Forskarar har forsvart kolonialisme, slaveri, fornorsking og folkemord. — Ein arv vi må forhalde oss til, seier forfattar av ny bok om rasevitskapen.
Vitskapsmannen Jon Alfred Mjøen etablerte Det norske program for rasehygiene. Bildet er frå Tydal, nord for Røros, 1922, der Mjøen utfører skallemåling på samisk lokalbefolkning.Privat
Som ein mørk understraum
har raseforskinga strøymd gjennom vitskapshistoria. Men i lange periodar og på
mange fagfelt har rasistisk fundert vitskap også vore ein hovudstraum med høg
prestisje.
— At folk kan delast inn
i biologisk distinkte grupper, basert på ytre kjenneteikn eller biologiske skilnader, er ein tenkemåte som har henta mykje legitimitet frå vitskapen, seier
Jon Røyne Kyllingstad.
Med boka «Rase», som er ute i desse dagar, har
historikaren gitt plass til ein del av vitskapshistoria som truleg er meir
omfattande enn dei fleste er kjende med eller ønskjer å ta inn over seg.
Frå
starten med 1758-utgåva av den svenske vitskapsmannen Carl von Linnés
storslagne verk «Systema naturae», eit klassifikasjonssystem over heile
den naturlege verda: Det var første gong vitskapen delte menneska inn i rasar,
basert på hudfarge. Til «The Bell Curve» frå 1994, der statsvitaren Charles Murray
og pyskologen Richard J. Herrnstein
gjorde høgst kontroversielle koplingar mellom rase og intelligens.
Dette er idear som ifølgje Kyllingstad framleis blir
resirkulerte, mellom anna med støtte frå den ytterleggåande, rasistiske
høgresida i USA, som arbeider for å bygge opp under den gamle ideen om medfødde
ulikskapar mellom rasane.
Raseforskinga var sentral då forteljinga om nasjonen Noreg vart forma.
Jon Røyne Kyllingstad, historikar
I «Rase» trekker Kyllingstad linjene heilt frå Linné,
via framståande, europeiske opplysningsfilosofar, til skallemåling og draumar
om den ariske rasen, og fram til rasehygienen med norske vitskapsfolk som
sentrale representantar. Ein viktig del av historia er også undertrykkinga
av vår eiga urbefolkning, samane.
Var dei berre barn av si tid, dei rasistiske
vitskapsfolka?
Kyllingstad stiller sjølv spørsmålet i boka. Det
korte svaret hans er: nei.
Påverka mange fag
Som vitskapeleg omgrep har «rase» opphav i
fysisk antropologi, som voks fram på 1800-talet, med eit mål om å utforske
menneska si biologiske historie, og beskrive biologiske skilnader mellom folk.
Med det begynte eit omfattande arbeid for å kartlegge ytre fysiske kjenneteikn,
som skalleform, augefarge, hår- og hudfarge. På dette grunnlaget, meinte
professorane den gongen, kunne ein dele menneska inn i eit vitskapeleg system
av rasar.
Og i det meste av dei hundreåra rase var
forskingsobjekt, var det vanleg å rangere desse rasane i eit hierarki av høgare- og
lågareståande: Vitskapen legitimerte eit rasistisk verdsbilde i ei tid då både
kolonialisme og slaveriet voks fram med utgangspunkt i dei europeiske
imperiemaktene.
«Og noen av Europas mest anerkjent vitenskapsmenn (og
noen få kvinner) var med på å skape denne vitenskapen», skriv Kyllingstad.
Jon Røyne Kyllingstad er forfattar av boka «Rase. En vitenskapshistorie» — Det finst også mange døme på at vitskapen er blitt brukt til å motarbeide rasisme og fordommar, seier han.Siri Øverland Eriksen
— I denne disiplinen har rase vore det sentrale
omgrepet frå starten av 1800-talet og fram til ei god stund etter andre
verdskrigen. Faget, og rase, er altså langt frå marginalt i vitskapshistoria,
og har påverka mange andre fagområde, som psykologi, genetikk, språkforsking og
historie, seier Kyllingstad.
Historia om raseforskinga dukkar ofte opp i meir fragmentariske
former i våre dagar, for eksempel i dei betente diskusjonane om rasisme og
avkolonisering av akademia. Ingen vil bli kopla til rasisme, og skuldingar
om rasisme fører raskt til ein polarisert diskusjon.
Kyllingstad seier boka ikkje er meint som eit innlegg i desse
debattane. Derfor vil han ikkje seie
noko eintydig, for eksempel om det som i offentlegheita blir omtalt som
avkolonisering av akademia, er rett eller gale.
— I våre dagars debattar verkar det ofte uklart kva
både tilhengarane og motstandarane av avkolonisering legg i omgrepet. Eg håper
boka kan gi eit betre kunnskapsgrunnlag for debatten.
Europeisk fenomen
Debattane har handla om alt frå krav om fjerning av
statuar av personar som skal ha stått for rasistisk tankegods, som Ludvig
Holberg og Winston Churchill her i Noreg, til påstandar om strukturell rasisme ved lærestader,
også norske.
Ein av desse betente debattane oppstod då eit bydelsutval i
Oslo i 2020 fremja krav om å fjerne ein dedikasjon til Carl von Linné på ein
benk i Botanisk hage ved Naturhistorisk museum, som er ein del av Universitetet i Oslo. Bakgrunnen var
nettopp Linnés tidlege bidrag til rasevitskapen. Politikarane meinte det var
feil å berre opplyse om bidraget til botanikk og astronomi, og meinte at det også
burde opplysast om at han var «blant de tidligst kjente
vitenskapelig rasistene», som det heitte i vedtaket.
— Hovedargumentet var så vidt eg hugsar at det blei
feil å heidre naturforskaren Linné utan å vise den andre sida ved han – og at
det derfor burde bli gitt informasjon slik at Linnés raseteoriar kunne komme
fram i lyset. Det synest eg er eit heilt rimeleg argument. Kritikken som kom
var ute av proporsjonar, seier Kyllingstad.
Benken blei til slutt utstyrt med eit skilt som
informerte om Linnés «mørke side».
I diskusjonen om rasetenkinga er eit spesifikt
vestleg fenomen eller ikkje, tar Kyllingstad derimot klar stilling. Sjølv om
det finst liknande tenkemåtar i andre samfunn og i andre historiske tidsrom, er
det «rimelig å snakke om moderne rasetenkning som et spesifikt historisk fenomen», og som «noe som oppsto i Europa på 1700- og 1800-tallet», skriv
Kyllingstad.
— Men det er viktig å legge til at rase er eit
ganske flytande og dynamisk omgrep, som er blitt forma på ulike måtar, med ulike
teoriar, knytt til ulike samfunnsfunksjonar gjennom historia, seier han.
Filosof og rasist
Ein av desse «funksjonane» var den transatlantiske
slavehandelen, som oppstod i kjølvatnet av den interkontinentale sjøfarten, med
Europa som sentrum, frå kring år 1500. Koloniane som vart etablerte i Amerika
og Afrika, og slavehandelen, «la grunnlaget for en samfunnsordning der hudfarge
og kontinentalt opphav ble bestemmende for den enkeltes plass i samfunnet».
I vitskapelege krinsar i Europa gjekk debatten om
slaveriet. Skiljet gjekk i stor grad mellom dei som meinte menneskerasane var
skapt frå eit felles opphav, den såkalla monogeismen. På den andre sida stod
polygenistane. Ein av dei var opplysningsfilosofen David Hume, som hevda at
«negroes» og alle andre «species of men» var «naturally inferior» i forhold til
dei kvite.
Kyllingstad vier fleire sider til Immanuel Kant, ein
av dei viktigaste filosofane gjennom historia, kjent som talsmann for fornuft.
Slaven Gordon klarte å rømme frå ein plantasje i Louisiana. I 1863 vart han kjent då eit bilde vart publisert i Harper's Weekly, det mest leste tidsskriftet under den amerikanske borgarkrigen. I løpet av 1700-talet spelte vitskapen ei sentral rolle i å legitimere slaveriet.Cappelen Damm
Han var monogeist, men menneskeslekta hadde i hans
teori utvikla seg i ulike retningar frå det felles opphavet, til permanente raseforskjellar. Han sette for eksempel «amerikanarane» lågast på rangstigen,
dei var både fysisk svake og ute av stand til å lære. «Negrane» stod eit lite
hakk over, dei kunne trenast til å bli slavar, men ikkje meir.
Kant var gjennom
det meste av livet positiv til kolonialisme, og meinte det var i orden at kvite
utnytta svarte som slavar, ifølgje Kyllingstads bok.
Filosofen var samstundes klar
over brutaliteten som gjekk føre seg.
Kants rasisme er dermed eit døme på noko som ikkje
kan forklarast bort med at han berre var farga av tida han levde i, ifølgje Kyllingstad. I samtida
var slaveriet omdiskutert, og det fanst andre vitskapsfolk som på vitskapeleg
grunnlag kritiserte både slaveriet og ideen om afrikanarar som intellektuelt
mindreverdige.
Kva så med Noreg – var ikkje dette dei store kolonimaktene sin arena, land som Portugal, Spania,
Frankrike, England, Nederland?
«Også Danmark-Noreg hadde hadde sin vestindiske
koloni» (dei karibiske øyane St. Croix, St. Thomas og St. Jan som i dag høyrer
til USA). Ca. 100 000 slavar vart frakta over havet på dansk-norske skip, svarar Kyllingsatd. «(…) i forhold til innbyggertallet var slavøkonomien like viktig for
Danmark-Norge som for de store kolonimaktane».
Kva rolle har så norske vitskapsfolk spelt i historia om raseforskinga?
Germanske nordmenn
Ein sentral epoke i historia om rase i norsk
vitskapshistorie er tett knytt til sjølve utviklinga av den norske identiteten
og forminga av ideane om opphavet til nasjonen Noreg:
Historiefaget vart
etablert i tida kring 1840, under den såkalla nasjonalromantikken. I spissen
stod Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch, som begge vart professorar ved det
unge Kristiania-universitetet. Parallelt med at idear om demokrati og menneskerettar
fekk feste, forankra historikarane forskinga si i grunnleggande rasistiske
idear.
— Munch og Keyser dreiv ikkje biologisk eller
naturvitskapeleg raseforsking, men den norske historieforskinga bygde på tankegods
som var viktig i denne tida, og norske historikarar utvikla ein
innvandringsteori som gjekk ut på at nordmenn hadde sitt opphav i ei germansk
innvandringsbølgje i jernalderen. Dei hadde hatt med seg jordbruket og skauv
urbefolkninga, det dei meinte var samane sine forferdrar, til side. Dei bygger
altså på eit slags raseprinsipp, der historia er ei utfalding av høgareståande
germanske raseeigenskapar, mot lågareståande «lappar». Raseideen, og i ein
forstand raseforskinga, var sentral då forteljinga om nasjonen Noreg vart
forma, seier Kyllingstad.
Veggplansje som skulle illustrere dei fire hovudrasane i Europa.Museum for universitets- og vitenskapshistorie
I den norske vitskapshistoria høyrer også kort- og
langskallane heime, ei differensiering av rasar mellom nordmennene sjølve, med
bakgrunn i målingar av hovudskallar – som heilt frå starten var ein sentral
del av raseforskinga.
Det var dei svenske naturforskarane Anders Retzius og Sven Nilsson som utvikla teorien
om kortskallar og langskallar omkring 1840, og denne teorien, der germanarar blei
klassifiserte som blonde langskallar, blei ei viktig inspirasjonskjelde for den
norske innvandringsteorien.
Ideen om kortskallar og langskallar fekk stort
internasjonalt gjennomslag, og mot slutten av 1800-tallet fekk teorien ei
sentral rolle i den fransk-tyske skuleretninga antropososiologi. Den var eit
vitskapeleg angrep på opplysningsideala frå den franske revolusjonen.
I staden
for «fridom, likskap og brorskap, var idealet «determinisme, ulikskap,
seleksjon», med Darwins lære for handa, fortel Kyllingstad.
Frå dette utgangspunktet utvikla norske
antropososiologar to-raseteorien:
Dei kortskalla vestlendingane var
tilbakeskodande, mistruiske, fanatiske og politisk konservative, ifølgje
Andreas M. Hansen, som i 1899 gav ut boka Norsk folkepsykologi. De var
etterkommarar av eit slavefolk, som skulle ha overlevd istida, før dei austlandske
langskallane rykte inn: Dei høyrde ifølgje Hansen til det ariske herrefolket,
som skapte den norrøne kulturen.
Under både kort- og langskallar, på det lågaste trinnet, med «deres iøinefaldende mindreverdighet», som Hansen uttrykte det, stod samane.
Samerasen
Den norske historiske skulen med Keyser og Munch i
spisssen møtte etter kvart sine kritikarar, særleg frå 1860-talet og framover.
Bestyrar på Etnografisk museum ved universitetet,
Ludvig Daa, var ein av dei som gjekk imot. Han avviste innvandringsteorien.
Naturen og landskapet tok over som forklaring på utviklinga av den norske
karakteren.
Alette Schreiner var ein internasjonalt kjent genetikkforskar tidleg på 1900-talet. Her fotografert med søner og dyreskalle, cirka 1910.Ukjent/Museum for universitets- og vitskapshistorie
Men samane blir verande utanfor, saman med kvenar og
skogfinnar. Definert under den asiatiske, eller «mongolide» rasen, blir dei
stadig sett på som rasemessig grunnleggande forskjellige.
— Her finst det eit stort spenn, frå dei mest
radikalt raseorienterte som oppfatta samane som eit degenerert og dødsdømt
folk, eit tilbakelagt stadium – til dei som meinte dei kunne endrast til å «bli
som oss». Dette er grunnlaget for fornorskingspolitikken, seier Kyllingstad.
Ikkje berre samane, men også andre minoritetar,
særleg kvenar og taterar vart utsette for ein hard, statleg
assimilasjonspolitikk fram til midten av 1900-talet.
— Denne politikken kvilte på ideen om at desse
menneska kunne bli gjort til nordmenn, sjølv om dei var av ein annan rase, og
til og med lågareståande.
Mot raseblanding
Utover på 1900-talet vart eugenikken, eller rasehygienen, ein sentral disiplin, med framståande norske vitskapsfolk i front. Jon Alfred Mjøen heitte den mest kjende. Han etablerte
Det norske program for rasehygiene og stod sentralt i den internasjonale
rasehygienerørsla.
— Han var svært opptatt av den nordiske rasen, at
den måtte vernast mot raseblanding, fortel Kyllingstad.
Men Mjøen kom etter kvart i strid med andre leiande
norske forskarar, som hadde etablert seg internasjonalt innan embryologi og
genetikk: Kristine Bonnevie, Noregs første kvinnelege professor og ekteparet
Alette og Kristian Schreiner.
— Kritikken handla ikkje om rase, men om at dei
meinte Mjøen dreiv med kvasivitskap etter at han lanserte ei bok rasehygiene i
1914. Kristian Schreiner samarbeidde også seinare med militærlegen Halfdan
Bryn, som stod for mange av dei same ideane som Mjøen.
Bryn og Schreiner samarbeidde om ei storstilt,
statsstøtta rasekartlegging som involverte 12 000 militærrekruttar.
Schreiner var styraren av Anatomisk institutt, der
det fanst ei stor samling skjelettmateriale. Schreiner sørga for at samlinga
blei utvida med fleire hundre skallar frå samiske graver.
Eit skilje i den rasehygieniske rørsla gjekk mellom
dei som meinte det var avgjerande å hindre raseblanding for unngå degenerering
av den nordiske og ariske rasen, og dei som såg på det som eit slags biologisk
foredlingsprosjekt retta inn mot arvelege eigenskapar, der sterilisering av
«åndssvake» og «sinnsjuke» vart eit verkemiddel i fleire land.
Blant dei var
Noreg.
Rudolf Martins «Augenfarbetafel»/Augefargepalett frå 1920-talet.Håkon Bergseth/Norsk Teknisk Museum.
Kritikken mot rasehygiene auka på utover på
1930-talet, etter Hitlers maktovertaking i Tyskland. Etter nazismens fall, der
ekstreme rasehygieniske idear spelte ei sentral rolle i målet om foredling av
den ariske rasen, kom det store vendepunktet.
Oppgjeret
— Det var ikkje berre oppgjeret etter krigen som
dreiv dette fram. På denne tida starta også avkoloniseringa. FN vedtok
menneskrettserklæringa. Rasespørsmålet kom på dagsorden, særleg gjennom
UNESCO. I 1950 og 1951 kom to erklæringar som slo fast at ein ikkje lenger
kunne snakke om høgare- og lågareståande rasar. Men fram til langt utpå 1970-
og 80-talet var rase eit diskusjons- og forskingstema, seier Kyllingstad.
Det er ikkje det same som at alle i dette feltet
var rasistar.
— Ikkje alle som brukte rase som eit vitskapeleg
omgrep var ideologiske rasistar. Utifrå tida dei var i, var nokon av dei tvert
imot antirasistar. I rettssakene i USA, som førte til opphevinga av
segregasjonspolitikken, vart vitskapeleg ekspertise mobilisert.
— I kva grad har vitskapen skapt rasismen?
— Eg vil seie det har vore ein gjensidig påverknad
mellom vitskap og samfunn. Men det er klart at ideen om høgareståande og
lågareståande rasar er blitt oppfatta som vitskap, og har vore med på å
legitimere rasistiske idear. Det finst samstundes mange døme på at vitskapen er blitt
brukt til å motarbeide rasisme og fordommar. Så det blir for enkelt å seie at
vitskapen har skulda.
— Finst rasevitskap i dag?
— Det finst miljø som hevdar synspunkt og idear om
at det er viktige psykologiske skilnader mellom rasar, og at dette er eit
viktig tema. Men dette dreier seg om relativt marginale miljø, ofte med
koplingar til politiske og ideologiske rørsler. I kjølvatnet av
UNESCO-erklæringane er det blitt utvikla omfattande forsking som handlar om
rasisme som samfunnsfenomen, innanfor fag som sosiologi og sosialantropologi.
Og sjølve omgrepet rase blir brukt, for eksempel i befolkningsstatistikkar i
USA. Men då dreier det seg om rase som ein sosial kategori, som ein faktor som
betyr noko i samfunnet. På denne måten blir det forska mykje på rase, seier
Kyllingstad.
Skapte verdsbilde
Men det er altså historikar Kyllingstad er. Når det
gjeld samtida er det derfor korleis fortida formar samtida som er det sentrale.
I boka skriv han:
Det blir feil å bortforklare den vitskapelege rasismen med at forskarane berre var barn av si tid, meiner Jon Kyllingstad, som er førsteamanuensis i universitets- og vitskapshistorie ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.Siri Øverland Eriksen
«Raseforskningen framstår som et av de mest
slående eksemplene på hvordan vitenskapelig forskning var med på å skape og
opprettholde et verdensbilde som legitimerte kolonialistiske holdninger og
samfunnsordninger, etnisk nasjonalisme og undertrykking av minoriteter og
urfolk».
Og som eit slags understatement konkluderer
han med at «selv om det eksplisitt biologisk-rasistiske tankegodset i stor grad
er vitenskapelig diskreditert i dag, er det langt fra like sikkert at vi har
lagt bak oss alle aspekt ved det hierarkiske verdensbildet som denne klassiske
rasismen var del av».
— Så å seie at representantane for den vitskapelege
rasismen «berre var barn av i si tid» er ikkje noko du stiller deg bak?
— Dersom ein seier det, seier ein jo langt på veg at
folk ikkje er handlande aktørar, at kulturen dei lever i fullstendig
determinerer kva dei kan tenke. Men slik er det ikkje. Folk er både handlande
aktørar og barn av si tid. Folk er med på å skape tida dei lever i, skape
tidsånda og kulturen. Og
definisjonsmakta til vitskapen og forskarane var stor. Det er ein arv vi må forhalde oss til.
Rikke Gürgens Gjærum tar midlertidig over ansvaret som prorektor for utdanning ved UiT Norges arktiske universitet, i påvente av en permanent erstatter for Kathrine Tveiterås.
— Jeg er bedt av rektor om å ta over utdanningsfeltet fra 1. april midlertidig. Stillingen lyses ut med søknadsfrist 22. april, så det er for kort tid for å få noen helt nye inn i universitetsledelsen, sier Gürgens Gjærum til Harstad Tidende, som omtalte saken først.
Fra før er Gürgens Gjærum viserektor. Hun skal nå også være rektors stedfortreder når han er borte.
Gürgens Gjærum har ikke bestemt seg om hun skal søke på prorektorstillingen eller ikke, men sier hun er i tenkeboksen.
Rikke Gürgens Gjærum har midlertidig trådt inn i rollen som prorektor ved UiT.Tommy Hansen
For andre gang søker professor Marius Emberland embete som dommer i Høyesterett, melder Rett24.
Til vanlig jobber Emberland ved Institutt for rettsvitenskap og styring ved Handelshøyskolen BI. Han har tidligere vært advokat hos Regjeringsadvokaten. Han søkte sist å bli høyesterettsdommer i oktober 2024.
Det er fem søkere til stillingen.
Blant disse er Torunn Elise Kvisberg, som er lagdommer i Eidsivating, men tidligere har vært professor ved Høgskolen i Innlandet. Også på listen er Gjermund Mathisen, Anja Jonassen, og Therese Steen.
Marius Emberland, professor ved BI, søker jobb som høyesterettsdommer.Jakob Hov/Handelshøyskolen BI
Storbritannia har lansert et nytt sikkerhetsoperasjonssenter, som har som formål å hjelpe britiske høyere utdanningsinstitusjoner med å bekjempe cyberangrep.
I 2024 rapporterte institusjonene om flere hundre hendelser, inkludert elleve store angrep, som fikk en rekke negative følger for datasystemene til de aktuelle institusjonene.
Det nye sikkerhetsoperasjonssenteret består av flere team med eksperter innenfor IT og data, som skal oppdage og beskytte institusjonene mot trusler, samt å gripe inn hvis det skjer angrep.
— Det vi gjør nå handler mye om å forhindre store hendelser, så vi stopper dem før de blir et problem, uttaler David Batho, sikkerhetsdirektør i selskapet Jisc, som har hovedansvaret for det nye senteret.
Torsdag forrige uke var det duket for åpning av Oslo Nye Høyskoles (ONH) campus på Adamstuen i Oslo.
Forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) ledet den offisielle åpningen.
— Her ligger det godt til rette for studentaktivitet, læring og trivsel, og jeg gleder meg til å følge med på utviklingen, uttaler statsråden i en pressemelding fr ONH.
Nesten 4000 studenter studerer ved ONH, og åpningen av den nye campusen på Adamstuen trekkes fram som en viktig milepæl i satsingen på moderne og fleksibel utfanning i et området som utvikles av Oslo kommune og Linstow.
— Dagens studenter har ulike behov. Mange ønsker mer frihet i hverdagen, og vi vil imøtekomme dette ved å tilby en blanding av nettstudier og fysisk undervisning. På den måten skaper vi et alternativ til det mer tradisjonelle studieløpet, sier administrerende direktør i ONH, Morten Danielsen.
Blikstad-Balas er til daglig professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO).
Blikstad-Balas tar over som styreleder etter forfatter Aage Borchgrevink, som nå har rundt 20 år bak seg i organisasjonen.
Under helgens styremøte ble ellers Anders Vaa gjenvalgt som styreleder for Det faglitterære fond.
Fysikkprofessor Morten Hjorth-Jensen ved UiO er valgt til fellow (æresmedlem) i American Association for the Advancement of Science (AAAS), melder Titan.
Han er den tredje nordmannen som får en slik ærestittel noensinne. Organisasjonen står bak tidsskriftet Science.
– Jeg ble virkelig overrasket og ikke så rent lite stolt da jeg fikk beskjeden. Det er ekstremt tilfredsstillende å bli anerkjent av det bredere vitenskapelige samfunnet, sier Hjorth-Jensen til Titan.
Hjort-Jensen er fra før medlem i AAAS, og han sier det er blant annet fordi de er en tydelig stemme for vitenskap og vitenskapelig dialog.
I begrunnelsen for ærestittelen trekker AAAS fram professorens bidrag til sitt forskningsfelt, kvantemekanikk for mangepartikkel-systemer. I tillegg hans enestående innsats for utdanning av unge forskere. Hjort-Jensen har fra før mottatt flere undervisningspriser.
– Jeg ekstremt takknemlig overfor alle studentene jeg har hatt det privilegiet å følge gjennom årene. Det er en vedvarende inspirasjonskilde.
Morten Hjort-Jensen ble stolt da han fikk vite om sitt nye æresmedlemskap i AAAS.Hilde Lynnebakken
Sametingsrådet øker stipend for samiskspråklige barnehagelærer- og lærerstudenter, står det i en pressemelding fra Sametinget.
Satsene økes fra 25.000 kroner til 45.000 kroner per semester for studenter som tar denne utdanningen. Tar man en samiskspråklig lærer- eller barnehagelærerutdanning på fulltid, vil man motta 90 000 kroner i året.
– Stipendøkningen er ment til å motivere flere til å ta en samiskspråklig pedagogisk utdanning, fordi vi trenger flere samiskspråklig fagfolk i skole og barnehage, sier sametingsråd Maren Benedicte Nystad Storslett (NSR) i pressemeldingen.
Deltidsstudenter får 18.000 kroner for 15-29 studiepoeng, og 9000 kroner får 10-14 studiepoeng.
– Sametingets stipendordninger er en del av vår rekrutteringsinnsats. Målet er at flere tar studier som gir samisk språkkompetanse på høyere utdanningsnivå, sier Nystad Storslett.
— Vi ønsker å bidra til et mer bærekraftig samfunn ved å være dagsaktuelle og ha undervisning og forskning på et høyt internasjonalt nivå. Denne rankingen tar jeg som en indikasjon på at vi beveger oss i riktig retning, sier dekan Anders Runesson til fakultets egne sider.
Nyeste artikler
Krever at studenter i praksis skal få mer økonomisk hjelp
Revolusjonen venter ikke på KI-utvalgets anbefalinger
NHO-topp: Staten bør vera i front med å setja pengar i uavhengig forskingsfond
Når samfunnet skal omstilles må høyere utdanning være med
Columbias rektor går av. Den nye rektoren har vært tydelig kritisk til demonstrantene
Mest lest
116 studenter felt for KI-fusk i fjor. Særlig én ting avslørte dem
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
To uker før masteren skulle leveres, fikk hun tilbud om å ta doktorgrad
Frykter at de ikke har råd til å bruke milliardbygg
Diesen vil bli australsk statsborger. — Eskalering av sverting og hets