Internasjonalisering

Rekrutterte nesten alle HF-professorane frå utlandet

85 prosent — det er andelen rekrutterte frå utlandet til Universitetet i Bergens største fakultet, Det humanistiske fakultet (HF), i perioden 2017 til 2020.

— Det ringer ingen alarmbjeller hos meg, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen.
Publisert

— Dersom ein held fram med det same rekrutteringsmønsteret eit par tiår til, vil det berre vere tilsette med bakgrunn frå utlandet ved fakultetet, seier Kjell Erik Lommerud til Khrono.

Han er professor i økonomi ved Universitetet i Bergen (UiB) og har sett nærare på tilsetjingar på dei ulike fakulteta ved institusjonen.

Med unntak for nokre stillingar i norske språkfag, vart alle professorar og førsteamanuensar til fakultetet rekruttert frå utlandet i perioden 2017-2020, ifølgje Lommerud.

Kommentator i Dagens Næringsliv, Eva Grinde, hevda denne veka at Cecilie Hellestveit uttalte seg på sviktande grunnlag då ho starta debatten om internasjonalisering i akademia i eit intervju med Khrono i september. Grinde viser til til ei uhøgtideleg oppteljing ved Universitetet i Oslo som viser ein andel utlendingar på «Norge-orienterte» fag på mellom 10 og 25 prosent.

Det er dette som har fått økonomiprofessoren til å gjere si eiga uhøgtidelege oppteljing i Bergen.

«Brorparten fra utlandet »

— Hadde realiteten faktisk vore 10 til 25 prosent er eg einig med Grinde, det hadde vore udramatisk. Men det er viktig å sjå på nyrekruttering, tilsette i 50- og 60-åra vart tilsett i heilt andre tider og er typisk norske, seier Lommerud.

Oppteljinga hans teiknar eit heilt anna bilde av situasjonen ved «Norge-orienterte» fag enn kommentatoren i Dagens Næringsliv gjer.

Professor i økonomi, Kjell Erik Lommerud, meiner sentrale fakultet på universitetet vil ha nesten berre utanlandske tilsette i framtida dersom rekrutteringsmønsteret ikkje endrar seg.

Lommeruds oversikt viser at rekrutteringa frå utlandet er betydeleg på alle dei såkalla allmennfakulteta, HF, samfunnsvitskap (SV) og Matematikk-naturvitskap (MN). Andelen ved MN er på rundt 60 prosent, SV på rundt 70.

Vi må kunne vege ting opp mot kvarandre, vurdere når nok er nok

Kjell Erik Lommerud, professor UiB

— Av ein eller annan grunn er det blitt tilsett 3-4 norske på Administrasjons- og organisasjonsvitskap (adm.org.) i perioden eg har sett på. Hadde ikkje det skjedd, ville situasjonen på SV vore nokså lik den på HF, seier Lommerud.

Realfag- og teknologifag har lenge hatt ord på seg for å vere dei mest internasjonale med størst andel utlendingar og mest bruk av engelsk i undervisning og publisering. Ifølgje Lommeruds oppteljing i Bergen er det derimot humaniora — med språkfag, historie, arkeologi, kunst- og kulturfag på programmet, som utmerkar seg, i alle fall når det gjeld tilsetjingar i faste stillingar.

— Eg har liten grunn til å tru at bildet her er så mykje annleis enn ved dei andre store universiteta, seier han.

Samstundes er situasjonen på profesjonsutdanningane ein annan. På Det psykologiske fakultet ved UiB er andelen utlendingar blant dei nye på 25 prosent. På Det medisinske fakultet er talet endå lågare, på 16 prosent. Med å rekne ut gjennomsnittstal for heile universitetet, i staden for å sjå på dei einskilde fakulteta, kan ein derfor komme til at andelen utlendingar ikkje er så høg.

«Tallene viser at det er store forskjeller mellom fagmiljøer – men at i store og viktige felt er brorparten av nyrekruttering fra utlandet», skriv Lommerud i sitt motinnlegg til Grinde i DN.

— Krav til norsk frå første dag

Kor smertegrensa for andelen utanlandske undervisarar går, har ikkje Lommerud eit klart svar på.

— Men nesten hundre prosent trur eg er for mykje. Det vil rokke ved legitimiteten i det norske samfunnet, seier professoren og brukar sitt eige fagfelt som eksempel:

— Eg underviser i makroøkonomi, mange utlendingar kan undervise i makroøkonomiske modellar minst like godt som meg. Men å hugse statsbudsjettet frå i fjor, rentesituasjonen for ti år sidan eller valutakursendringa i 1992, det krev at ein har følgt med, les aviser og vore jorda i det norske samfunnet i lang tid. På mitt institutt har vi 25 prosent utanlandske i staben, det er heilt fint. Vi kunne godt hatt 40 prosent, ikkje noko problem. Men på eitt eller anna tidspunkt tippar det over. Vi treng også folk som kan undervise på norsk og forstår den norske konteksten.

Lommerud er, i lys av den betente ordbruken i debatten, nøye med å understreke at han overhovudet ikkje har noko imot utlendingar i akademia – tvert imot.

— Det er sant at det er mange utanlandske tilsetjingar på dei store og mest internasjonale universiteta. Det er også sant som Curt Rice har sagt, at dei kan bli fullt integrerte og fungerer heilt fint. Det er sant at dei bringer med seg nettverk og viktige synspunkt. Men vi må kunne vege ting opp mot kvarandre, vurdere når nok er nok.

Lommerud trur ei form for regulering tvingar seg fram, dersom ein ikkje skal bli sitjande igjen utan tilsette som kan undervise på norsk eller skandinaviske språk.

— Eg trur vi i nokre utlysingar må stille krav til norsk eller skandinavisk språk frå første dag. Ein må også kunne spisse og målrette det faglege innhaldet i visse stillingar.

Økonomiprofessoren seier oppteljinga hans ikkje er så omfattande som den burde ha vore. Han ønsker seg derfor ein grundigare gjennomgang og analyse frå sentralt hald ved UiB. Det kjem neppe med det første.

Rektor: — Ringer ingen alarm

— Vi kan sjølvsagt gjere det, men det ringer ingen alarmar hos meg, seier rektor Margareth Hagen ved UiB.

Ho seier at det høge talet på HF overraskar henne litt. Hagen har tidlegare vore dekan på dette fakultetet og har markert seg som ein forkjempar for humaniora.

— Ja, det er klart vi rekrutterer internasjonalt. Og mange av jobbane er nok ekstra ettertrakta på grunn av jobbtørke i andre land. Då er det veldig viktig at vi gjer det attraktivt for norske å jobbe på universitetet. Vi må vere konkurransedyktige.

— Kan det vere aktuelt å innføre reguleringar eller kvotar?

— Nei. Vi må vere bevisst på integrering, og vi må sikre at det blir undervist på norsk på bachelor og støtte opp om språkopplæring. Det er viktig at undervisarane evner å kontekstualisere.

— Finst det noko smertegrense, meiner du?

— Det synest eg er vanskeleg å seie. Det er viktig at dei som kjem hit skal kunne undervise på norsk i løpet av få år, les aviser og delta i formidling og samfunnsdebatt, seier Hagen, som viser til at UiB har innført krav om at fast tilsette skal kunne vere kyndige i norsk før tre år har gått.

— 85 prosent andel utlendingar rekruttert på HF, er det eit problem?

— Nei. Det er jo ikkje 85 prosent utenlandsk rekrutterte på fakultetet, så isolert sett er ikkje dette eit problem. Men Lommerud har rett i at ein bør sjå på aldersgruppene blant dei vitskapeleg tilsette, slik at vi sørger for eit mangfald også fram i tid.

Powered by Labrador CMS