva som er bra og kva som kan forbetrast når det gjeld satsingane. Då er det naturleg å vurdere organisering og kor mykje ressursar som skal brukast. Eg tenkjer og at det kan vere rom for å utvide med eitt eller to område til.

— Kvifor det?

— Det er eit overordna mål at alle fagmiljø ser mogelegheiter til å koble sin kunnskap på satsingsområda. Derfor kan det vere ei løysing å utvide.

— Kva område skulle det vere?

— Eg tenkjer ikkje å vere konkret enno. Det naturlege er at fagmiljøa og dekangruppa tek del i eit arbeid for å finne eventuelle nye område.

— Korleis påverkar pandemien valkampen?

— Med dei smitteverntiltaka som vi har no er det all grunn til å tru at dei tradisjonelle fysiske møteplassane vert digitale. Eg tykkjer det er negativt. Det er vanskeleg å få kontakt med folk digitalt. Det betyr nok at langt meir handlar om skriftleg kommunikasjon. Så får ein gjere det beste ut av det, og finne best mogelege digitale løysingar.

— Og korleis vil pandemien påverka arbeidet de skal i gang med i eit eventuelt rektorat?

— Her tenkjer er at det generelt er vanskeleg å drive universitetet med smitteverntiltak. Og når vi endeleg kan lette på tiltak vil det vere eit stort arbeid å ta igjen aktivitetar og forpliktingar som er sette på vent. Det vil og kreve ein stor jobb å sørgje for ein smidig overgang attende til normal aktivitet. Det å få studentar og tilsette attende frå heimekontor vil og by på utfordringar.

— På kva vis påverkar Olsen-saka og den pågåande granskinga valkampen?

—Lite eller ingenting. Eg er kanskje litt naiv, men eg trur det vert større og meir overordna universitetssaker som kjem til å bety mest. Mogelegvis kan praksisplassar for studenter vere ei sak å debattere på fritt og fagleg grunnlag. Men i sum trur eg ikkje den saka har mykje å seie.

Tjølsen vil auka pedagogisk kompetanse

Arne Tjølsen er professor ved Institutt for biomedisin. Han har site i dekanatet ved Det medisinske fakultetet, og skal ha rolla viserektor for utdanning dersom det er Oddrun Samdal og hennar team som vinn valet.

— Kva blir den viktigaste saka for deg?

Medisinprofessor Arne Tjølsen skal vera viserektor for utdanning.

— Det er studiesaker som står mitt hjarte nærast. Det er nok ikkje svært store skilnader her – alle ønskjer god utdanning som er både relevant og brukbar. Men eg er oppteken av den pedagogiske kompetansen i staben. Det er ikkje alltid slik at det er formell kompetanse som gir best undervisning, men eg er oppteken av å gi staben dei beste moglegheitene til å kunne gi studentane god undervisning, seier Tjølsen.

Tjølsen understrekar at ein så langt ikkje veit kor mange rektorteam som stiller til val. Men uansett kor mange det blir, er han oppteken av dei gode møta.

— Korleis vert det å drive valkamp i ein pandemi?

— Det blir annleis, og det meste blir nok vanskelegare. Eg vil tru av valkampen vil vere meir prega av både tradisjonelle media og sosiale media, men eg håpar det vil vere mogleg å få til debattar og diskusjonar – som kan overførast digitalt. Eg håpar òg at vi kan få til mindre møte, til dømes med fakultetsleiingane og instituttleiingar, men det blir nok verre å få arrangert større valmøte.

Tjølsen er uroa for studentane, seier han. Og han er ikkje trygg på at alt vil bli normalt til hausten heller.

— Korleis vil pandemien påverke det arbeidet de skal gå i gang med dersom de blir valt?

— Eg trur det er klokt å vere budd på pandemi til hausten òg. Så langt har vi brukt tida til å lære oss mykje, men noko er vanskeleg å gjennomføre med god nok kvalitet når alt er digitalt. Både tilsette og studentar slit, men eg er særleg uroa for studentane. Dei får ikkje møtt kvarandre i kollokviegrupper og dei får ikkje øvd på praktiske dugleikar.

— Korleis kan Olsen/Knudsen-saka og den eksterne granskinga kunne påverke valkampen?

— Eg håpar ikkje dette vil vere ei sak i valkampen. Sjølv kjenner eg saka berre frå media, og eg ønskjer ikkje å gå inn i ein debatt. Når rapporten kjem vil me få vite kva saka munnar ut i og kva ein konkluderer med.

Brautaset: Alt må tole dagens lys

Camilla Brautaset er tenkt funksjonen som viserektor for globale relasjonar. No sit ho på heimekontor og saknar studentane. Historieprofessoren er glad i å undervisa, og saknar fellesskapet på campus.

— Korleis blir det å drive valkamp under ein pandemi?

Camilla Brautaset håpar på ein meir normal haust, der ho kan treffa studentar og kollegaer. Ho skal vrea viserektor for globale relasjonar.

— Vi veit ikkje korleis den blir påverka. Vi gjer ting for første gong, nokre av oss stiller til val for første gong òg, humrar Brautaset.

— Eg trur ikkje det er positivt at vi ikkje kan treffast fysisk. Vi i rektorteama må vere gode til å spreie informasjon, og vi må vere der vi kan. Men vi er heilt avhengige av ei god sektorpresse og vilje til å løfte eit godt, ope ordskifte.

Brautaset skal ha rolla som viserektor for globale relasjonar.

— Kva er den viktigaste saka for deg?

— Det aller viktigaste for meg blir å jobbe med internasjonalisering som omgrep, praksis og verkemiddel. Ein kan få inntrykk av at internasjonalisering er eit mål i seg sjølv. Men eg meiner det er eit verkemiddel for å vidareutvikle oss som kunnskapsinstitusjon. Fagleg nyfikenheit bør vere den viktigaste drivkrafta. Kunnskap kjenner ingen nasjonale grenser, og det er difor tvingande nødvendig å jobba saman med andre. UiB er eit mellomstort universitet i det noko vil kalla ein utkant av Europa. Medan verda i all hovudsak klarar seg utan UiB, klarar UiB seg derimot ikkje utan verda, seier Brautaset.

— Konteksten for internasjonalisering er annleis enn før, med både pandemi og klimaendringar, og eg meiner ein bør ha ein brei debatt om kvifor og korleis ein skal arbeide med internasjonalisering.

— Korleis vil pandemien kunne påverke arbeidet de skal i gang med som rektorat?

— Det er usikre framtidshorisontar, men det er grunn til optimisme. Eg håpar vi har kome så langt med vaksineringa at vi har ein langt meir normal arbeidskvardag til hausten. Når det gjeld det som vil bli mitt ansvarsområde, ser ein at det er mogleg å ha fellesskap og møte kvarandre utan å reisa – sjølv om nokre reiser er nødvendige.

— Korleis vil den eksterne granskinga som er i gang, og den såkalla Olsen/Knudsen-saka, kunne påverke valkampen?

— Det er eg usikker på. Eg håpar og trur at denne saka ikkje vil påverke valkampen i særleg grad. Det er flott at me får ein rapport, men for UiB er det viktigaste no at alt vi gjer toler dagens lys – og så må vi sjå framover. Eg håpar valkampen vil handle om dei viktige universitetspolitiske sakene. Når ein stiller til val, ber ein om tillit. Det er eg medviten om.

Jørgensen vil sjå på klyngene

Kristine Jørgensen er tiltenkt rolla som viserektor for store satsingar og tverrfakultært arbeid. Ho er professor i medievitskap.

— Kva blir den viktigaste saka for deg?

Medievitskap-professor Kristine Jørgensen vil evaluera UiB sin klyngestrategi.

— UiB er med i fleire klynger, både medieklynge, helseklynge og marin klynge. Eg meiner at vi må evaluere den klyngestrategien vi har og sjå på korleis vi kan kople fleire fagmiljø på. Det har mellom anna vore snakk om at fleire av UiB sine fagmiljø skal koma inn i Media City Bergen. Korleis kan ein få det til? Men dette må skje på fagmiljøa sine premiss, initiativet må koma nedefrå, seier Jørgensen.

Ho legg til:

— Eg har òg ei litt pragmatisk tilnærming til kva innovasjon er. Eg meiner at det ikkje berre handlar om kommersialisering, men om å visa at det vi driv med er samfunnsrelevant. Å formidle ein kritisk-analytisk tenkjemåte er noko eg er oppteken av.

— Korleis blir det å drive valkamp i ein pandemi?

— Vi vil jo ikkje kunne stå på stand eller ha møte med fagmiljøa. Men vi må nytte dei digitale verktøya vi har fått utdelt, og mellom anna vere aktive i sosiale media. Vi vil ha ein dialog med fakulteta om kva møte og arrangement dei ser på som nyttige, og reknar med at mykje må streamast. Men dersom retningslinjene tillet det, håpar eg vi vil kunne ha nokre fysiske møte.

— Korleis vil pandemien kunne påverke det arbeidet de skal i gang med dersom de vert valt?

— Dei fleste ting let seg gjennomføre i eit anna format. Så eg håpar vi kjem i gang som tenkt, sjølv om nokre prosessar vil kunne gå seinare. Så vil det bli nokre arrangement, som innsetjing av ny rektor. Det må ein finne ei løysing på.

— Korleis vil Olsen/Knudsen-saka og den eksterne granskinga kunne påverke valkampen?

— Eg vil ikkje uttale meg om detaljar i den saka. Men det er uheldig at ein startar debatten med ei gransking. Det vil kunne påverke, og eg skjønar at dette er noko media vil spørje om. Men eg ønskjer ikkje å meine så mykje om saka no.

Det er framleis ikkje for seint å melde seg som rektorkandidat i Bergen. Siste frist er 8.februar.

Powered by Labrador CMS