rektorval 2021

Det kan bli valkamp om rektorstillinga i Bergen

Mange peiker på prorektor Margareth Hagen som ny rektor ved Universitetet i Bergen ved neste skifte. Men viserektor Oddrun Samdal tel på knappane om ho vil stille til val.

Professor og viserrektor for utdanning, Oddrun Samdal (t.v.) og professor og prorektor for forsking, Margareth Hagen, kan komme til å møtast i valkamp om rektorstillinga ved Universitetet i Bergen som blir ledig frå august 2021.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Våren 2021 skal Universitetet i Bergen velje ny rektor etter Dag Rune Olsen. I motsetnad til søsteruniversitetet i Tromsø har dei ikkje lagt opp til debatt om spørsmålet om leiarmodell.

Denne veka endte debatten i Tromsø med knappast mogleg fleirtal for å gå over til tilsett rektor. Sist same spørsmål var oppe til handsaming i styret ved UiB i 2016, blei det knappast mogleg fleirtal for vald: 6-5.

Dette betyr at Universitetet i Bergen skal ha vald rektor også i neste periode, frå 2021-2025. Men om det blir kamp om leiarposisjonen er framleis eit ope spørsmål.

Mange meiner Hagen er favoritt

Fakta

Rektorrekka ved UiB

Det har vært en viss spredning av rektorene ved UiB, og det har vært vanlig at det samme fakultetet ikke får to påfølgende rektorer. Det psykologiske fakultet og det nye Fakultet for kunst, musikk og design har så langt ikke hatt noen rektor.

  • 1946–1953 Professor Bjørn Trumpy (mat-nat)
  • 1954–1959 Professor Erik Waaler (medisin)
  • 1960–1965 Professor Ludvig Holm-Olsen (HF)
  • 1966–1971 Professor Håkon Mosby (mat-nat)
  • 1972–1977 Professor Arne-Johan Henrichsen (HF)
  • 1978–1983 Professor Ørjar Øyen (SV)
  • 1984–1989 Professor Arnfinn Graue (mat-nat)
  • 1990–1995 Professor Ole Didrik Lærum (medisin)
  • 1996–1998 Professor Jan Fridthjof Bernt (juss)
  • 1999–2005 Professor Kirsti Koch Christensen (HF)
  • 2005–2013 Professor Sigmund Grønmo (SV)
  • 2013– Professor Dag Rune Olsen (mat-nat)

Khrono har snakka med ei lang rekke kjelder ved universitetet om kven ein trur blir ny rektor ved UiB frå hausten 2021: Prorektor Margareth Hagen, seier mange.

Hagen kom inn i Olsens rektorat i hans andre periode, etter at prorektor Anne Lise Fimreite takka for seg. Hagen er professor i italiensk litteratur, har vore dekan ved Det humanistiske fakultet, og er tidlegare forskingsleiar ved Institutt for framandspråk. Ho har også leia likestillingskomiteen ved UiB.

Det blir sagt at ho er ein god strateg, er fagleg og universitetspolitisk sterk og har brukt mykje tid på å bygge alliansar og difor allereie har støtte i mange miljø ved universitetet. Fleire Khrono har snakka med tvilar på at nokon vågar å stille mot henne.

— Margareth Hagen vil vera ein utmerka kandidat, seier Helge Dahle.

Han er dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, og vert nemnd som ein aktiv støttespelar for Hagen.

— Det blir snakka om ein allianse mellom Mat.Nat og Hagen?

— Det er nok berre rykte, seier Dahle.

Rykte seier også at sentrale fagforeiningar ved UiB støtter Hagen, men etter det Khrono kjenner til er det ikkje heilt slik.

Hagen har ingen kommentar

Margareth Hagen sjølv ønsker ikkje å seie noko til Khrono om spekulasjonane og «snakkisane» ved universitetet om hennar eventuelle kandidatur. Ho vil heller ikkje kommentere opplysingar om at mange allereie jobbar for at ho skal bli den neste rektoren, eller seie noko om når ho eventuelt bestemde seg for å at ho kunne ha lyst til å bli rektor - eller ikkje.

— Eg synest det er for tidleg å svare Khrono på dette no, er det einaste svaret ho vil gje på alle spørsmåla.

Prorektor Hagen har heller ikkje noko svar på når ho er klar til å seie ifrå, ut over at det kan skje i løpet av hausten.

Samdal tel på knappane

Ein annan som også blir nemnd ganske så ofte som ein potensiell rektorkandidat er viserrektor og professor Oddrun Samdal. Samdal er utdanna lektor og er professor i helsefremjande arbeid/helsepsykologi. Hun har tidlegare vore instituttleiar og visedekan for utdanning ved Det psykologiske fakultet og har vore viserektor 2013.

— Eg har fått fleire oppmodingar om å stille, særleg no dei siste vekene. Ein slik tillit synest eg er veldig hyggeleg. Dette gjer at eg no vil vurdere alvorleg om eg skal stille som kandidat, seier Samdal.

— Du blei jo også oppmoda om å søke rektorstillinga ved Høgskule på Vestlandet, men takka nei - var det ein potensiell rektorstilling ved UiB som låg i bakhovudet allereie då?

— Nei, det var i hvertfall ikkje bevisst. Men det er jo ein modningsprosess å ta stilling til og mobilisere for eit rektorval. Så no skal eg bruke sommaren på å avklare det, seier ho.

— Dette er ikkje noko du har planlagt eller tenkt på lenge?

— Nei, eg har ikkje sett igang nokre prosessar eller kampanjar tidlegare. Eg har blitt oppmoda og er motivert for å løfte og vidareutvikle UiB som eit internasjonalt forskingsuniversitet med gode utdanningsporgram og dyktige studentar, seier Samdal.

— Prorektor Margareth Hagen blir også nemnd som ein aktuell kandidat. De har ikkje vurdet å stille saman de to?

— Nei det har vi ikkje snakka om. Eg har vore med i to rektorat no og skulle det bli aktuelt, så vil det vere som rektorkandidat at eg stiller, seier Oddrun Samdal.

Ønske om ein grøn rektor

Klimamiljøet kring Bjerknessenteret vert òg nemnd når ein snakkar om kven som kan eller bør stilla til val, eller kven som eventuelt kan bli ein del av eit potensielt Hagen-lag.

Tore Furevik leiar Bjerknessenteret. Han stadfestar at han òg har høyrt sitt namn vert nemnd.

Osceanograf Tore Furevik, leiar av Bjerknessenteret, ser ikkje bort ifrå at han kan vere aktuell rektorkandidat på eit seinare tidspunkt enn 2021.

— Eg har tenkt, men eg har slått det frå meg. Bjerknessenteret er inne i ein viktig fase når det gjeld vidare finansiering, så det er eit dårleg tidspunkt å stilla til val på, seier Furevik.

— Kva med å gå inn som ein del av eit rektorat?

— Svaret vil verta det same. Sommaren 2021 er eit dårleg tidspunkt. Men i det ligg det at det kan bli meir aktuelt på eit seinare tidspunkt.

Tor Eldevik er ein annan klimaforskar som vert nemnd. Han er instituttleiar ved Geofysisk institutt.

— Takk, det var hyggeleg. Men nei, eg er ikkje i ein situasjon der eg no kan ta på meg så tidkrevjande tillitsverv, skriv Eldevik i ein e-post til Khrono.

Nei, nei, nei

Christian Jørgensen meiner han sjølv er forskar - og udugeleg som leiar.

Men Khrono har òg fått høyra namn på andre potensielle kandidatar. Ein av dei er Christian Jørgensen, professor ved Institutt for biovitskap.

— Nei, nei, nei, seier Jørgensen.

— Eg trivst ikkje som leiar, eg er forskar. Eg trur eg hadde vore udugeleg som rektor, eg er altfor oppteken av detaljar.

Men Jørgensen er oppteken av at ein skal få på plass ein kandidat som verkeleg brenn for å vera rektor.

— Å vera rektor er viktigare enn å gjere dugnad nokre år. Ein treng ein kandidat med visjonar, ein som kan utfordra oss. Dersom ein ikkje har meir enn ein person som er interesserte i eit slikt verv, og kan teikna bilete som er i kontrast til kvarandre, må ein kanskje ha ei anna form for leiing, seier han.

Nina Langeland vert òg nemnd. Ho er samd med både Bjørstad og Jørgensen i at ein må gjera ein jobb for å skaffa kandidatar.

— Ein kan få gode kandidatar ved val, men ein må finna dei beste. Ein søkekomité er vanleg i utlandet, seier ho.

Sjølv er ho absolutt ikkje aktuell, seier Langeland.

— Eg forskar for fulle mugger. Eg er infeksjonsmedisinar og forskar no på covid-19, seier medisinprofessoren, som tidlegare har vore dekan ved Det medisinske fakultetet.

For ung

Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, og matematikkprofessor Inga Berre er også namn som har kome opp. Men stillinga som rektor er ikkje aktuelt for nokre av dei to, som begge er i 40-åra.

— Eg er for ung, seier Berre.

Hennar første reaksjon er «neimen så hyggelig» - saman med latter.

Professor Jill Walker Rettberg stilte til val då Kuvvet Atakan tapte mot Dag Rune Olsen i 2013. Men ho ønskjer ikkje å stilla til val no.

— Dette har eg ikkje tenkt på i det heile. Akkurat no har eg det fint med forsking.

— Heilt uaktuelt, seier Rettberg.

Ho stilte som prorektorkandidat då Kuvvet Atakan stilte som motkandidat til Dag Rune Olsen i 2013.

— Det var lærerikt og interessant. Men eg har fått ERC-stipend og leiar ei forskingsgruppe – og stortrivst med det, seier Rettberg.

Også Knut Helland, tidlegare dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, vert nemnd.

— Eg tenkjer at eg er uaktuell som kandidat, seier han.

Guri Rørtveit seier også nei. Ho er instituttleiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

— Å vera rektor er ein kjempespanande jobb. Men eg vil ikkje stilla til val i det komande valet. Eg er svært nøgd der eg er, eg trivst med å vera instituttleiar og vil gjerne følge instituttet inn i Alrek helseklynge, seier Rørtveit.

Dekanane seier nei

I fjor sommar snakka På Høyden med alle dekanane om dei ville stilla som kandidat til rektorvalet i 2021. Ingen sa den gong ja. Det gjer dei heller ikkje i dag. Nokre meiner dei er for gamle, andre ønskjer heller å bli verande ved fakultetet.

— Eg er framleis ikkje aktuell, skriv Jørgen Sejersted ved Det humanistiske fakultetet i ein e-post.

Jussdekan Karl Harald Søvig har framleis barn i barneskulealder, og førebels meir enn nok å fylla ettermiddagane med.

Jussdekan Karl Harald Søvig er ein av dei som blir nemnd av fleire. Men det er ikkje aktuelt, seier han.

— Men barna vert jo eldre, og er 11 og 15 no, seier han.

— Då er du i livsfasen der du nesten kunne starta eit taxiselskap for henting og bringing?

— Ja, dei treng to foreldre på ettermiddagstid.

Søvig seier at han ønskjer ein rektor som kan vera rektor for heile UiB.

— Når det ikkje er mellomval er det ønskeleg at ein har fleire kandidatar å ta stilling til. Samstundes er det eit element i utveljing ved å ikkje stilla òg; ein let vera å stilla dersom ein reknar med at ein ikkje kjem til å nå opp. Men ein skulle håpa og tru at det er to eller fleire aktuelle kandidatar ved Universitetet i Bergen, seier han.

Eriksen vil fortsette, nei frå Bjerknes

I fjor var det ingen av dei fire i rektoratet som ville seia verken tydeleg ja eller nei til å stilla til val som rektor.

Viserektor for viserektor for globale relasjonerAnnelin Eriksen, UiB

Annelin Eriksen, viserektor for internasjonalisering, seier at ho nok ikkje er aktuell som rektorkandidat.

— Eg er nok ikkje aktuell som rektorkandidat, men jeg er framleis oppteken av universiteta si rolle for berekraftig utvikling og det globale feltet, noko som også ligg forskningshjartet mitt nært som antropolog. Her trur eg nok eg framleis vil engasjere meg universitetspolitisk, seier ho.

— Men eg er framleis oppteken av universiteta si rolle for berekraftig utvikling og det globale feltet, noko som òg ligg forskarhjarta mitt nær som antropolog. Her trur eg nok eg framleis vil engasjera meg universitetspolitisk.

Frå Robert Bjerknes er svaret kort og greitt:

— Det korte svaret er nei.

— Kva er det lange svaret, då?

— Det er ikkje noko anna svar.

Det er også ein del som gjerne skulle sett tidlegare prorektor Anne Lise Fimreite som rektorkandidat. Fimreite gjekk ut av rektoratet for tre år sidan, og blei erstatta av Margareth Hagen. Men Fimreite seier til Khrono at ho ikkje er kandidat.

Universitetet i Bergen bør få på plass ein proff leitekomite som kan finna kandidatar til rektorvalet i 2021, sa professor og universitetsstyremedlem Petter Bjørstad til Khrono.

Dag Rune Olsen har neste år site i to periodar, og kan ikkje veljast på nytt. Saka om ein leitekomite kjem opp i neste styremøte 27.august.

Powered by Labrador CMS