Debatt ● sigmund sunnanå

Rekruttering til lærarutdanning — sjå til Danmark

I Danmark har frihetsforsøket skapt engasjement i kommunane. I Noreg står ei tillitsreform på planen. Kanskje styremaktene kan henta inspirasjon og idear frå naboane i sør? Det trur Sigmund Sunnanå.

Studentar og fadrar under opningssermonien på St. Hanshaguen i Oslo. Kor mange av desse kjem til å bli lærarar?
Studentar og fadrar under opningssermonien på St. Hanshaguen i Oslo. Kor mange av desse kjem til å bli lærarar?

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er mangel på lærarar, særleg i distrikta. Samtidig er det sviktande rekruttering til lærarutdanninga. Samordna opptak melder om ledige studieplassar ved mange lærarutdanningar for grunnskolen. Lærarutdanning er ikkje lenger eit populært studium. På 1960-, 1970- og 1980- talet var det om lag 6000 søkjarar til ca. 2000 plassar. I løpet av ca. 50 år har det skjedd mykje i lærarutdanninga og i grunnskolen som har hatt konsekvensar for rekrutteringa.

Frå å vera ei brei utdanning som inneheldt teorifag, pedagogikk, praksis og praktisk estetiske fag har vi nå ei smal utdanning med hovudvekt på teoretiske fag.

Sigurd Sunnanå

Frå å vera ei relativ kort utdanning som kvalifiserte for stillingar med rimeleg lønn, er utdanningstida i lærarutdanninga for grunnskolen auka - først til tre, så fire og til slutt til fem år med obligatorisk mastergrad. Frå å vere ei samordna utdanning som kvalifiserte for heile grunnskolen, blei utdanninga i 2010 delt i ei utdanning for 1. – 7. klassesteg og ei for 5. til 10. Særleg rekrutteringa til 1- 7 har vore vanskeleg. Opptakskrava blei i 2005 skjerpa med karakterkrav i norsk og matematikk. Frå å vera ei brei utdanning som inneheldt teorifag, pedagogikk, praksis og praktisk estetiske fag har vi nå ei smal utdanning med hovudvekt på teoretiske fag. For femti år sidan var lærarutdanninga kjend for å vera miljøskapande gjennom eit aktivt sosialt og kulturelt liv som var med og gjorde studiet attraktivt. Det er visst lite att av dette ved lærarutdanningane nå.

I 1997 blei grunnskolen 10-årig ved at skolestarten blei seinka frå sju til seks år. Intensjonen var at seksåringane skulle få ein smidig overgang frå barnehage til skole med mellom anna læring gjennom leik. Med Kunnskapsløftet i 2006 kom det krav om opplæring i sentrale teorifag alt i første klasse. Pisa «sjokket», fagplanar med krevjande kompetansemål, kunnskapskontroll og rapportering førte til eit omfattande system med prøver, testar og offentleggjering av resultat. Det blei liten plass til praktisk estetiske fag og valfag. For somme elevar – særleg gutar- blei skolen lite meiningsfull, teoritung og kjedeleg. Dette førte mellom anna til mobbing, trakassering, skolevegring og vald både mot medelevar og lærarar. Lærarane har mist autoritet, dei har ikkje fått følgt med i lønnsutviklinga og fått ein vanskeleg arbeidssituasjon med høge krav frå elevar, foreldre og styresmakter. For mange unge er ikkje lærarbeid blitt eit yrke dei vil satse på.

Nokre forslag. I lærarutdanninga kan mellom anna desse tiltaka vere aktuelle:

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play
  • Mastegrad blir eit frivillig tilbod for studentar og vidareutdanning for lærarar.
  • Den todelte utdanninga blir erstatta av ei brei 4-årig samanhengande utdanning der studentane undervegs i studiet kan velje studium innretta mot undervisning på barnesteget eller ungdomssteget.
  • Praktisk lærararbeid blir styrkt.
  • Sosiale og kulturelle aktivitetar blir ein del av studiet.

I grunnskolen kan mellom anna desse tiltaka vere aktuelle:

  • Mål- og resultatstyringssystemet blir redusert.
  • Kompetansemåla i fagplanane blir erstatta med andre målformuleringar.
  • Prøver, testar, vurdering og rapportering blir redusert eller tekne bort.
  • Dei praktisk estetiske faga og valfaga blir styrkt.
  • Meir vekt på praksisorientert faginnhald og undervisning.
  • Skolen får meir ressursar, og lærarane betre lønns og arbeidsforhold.
  • Lærarane får større fridom til å planleggje og gjennomføre undervisning som er interessevekkjande og tilpassa elevane sine føresetnader og lokale forhold.

I sju kommunar i Danmark er dei i gang med «Frihetsforsøket». Føremålet er mellom anna å redusere byråkrati og detaljstyring, og å finne ut korleis kvardagen i skolen blir dersom lærarane får bestemme det meste ved sin skole innanfor dei lover og læreplanar som gjeld. Forsøket har gitt «frihetsfølelse» hos danske lærarar og skapt stort engasjement. Vår regjering har ei tillitsreform på sin agenda. Kanskje kan det vera inspirasjon og idear å hente frå Danmark?

Powered by Labrador CMS