rektorval
Rektorval i full gang. — Ho har eg aldri høyrt om
Snart blir det klart kven som blir nye rektorar ved universitet i Oslo og Bergen. Men har folk fått med seg at det er val, og veit dei kven rektorkandidatene er?

I trappa på Studentsenteret i Bergen er valkampen på siste utpust.
Lise Øvreås, som håpar å kapre rektoratet frå sitjande rektor og motkandidat Margareth Hagen, deler ut flygeblad med QR-kode til dei digitale urnene.
— De må verkeleg ta vare på universitetsdemokratiet, seier masterstudenten i systemdynamikk, Pritchard Paradzayi, som har stoppa i trappa for ein prat med rektorkandidaten.
Torsdag ettermiddag blir det avgjort ved Universitetet i Bergen.
Det einaste som er heilt sikkert, er at det blir ei kvinne på toppen på begge universitet — ei av to i Bergen — ei av tre i Oslo: Hanne Flinstad, Ragnhild Hennum eller Giske Ursin.

Pritchard Paradzay er frå Zimbabwe, og har studert i Bergen sidan 2023. Med seg frå universitetet i hovudstaden Harare, der han tidlegare studerte, har han perspektivet.
— Universitetet blir i realiteten styrt av presidenten. Militæret er på campus for å passe på at studentane held kjeft.
Paradzayi har sjølv blitt arrestert. Å bli utvist for å seie «feil» ting, er ikkje uvanleg. Universitetsdemokrati er ein utopi.
Sol
På andre sida av fjellet, i Oslo, forsikrar førsteårsstudent i matematikk, Lars Aadnesen, at han både har fått med seg at det er val, og at han kjem til å bruke røysteretten.
— Eg veit for lite om dette sjølv, men har avtale med ein kamerat som skal hjelpe meg litt, seier 20-åringen.
Ved Universitetet i Oslo er det mogleg å røyste heilt fram til morgonen den 4. april.
Når Khrono viser Aadnesen bilete av dei tre rektorkandidatane, blir det berre nesten bingo. Aadnesen veit nemleg godt kven to av kandidatane er — Hanne Flinstad Harbo og Giske Ursin — men må gi opp når det gjeld den tredje, Ragnhild Hennum.
— Nei, ho har eg aldri høyrt om, seier matematikkstudenten.

Kva med dei tilsette? Både studentar og tilsette har no eit val, administrative som vitskapelege.
I rolla som stikkprøve peikar Simen Faaberg frå kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Oslo nettopp på Ragnhild Hennum.
— Eg har ikkje bestemt meg hundre prosent endå, men det går nok mot Ragnhild Hennum, seier han.
Sola skin.
Regn
Bergen: Det regnar.
Tre av tre tilfeldig utvalde studentar har så vidt fått med seg at det er val ved Universitetet i Bergen, men ein av dei fann det først ut i kaffipausen som starta for eit kvarters tid sidan. Eit flygeblad frå Team Hagen ligg på kafeteriabordet i Ulrike Pihls hus.

— Eg innrømmer at eg ikkje har høyrt om det før i dag, seier Martin Flo Øfstaas, som går på master i maskinlæring.
— Bekreftar vel at det har vore litt lite informasjon, seier Kristian Rønnestad på samfunnsøkonomi.
Ho som har fått universitetsvalet med seg for ei god stund sidan, har allereie røysta. Eline Sveinsson Momrak har satsa på Team Øvreås, litt tilfeldig, fordi ho har sans for forelesaren sin, prorektorkandidat Endre Tvinnereim.
— Men det har vore veldig vanskeleg å skilje dei to kandidatane ifrå kvarandre. Eg har lese plattformene og frå debattane, men det er vanskeleg å sjå kva som er forskjellen på dei.
— Dei må kanskje henge meir der studentane er, for at dei skal få det med seg, seier Momrak, som studerer politikk og forvaltning.

Zimbabwe
Det er forresten slik at Zimbabwe var tidlegare ute enn USA med å starte arbeidet med å demontere demokratiet, sånn generelt.
— Lite er endra på universiteta etter Mugabe, konstaterer systemdynamikkstudenten.
Etter at den tidlegare presidenten, Robert Mugabe, til slutt måtte gi etter for naturkreftene i 2019, tok den mindre kjende, og mindre berykta, Emmerson Mnangagwa over. Han har relativt god kontroll over lærestadene, og har ingen planar om å sleppe spakane.
— Rektorane er marionettar, seier Paradzay.
I Bergen unner han seg å klage litt på det evige regnet.
— Demokratiet er verdfullt. It surely should be treasured, seier han og skannar QR-koden.