Rektorval

Tok den siste debatten: — Stillinga mellom Oslo og Bergen er 18—2 i milliardar

Kor går pengane, og korleis får Universitetet i Bergen tak i dei? Økonomi prega ordskiftet i valkampinnspurten.

Margareth Hagen (til venstre) og Lise Øvreås i universitetsaulaen i Bergen, i ein siste duell onsdag, før valet av ny rektor skal i gang.
Publisert Sist oppdatert

Dei har vore gjennom ein halvmaraton av debattar kringom på Universitetet i Bergen (UiB), dei to laga som konkurrerer om rektoratet. 

FAKTA

Rektorval, UiB, 2025

  • Våren 2025 er det rektorval og val av nye medlemmer til universitetsstyret ved Universitetet i Bergen
  •  Rektorvalet  startar kl. 09:00 den 24. mars og avsluttast kl. 12.00 den 27. mars. val til UiB-styret er 5.-7. mai.
  • Alle tilsette har stemmerett, som er fast tilsett i minst halv stilling, er tilsett eller engasjert for minst eit år i minst halv stilling eller har vore samanhengande tilsette eller engasjert i minst eit år i minst halv stilling

No, rett før tilsette og studentar kan gå til dei digitale urnene, samla utfordrar Lise Øvreås’ lag og sitjande rektor Margareth Hagens lag seg til ein innspurt i aulaen.

Til å jage dei over målstreken hadde universitetet hyra politisk redaktør Sølve Rydland frå Bergensavisen.

Første spørsmål gjekk til Lise Øvreås:

— Kva er grunnen til at vi treng eit nytt rektorat?

— Eg synest ikkje det går så veldig bra ved UiB akkurat no, svarte Øvreås, og dermed var tonen sett.

— Nei

— Det er mykje i verda som skjer, som vi er nøydde til å ta innover oss. Eg har leia vitskapsakademiet i to år og fått god innsikt nasjonalt og internasjonalt, sa Øvreås og meinte det kan gjerast ein betre jobb for å kommunisere kunnskapen ut i samfunnet.

— Vitskapen formar samfunnet mykje meir direkte enn før.

Lise Øvreås er lite imponert over økonomistyringa ved UiB.

Debattleiaren vende seg deretter til Margareth Hagen og spurde om ho var einig.

— Nei, var, ikkje overraskande, hennar svar.

Øvreås lag har gjort kritikk av økonomistyringa til Hagen til eit sentralt poeng i valkampen. 

— I løpet av valkampen har eg vore rundt på alle einingar på universitetet og snakka med folk. Og dei er bekymra for utviklinga. Dei har ein usikker kvardag, sa Øvreås.

Hagen parerte: 

— Det er tøffe tider, det er noko alle føler på. Det er ikkje noko som gjeld berre UiB, det gjeld heile sektoren, nasjonalt og internasjonalt. Å isolere dette til eit UiB-problem, er litt merkeleg.

Og vidare:

— Vi har gjort alt vi kan for å bufre fagmiljøa og fakulteta i den urolege og økonomisk tøffe tida vi har stått i. Det er eg utruleg stolt av, erklærte rektoren.

Universitetshierarkiet

Deretter gjekk det slag i slag om lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid, og om samhandling, som er blitt det store slagordet for begge lag i kampen om rektorvervet — og vidare om innovasjon, og om korleis næringsliv og akademia skal jobbe betre saman.

Margareth Hagen er lite imponert over kritikken av økonomistyringa ved UiB.

Skiljelinene mellom rektorkandidatlaga var ikkje usynlege, om ein såg godt etter.

Redaktøren i Bergensavisen ville vite kor rektor Hagen plasserte Universitetet i Bergen i statushierarkiet, i forhold til Universitetet i Oslo og NTNU.

— Vi er øvst, svarte Hagen, momentant.

— Einig, sa Øvreås, også utan tenkepause.

Korleis kunne det då henge saman, pusha Bergensavisen, at 18 milliardar statlege kroner er pumpa inn i prosjekt til universitetsbygg i Oslo siste åra, og 18 milliardar til NTNU i Trondheim. 

Og berre to til Bergen.

— Stillinga mellom Oslo og Bergen er 18-2, sa Rydland.

Så, kva ville dei gjere med det, korleis få tak i pengane?

— UiB er ikkje UD

Det var ikkje heilt lett å få tak på svara til nokon av kandidatane på dette smertepunktet, kanskje fordi det ikkje er blitt funne. 

Tung infrastruktur er viktig.

Også om dette var dei einige.

Korleis innskrenke gapet mellom den mentale universitetsrangeringa i Bergen og statsbudsjettet, det teikna til å vere eit lengre lerret å bleike, eventuelt prosess.

Sigrunn Eliassen er prorektorkandidat på Hagens lag. Endre Tvinnereim stiller saman med Lise Øvreås.

Bergensavisens redaktør rydda også plass til spørsmål om Israel og Palestina frå scenen i aulaen. 

— Eg forstår at det er vanskeleg å forstå at vi ikkje vil innføre akademisk boikott mot Israel. Men begynner du å boikotte ein stad — kvar går grensa? Eg har for eksempel kollegaer som meiner vi bør boikotte Equinor, sa Hagen og summerte opp:

FAKTA

Rektorkandidatane

  • Sitjande rektor Margareth Hagen med prorektorkandidat Sigrunn Eliassen stiller mot utfordrar og rektorkandidat Lise Øvreås og prorektorkandidat Endre Tvinnereim.
  • I tillegg til prorektor Sigrunn Eliassen, har Hagen følgjande kandidatar med på sitt lag:
    Kjell-Morten Myhr, (viserektor for forsking, innovasjon og samhandling), Kristoffer Chelsom Vogt (viserektorkandidat for forskarutdanning og internasjonalt samarbeid)
  • Lise Øvreås har med seg Marit Øilo, som får rolla som viserektor for utdanning dersom Team Øvreås vinn valet, Anne Bang som viserektor for internasjonalisering og Karsten Specht som viserektor for innovasjon og infrastruktur

— UiB er ikkje Utanriksdepartementet.

Og Øvreås, kva tenkte ho om utanrikspolitikken?

— Vi skal ikkje drive utanrikspolitikk. Vi seier nei til boikott av Israel. Det har med akademisk ytringsfridom å gjere, og norsk lov. Vi har innkjøpsordningar vi ikkje kan heve oss over.

Gøy, gøyare, gøyast

Etter at Bergensavisen var ferdig med å grille, eller tine, dei to rektorkandidatane, Hagen og Øvreås, fekk også prorektorandidtane, Endre Tvinnereim og Sigrunn Eliassen, ein runde på podiet. 

Til slutt var alle ni på scenen — med smått og stort av pro- og viserektorkandidatar frå begge lag.

Professor og representant i UiB-styret, Inga Berre, var blant dei som stilte spørsmål frå salen.

— Val, demokrati og valkamp er gøy, og særleg når det ikkje er skyttargravskrig og polarisering mellom kandidatane, oppsummerte ordstyrar og redaktør Rydland til applaus frå dei frammøtte i den ikkje heilt fullsette salen.

Fram til 19. desember i fjor var det liten fare for polarisering ved UiB, men heller ingen grobotn for demokratisk konkurranse om rektoratet: 

Den dagen kom Lise Øvreås på banen. Fram til då hadde debatten handla mest om den demokratiske mangelen i at berre ein kandidat, sitjande rektor, stilte til val.

Sidan har det blitt gøyare og gøyare. Til saman 14 gonger har rektorkandidatane debattert ulike stader på universitetet. 

Nokon kjem til å bli rektor: Utfordrar til rektoratet, Lise Øvreås (i forgrunnen) eller Margareth Hagen.

Prorektorkandidat Endre Tvinnereim på Øvreås sitt lag hadde med seg ein statsvitskapeleg oneliner, som kanskje var ei påminning. Om det skal bli verkeleg gøy, må veljarane hugse, eller gidde, å stemme. 

— Vi må hugse at demokrati er meir enn ei demokratisk moglegheit.

Valperioden for rektorvalet er frå 24. — 27. mars. 

I tillegg til rektor, skal det også veljast representantar til styret ved Universitetet i Bergen. Dette valet skjer først i perioden 5.-7. mai.

 

Powered by Labrador CMS