internasjonalisering

52 søkarar til stipendiat­stilling – ingen er norske

Ikkje noko problem, meiner professor ved NTNU, Christian Klöckner.

Professor Christian Klöckner kom frå mellombels forskarstilling i Tyskland til fast stilling som førsteamanuensis ved NTNU i 2007. Han har inntrykk av at det ikkje er like attraktivt for dei norske som dei utanlandske å søke stipendidat- og andre forskarstillingar på universitetet.

Publisert

Utlysinga har stått på rekrutteringsportalen Jobbnorge ei tid:«Ved Psykologisk institutt er det ledig en midlertidig stilling som stipendiat i miljøpsykologi for en periode på fire år, med pliktarbeid».

Etter at fristen no er gått ut, står tilsetjingskomiteen med 52 søkarar. Ingen av dei er norske statsborgarar.

— Vi har generelt få søkarar med norsk bakgrunn, det gjeld mange av stillingane vi lyser ut, seier Christian Klöckner, professor i sosialpsykologi ved NTNU.

Det er ei stilling i miljøpsykologi som denne gongen er utlyst.

Smalt fagfelt

I Noreg er dette eit smalt fagfelt, det er dermed ei nærliggande forklaring på den manglande interessa frå norske kandidatar.

Men ifølgje Klöckner er trenden generell: Når Institutt for psykologi ved NTNU søker etter kandidatar til stipendiat, postdok og forskarstillingar på psykologi, er dei norske som regel i klart mindretal.

— Det er ikkje fordi vi ikkje utdannar norske masterstudentar. Der er nok av dei som kunne ha søkt seg til ein ph.d. Men det verkar som om det ikkje er like attraktivt for dei norske som dei utanlandske, seier Klöckner, som leiar forskargruppa i miljøpsykologi.

Ingen norske – ikkje eit problem

Det har lenge vore kjent at andelen utanlandske tilsette i vitskapelege stillingar er stigande. I 2018 var 8 av 10 søkarar på postdoktornivå ved norske institusjonar frå utlandet, ifølgje ein rapport frå NIFU.

Innan matematikk, naturvitskap og teknologi er andelen aller høgast. Der er 90 prosent av søkarane til stipendiatstillingar frå utlandet, og to av tre av søkarane til professorstillingane.

Innan humaniora og samfunnsvitskap er også andelen internasjonale stigande. I 2018 var utanlandske statsborgarar i fleirtal blant alle søkarane i forskingsretta karriereløp, ifølgje NIFU-rapporten.

Hellestveit-saka

Det var denne utviklinga som låg til grunn då forskar Cecilie Hellestveit i Khrono uttalte at andelen utanlandske forskarar i enkelte fag no er blitt så høg at fagleg eigenart og legitimitet i det norske samfunnet står på spel.

Utspelet provoserte fleire utanlandske og norske forskarar og har utløyst eit skred av debattinnlegg og ytringar i fleire media.

Ny statistikk over avlagde doktorgrader ved norske lærestader er rett rundt hjørnet.

Frå Christian Klöckners perspektiv på Psykologisk institutt er den direkte forklaringa på den låge andelen norske statsborgarar ganske rett fram – dei søker ikkje.

Ikkje noko problem

Det synest han ikkje er eit problem.

— Eg synest heller internasjonaliseringa har bidratt mykje til mange fag, mellom anna i psykologien. I mitt fagfelt er det i alle fall ikkje noko problem at det ikkje er mange norske i forskingsmiljøet. Dei som får faste tilsetjingar lærer norsk og blir deltakarar i det norske samfunnet, seier Klöckner.

Han har sjølv lært seg språket og engasjert seg offentleg i fleire samfunnsdebattar, etter at han flytta frå Tyskland og vart tilsett som førsteamanuensis ved NTNU i 2007.

Vitskapelege artiklar skriv han berre på engelsk, aldri på tysk eller norsk.

Stiller krav til engelsk, ikkje norsk

Blant utanlandske stipendiatar og forskarar i mellombelse stillingar har norsk språk ikkje høg prioritet.

— Det varierer, nokon lærer seg litt kvardags-norsk, andre lærer meir. Det kjem ofte an på om dei får kjæraste her og blir verande, seier Klöckner.

I den utlyste stipendiatstillinga i miljøpsykologi blir det ikkje stilt krav til norsk språk, eller krav om å lære det. Tvert imot må søkarane dokumentere solide skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk.

— Vi kan ikkje ha som eit krav at stipendiatane skal kunne eller lære seg norsk. Då sit vi fort igjen utan søkarar til stillingane, seier Klöckner.

Urimeleg med norskkrav

Per Håkan Brøndbo leiar Institutt for psykologi ved UiT.

Det synet deler Per Håkan Brøndbo. Han er leiar ved Institutt for psykologi ved UiT Noregs arktiske universitet.

— I dei aller fleste stipendiatstillingane ville det vere heilt urimeleg med norskkrav. Det ligg nesten i sakas natur, ein kan ikkje bruke tre år som stipendiat på å lære norsk.

Også ved UiT er det overvekt av utanlandske søkarar til stillingane.

— Det kjem an på tematikk. Men det handlar også om dei generelle vilkåra knytte til stillingane på helsefag generelt, som vi er ein del av. Stillingar som blir lyst ut med forankring i helseføretaka tilbyr ofte søkarar same løn som dei har i jobben frå før. Når vi lyser ut stillingane med universitetsmidlar, får vi langt færre søkarar, også langt færre norske, seier Brøndbo.

Powered by Labrador CMS