styremøte
Desse skal leita etter ny UiB-rektor
To kandidatar har meldt seg, men UiB skal etter planen ha ein komite som skal leita etter rektorkandidatar. Sjå styremøtet direkte her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I vår tok styremedlem Petter Bjørstad til orde for at Universitetet i Bergen (UiB) bør ha ein eigen komité som skal leita etter rektorkandidatar, slik mellom andre Universitetet i Oslo har. I august vart det vedteke at UiB skal ha ein slik komité, og når universitetsstyret har møte torsdag, skal dei vedta kven som skal leita.
Skal finna to kandidatar
Forslaget er at Jarle Eid, tidlegare dekan ved Det psykologiske fakultetet, skal leia komiteen. Han får med seg mellom andre Rolf Reed. Han er òg tidlegare dekan, og var dessutan rektorkandidat i 2009. Elles er både studentane, mellombels tilsette og administrativt tilsette representert, og komiteen har òg to eksterne medlemmer.
I saksframstillinga heiter det at komiteen skal bidra til å identifisera og presentera minst to kandidatar til rektor og prorektor. Dei skal òg aktivt oppmoda studentar og tilsette til å koma med innspel.
Etter førre styremøte har det allereie meldt seg to kandidatar: Noverande prorektor Margareth Hagen og viserektor for utdanning, Oddrun Samdal.
Klima, korona og økonomi
Møtestart er klokka 10, og du ser møtet direkte her.
Dette er sakslista:
92/20 Godkjenning av innkalling og saksliste
93/20 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 27.8.2020
94/20 Fullmakts- og referatsakersaker, orienteringer og diverse referater mv
95/20 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
96/20 Økonomirapport per 2. tertial 2020
97/20 Regnskap for Universitetet i Bergen andre tertial 2020
98/20 Årsrapport fra Læringsmiljøutvalget 2019/2020
99/20 Forskning - aktivitet og gjennomslag i EU og Forskningsrådet
100/20 «Friends of the ERC»-kampanjen
101/20 Politikk for åpen vitenskap ved Universitetet i Bergen
102/20 Plan for klimanøytralt UiB – status 2020
103/20 Mandat for og sammensetning av søkekomite for rektorvalget i 2021
104/20 Årlig resultatvurdering av universitetsdirektørens arbeid
105/20 Klage på oppsigelse - opphør av ekstern finansiering - Unntatt offenlighet
106/20 Klage på oppsigelse - Unntatt offentlighet
Orienteringer
Eventuelt