Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Korona og studiestart
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Bergen har fått informasjon om at éin student har testa positivt på covid-19. Studenten er sett i isolasjon.
«Nærkontaktar og faddergruppa studenten har delteke i er varsla og sett i karantene med umiddelbar virkning. Bergen kommune er varsla og samarbeider med UiB om smittesporing og oppfølging,» skriv UiB i ei pressemelding.
— Det dreier seg om ein student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB, i pressemeldinga.
Samdal stadfestar at studenten har delteke på fadderarrangement mellom anna i Nygårdsparken.
Smittevernoverlege Karina Koller Løland i Bergen kommune vil ikkje kommentere enkelttilfelle, men opplyser at det er snakk om utanbys smitte.
I meldinga heiter det at den aktuelle faddergruppa skal ha overhalde gjeldande smittvernreglar og heller ikkje blanda seg med andre faddergrupper.
— Vi ønsker at studiestarten skal vere trygg og god. Når slikt skjer, er det ei viktig påminning til oss alle om at det er smitte i samfunnet no, og om kor viktig det er at vi følger dei råd som gjelde og retningslinjer om mellom anna avstand og handvask, seier viserektoren i pressemeldinga.
UiB vurderer situasjonen med tanke på vidare fadderarrangement.
Oddrun Samdal opplyser til Khrono at dei har to hensyn å ivareta.
— Det eine er om vi klarer å gjennomføre arrangemement med smitteverntiltak, og at kohortane ikkje vert blanda. Då veit vi kven som er saman og kan bidra med smittesporing for kommunen om nokon skulle testa positivt. I det øyeblikket vi avlyser arrangementa må anta vi at studentane vil ønske å samlast, og då kan vi ikkje lenger bidra med smittesporing, sier Samdal
Ho seier konklusjonen så langt er at dei vil fortsette organiserte arrangement.
— Ut frå arrangementet i går veit vi at faddergruppene har følgd smittevernreglane. Om det held fram kan vi og ha fadderarrangement vidare, seier Samdal.
— Veit de korleis studenten er smitta?
— Nei, det kjenner eg ikkje til.
Smittevernoverlege Karina Koller Løland i Bergen kommune er akkurat vorten kjend med at ein UiB-student har testa positivt for koronasmitte.
— Vi har rutiner og har planlagt for dette. Dei som er nærkontaktar er sette i karantene, det er snakk om 20 personar, seier Koller Løland.
— Kva tenkjer de om vidare fadderarrangement i Bergen?
— Det er ikkje vi som gjer den typen vurderingar med mindre vi meiner det er uforsvarleg. No har vi nådd alle nærkontaktar i dette tilfellet, og trur og håpar vi har kontroll, seier Karina Koller Løland.
I Nygårdsparken i Bergen nyt studentane sommarvarmen tysdag ettermiddag. Faddergruppene sit samla, kvar for seg, med pils, mat og diverse aktivitetar.
— Det er sjølvsagt skummelt å høyre at ein UiB-student er smitta. Men vi held avstand og smittereglane elles, seier studenten ved Høgskulen på Vestlandet, Martin Løvnes. Saman med ein hard kjerne i faddergruppa har han trekt inn i skuggen i parken. Festen er i gang, men i ordna former, hevdar studentane.
— Vi er 20 stykke, og blandar oss ikkje med andre grupper. Då tenkjer vi dette går greitt, seier Martin Løvnes.
Nylige artikler
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad
Religionspolitikk og teologi i akademia
Her er studentene maksimalt fornøyde
Smalere opptaksgrunnlag vil svekke både fagskolene og arbeidslivet
Svein Tuastad vil gjenreise ein «ukul» Habermas i akademia
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Studenter på deltid i et fulltidsstudium
Oppfordrer til sensurnekt
Her er de mest fornøyde lærerstudentene
72 norsk-israelske samarbeid i Horisont Europa. — Det er sjokkerende