sannings- og forsoningskommisjonen

Rektor blir med på lese­dugnad for sannings­kommisjon

— Det hadde vore veldig ille dersom ein no skulle driva med ei slags sjølvpisking utan å tenkja på kva ein skal gjera framover, seier UiT-rektor Dag Rune Olsen.

Forsnorskinga gjorde noko med dei samiske språka. Men UiT-rektor Dag Rune Olsen er òg oppteken av den samiske kulturen, og fortel om samarbeidet UiT og Samisk Høgskole mellom anna har for å utdanna sjukepleiarar som kjenner både samisk språk og kultur. Torsdag føremiddag får Stortinget overlevert rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen.

Når heile rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen torsdag 1. juni vert lesen opp på Nationaltheateret, er fem representantar frå UiT Noregs arktiske universitet blant dei som skal lesa. Ein av dei er rektor Dag Rune Olsen.

Fakta

Sanningskommisjonen

  • Sannings- og forsoningskommisjonen leverer 1. juni sin rapport til Stortinget. Kommisjonen har hatt som oppgåve å granske, fornorskingspolitikken og uretten gjort mot samar, kvenar og norskfinnar.
  • Norske styresmakter har i periodar fram til slutten av 1900-talet ført ein politikk overfor samar, kvenar og norskfinnar som fekk alvorlege, negative konsekvensar for kultur, språk, identitet og levekår. Denne politikken blir ofte omtalt som fornorskingspolitikken.
  • Kommisjonen skal også foreslå tiltak som kan bidra til forsoning.
  • Kommisjonen har 11 medlemmer, i tillegg til leiar Dagfinn Høybråten, dei fleste forskarar og akademikarar.
  • UiT er sekretariat for kommisjonen.

Kjelde: UiT

— Me får ikkje teksten før Stortinget har fått rapporten. Eg skal lesa i 17-tida på ettermiddagen, så eg får litt tid til å førebu meg. Det me som skal lesa må fokusera på, er å vera så proffe opplesarar som mogleg, og halda den tidsramma me har fått. Så får me fordøya innhaldet etterpå, seier Olsen.

Det var i 2018 Sannings- og forsoningskommisjonen vart oppnemnd. Sidan den gong har kommisjonen, leia av tidlegare KrF-leiar Dagfinn Høybråten, granska konsekvensane av fornorskingspolitikken og urett overfor samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. Dette er mellom anna gjort ved å invitera berørte grupper til opne møte og å samla inn personlege historier.

Når rapporten no vert offentleggjort, skal heile teksten på 700 sider lesast høgt. Det er teatersjef ved Det kvenske teateret, Frank Jørstad, som er initiativtakar. Han sa nyleg til Bergens Tidende at målet er at heile Noreg skal lesa rapporten, og difor vil rapporten verta lesen høgt. 35 timar vil det ta, og hundre menneske skal dela på oppgåva.

Lytta, så analysera

— Det har vorte forska for lite på fornorskinga, sa Liv Inger Somby nyleg til Khrono.

Somby er påtroppande rektor ved Samisk Høgskole, og sjølv medlem av kommisjonen. Ho sa òg at det er eit stort arbeid som står igjen for å undersøka uretten som er gjort, og mange spørsmål som manglar skikkelege svar.

— Kvifor skjedde det? Korleis kunne fornorskinga gå så langt som ho gjorde? Kva har dette gjort med helse? Med retten til utdanning? Med språk — nordsamisk, pitesamisk, umesamisk, skoltesamisk, lulesamisk, sørsamisk? Her er mykje upløgd mark, sa Somby.

UiT-rektor Olsen er oppteken av at ein først må lytta. Difor inviterer UiT til «Vi lytter»-arrangement på alle campusar og studiestader. NRK strøymer opplesinga frå Nationaltheatret.

— Me skal lytta først, så analysera. Det er òg ei akademisk rolle, seier Olsen.

Han nemner nokre forhold han tek for gitt at rapporten seier noko om.

— Kunnskapen om fornorskinga har vore veldig låg, så her trengst det meir kunnskap. Vidare er både dei samiske språka og kvensk utsette språk, så me må utdanna lærarar som kan undervisa elevar på deira morsmål. Her har me ein jobb å gjera, seier Olsen.

Forskar på internatskulane

Khrono har tidlegare skrive om både skjelettsamlinga ved De Schreinerske samlinger ved Universitetet i Oslo og om ei utstilling av samiske gjenstandar ved Universitetsmuseet i Bergen. Her viste museet mellom anna til eit sitat frå dåverande museumsdirektør Yngve Nielsen ved Etnografisk Museum. Han tilhøyrde sosialdarwinismen, og skreiv om samane: «Racen har ikke hat let for at tilegne sig en høiere civilisation; den naar gjerne kun til et visst trin og stanser dermed, idet den i sit inderste føler en motsætning til denne kultur, som ikke kan overvindes».

— Ein må aldri falla for freistinga til å tru at forsking berre er til det gode, seier Dag Rune Olsen.

— Når det gjeld forsking på urfolk er det i ettertid fleire ting ein ikkje er like stolt over. Då må ein ta tak i dette på ein dagsaktuell måte og òg sjå på kvifor det vart som det vart.

Noregs arktiske universitetsmuseum skal snart visa ei utstilling om internatskulane og barna som gjekk der.

— Eit lita utstilling om eit stort tema som det har vore for lite søkelys på, seier prosjektleiar Cathrine Paus på UiT sine eigne nettsider.

Førsteamanuensis Ketil Zachariassen har forska på internatskulane, som det på eit tidspunkt var femti av i Nord-Noreg. Zachariassen har òg site i Sannings- og forsoningskommisjonen.

Han seier at målet om fornorsking gradvis forsvann frå 1960-talet og utover, men systemet med internatskulane varte til slutten av 1990-talet. Her gjekk det både norske og samiske barn.

— Sjølv om fornorskingspolitikken retta mot samane i skulen vart formelt avslutta på byrjinga av 1960-talet, vart fornorskingspolitikken i praksis vidareført i fleire tiår, seier forskaren.

Lytting fleire stader

— Olsen, er det fare for at dei arrangementa som det no vert lagt opp til, og det fokuset som kjem på urfolk sine problemstillingar, vert ei slags botsøving?

— Nei, det er difor eg meiner det er viktig at me lyttar før me går vidare. Det hadde vore veldig ille dersom ein no skulle driva med ei slags sjølvpisking utan å tenkja på kva ein skal gjera framover.

Khrono har vore i kontakt med fleire andre universitet og høgskular, mellom anna Universitetet i Oslo, med spørsmål om dei legg opp til arrangement i samband med offentleggjeringa av rapporten. Det gjer dei ikkje, men OsloMet og Høgskolen i Innlandet legg til rette for lytting.

— Me gjer dette som ein del av fakultetet si bevisstgjering av kunnskap om og av urfolk og nasjonale minoritetar. Me er eit fakultet som utdannar lærarar og pedagogar og meiner at det er viktig at både tilsette og studentar har kunnskap og er bevisste på dei utfordringane urfolk og nasjonale minoritetar har i Noreg, skriv dekan for Fakultet for lærarutdanning og pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet, Morten Ørbeck, i ein e-post til Khrono.

Ved OsloMet er det universitetsbiblioteket som skal ha lytte-arrangement. Bibliotekdirektør Hege Undem Store skriv i ein e-post til Khrono at kommisjonen sitt arbeid er eit følsomt tema for mange, og at OsloMet har både tilsette og studentar som denne rapporten vil vera viktig for. Difor legg universitetsbiblioteket til rette for ein felles møteplass der dei kan følgja strøyminga saman.

— Me håpar dei som har behov for fellesskap og støtte kan oppleva det ved å sjå strøyminga saman, og me håpar så mange som mogleg av både studentane våre og dei tilsette vil møta opp både for å verta opplyste og for å støtta medstudentar og kollegaer som rapporten er spesielt viktig for, seier Store.

Ho seier òg at kunnskap om fornorskingspolitikk og rett overfor samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar både er ein viktig del av mange av OsloMet sine forskingsområde og for mange av dei nyutdanna og dei yrka dei skal ut i.

— Det er viktig for storbyuniversitetet, i storbyen der det bur og lever mange menneske som har røynsler med dette, seier Store.

Det som forsvann

«Vi skal være det ledende universitetet på kunnskap om og formidling av samisk og kvensk språk, kultur, kunst og samfunn, og på møtet mellom majoritets- og minoritetssamfunnet», heiter det i UiT sin strategi 2022—30.

Når rapporten frå kommisjonen no kjem, har UiT har oppmoda næringsliv i «sine» byar til å vera med på lyttedugnad, og representantar frå universitetet skal vera med på eit arrangement om rapporten i Tromsø domkirke neste veke.

Dag Rune Olsen seier at det ikkje er unaturleg at UiT tek leiarskap, all den tid universitetet ligg i Sápmi, og i ein del av landet med kvenske innbyggjarar.

— Burde andre universitet gjort meir no?

— At UiT tek leiarskap betyr ikkje at andre ikkje bør ha ein tanke om kva forhold dei skal ha til denne rapporten. Ein snakkar om kva som har vorte teke frå urfolk, men majoritetsfolket har òg vorte frårøva eit mangfald — det forsvann med forskningspolitikken. Dette mangfaldet kan alle bidra til, seier UiT-rektoren.

Powered by Labrador CMS