Debatt ● Akademiet for yngre forskarar
Regjeringas framlegg til statsbudsjett svekker framtidas forskingsmiljø
Vi treng langsiktige og stabile satsingar som gir tillit og autonomi til forskingsmiljøa, slik at dei kan bidra til å løyse framtidas utfordringar og sektoren sitt samfunnsoppdrag.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Forsking er nedprioritert i regjeringas framlegg til statsbudsjett. Forsking fungerer samfunnsbyggande, innovasjonsfremjande, og styrkjer moglegheitene våre til å møte framtidige utfordringar. Likevel ser vi eit framlegg til statsbudsjett som ikkje legg til rette for ei god utvikling av forskingsmiljøa våre.
Akademiet for yngre forskarar (AYF) ser med uro på konsekvensane av nedprioriteringa av forsking. Særleg vil yngre forskarar med usikre tilsettingsvilkår gå ei usikker framtid i møte, noko som på sikt vil bidra til å bygge ned norske fag- og forskingsmiljø og tradisjonar. Vi er òg bekymra dette kan svekke vilkåra for den akademiske fridomen. Til saman vil kutta gjere det vanskelegare å rekruttere, utdanne og halde på gode forskarar, og vil gå utover framtida til det norske kunnskapssamfunnet.
Det er brei semje om at forsking bør kome heile landet til gode, med innsats som treff både nasjonale behov og spesifikke utfordringar i ulike delar av landet. Samstundes er det avgjerande at forskingsmiljøa er konkurransedyktige internasjonalt for å sikre at Noreg held seg i forkant av kunnskapsutviklinga.
Dette krev budsjettrammer som styrker både lokale og globale perspektiv. Skal vi kunne bygge sterke fagmiljø, treng forskinga økonomiske vilkår som gjer ho føreseieleg og berekraftig. Slik framlegget til budsjett ligg i dag, ser AYF ei reell fare for at politiske prioriteringar og ønskjer står på kollisjonskurs med behova sektoren treng å få møtt for å oppfylle sitt samfunnsoppdrag.
Særleg er AYF uroa for at fag og forskingsretningar vi ikkje ser beinveges nytte av i dag vil bli nedbygde, noko som gjeld store delar av grunnforskinga. Framlegget til statsbudsjettet vil føre til innsnevringar av fagtilboda, dårlegare undervisning og svakare forskingsmiljø.
Forsking og utvikling er ikkje ein luksuspost, men ei strategisk investering. Forsking skaper verdiar for lokalsamfunn, nasjonal innovasjon og beredskap for framtidas utfordringar — anten det er utfordringar innan velferdsstaten, landbruket, teknologi eller industri.
Forsking og utvikling er ikkje ein luksuspost, men ei strategisk investering.
Fløgstad, Holte og Berge
Utan tilstrekkelege ressursar vil dei unge forskarane, som skal ta oss inn i framtida, få langt vanskelegare vilkår for å gjennomføre viktige prosjekt og byggje kompetanse og karriere. Vi ser allereie i dag at mange unge forskarar ikkje vil tilrå forsking som ein karriereveg til andre, og ein allereie utfordrande situasjon kan bli enno verre.
Gode rammevilkår for utdanningsinstitusjonar er avgjerande for å sikre framtidsretta forsking. Kunnskapssamfunnet vårt treng forsking som kan styrke både arbeidslivet og samfunnet elles, og for å lukkast må forskinga spegle ei breidd av perspektiv. Difor er det viktig at vi ikkje misser breiddeperspektiv og grunnforsking i arbeidet for å adressere utfordringar vi har identifisert allereie i dag.
Til dømes vil små fagområde — som mange språkfag — stå lagleg til for kutt i ein realitet der mange utdanningsinstitusjonar må kutte både tilsette og studietilbod. Dette svekker ikkje berre disiplinfaga, men rammar også store profesjonsutdanningar, som kutta ved lærarutdanninga ved NTNU og USN er dømer på.
Vi treng ein politikk som bygger godt forankra og solide fagmiljø, med gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid, samarbeid med andre sektorar og dialog med næringslivet. Dette er og eit viktig bidrag inn i «Kunnskapsberedskapen» som Regjeringa sjølv har framheva som eit viktig tiltak.
Noreg må forvalte forskingsressursane med langsiktige mål for auge. For at forskingsinnsatsen skal støtte opp om både berekraft og innovasjon, treng vi eit heilskapleg blikk der midlane ikkje blir smurt for tynt ut, men der vi byggjer sterke fagmiljø. For å oppnå dette trengst det langsiktige og stabile satsingar som gir tillit og autonomi til forskingsmiljøa, slik at dei kan bidra til å løyse framtidas utfordringar og sektoren sitt samfunnsoppdrag.
Slik kan forskinga bidra til utvikling, vekst og ny kompetanse, og ruste det norske samfunnet for framtida.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Ansettelsessaken i Bergen: En faglig tautrekking
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm