Mangfald

Rasisme: — Universitet og høgskular har eit sterkt behov for opplæring

Kunnskapssektoren slit med å forstå at den har eit problem med rasisme og diskriminering, hevdar forskar Mona Abdel-Fadil.

— Fordommar og rasistiske idear eksisterer ofte på ubevisst nivå, og ein har ikkje fått nok hjelp til å jobbe med mangfald i praksis i akademia, seier forskar Mona Abdel-Fadil.

— Det som skil denne sektoren frå andre, er ein sjølvforståing om at «her har vi ikkje noko problem med rasisme og diskriminering fordi vi er så reflekterte, høgt utdanna og har ein plan for likestillingsarbeidet», sett på spissen.

Det er forskar II ved HL-senteret (Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter), Mona Abdel-Fadil som kjem med denne påstanden på nettstaden kifinfo.

Abdel-Fadil ber regjeringa ta grep for at tiltak mot rasisme og diskriminering skal få ein større plass på norske forskings- og utdanningsingstitusjonar.

Noreg har sidan 2019 hatt ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. No har dagens regjering starta arbeidet med å lage ein ny handlingsplan.

Der må universitets- og høgskulesektoren få betydeleg plass, meiner Abdel-Fadil.

Forstår ikkje eigne fordommar

Til Khrono utdjupar ho synspunktet på denne måten:

— Veldig få synest sjølv dei har ei utfordring når det gjeld fordommar. Det meste skjer på eit ubevisst plan. Dette gjeld også i akademia, trass i at mange har kunnskap og er trena i å forstå maktstrukturar og korleis dei kan fungere. Ein er ofte blind for at ein er med på å promotere fordomsfulle oppfatningar av andre. De kan for eksempel vere at ein framstiller nokon som «det eksotiske innslaget» på eit institutt. Eller at ein ikkje har tatt bryet med å lære seg å uttale eit framandklingande namn rett, før ein introduserer nokon.

Abdel-Fadil seier til Khrono at ho ikkje trur det er meir rasisme i akademia enn elles i samfunnet – men ho trur heller ikkje det er mindre.

Forskjellen frå andre sektorar er ifølgje henne at mange akademikarar trur det er mindre, fordi dei gjerne reknar seg som kunnskapsrike og med eit høgt refleksjonsnivå.

Fordommar og rasistiske idear eksisterer ofte på ubevisst nivå, og ein har ikkje fått nok hjelp til å jobbe med mangfald i praksis i akademia

Mona Abdel-Fadil, forskar

Abdel-Fadil forskar på rasisme og fiendskap mot muslimar ved HL-senteret. Ho er også ein av tre kuratorar for utstillinga «U/synlig hverdagsrasisme i Norge». Utstillinga bygger på 50 intervju med personar med ulik minoritetsbakgrunn frå ulike stader i Noreg.

Rasismeforskar: — Er i endring

Rasismeforskar og professor ved Universitetet i Oslo, Frode Helland, er einig med Abdel-Fadil i at sjølvbildet i akademia ikkje stemmer med realitetane, når det gjeld rasisme og diskriminering.

— Samstundes trur eg dette er i endring, og at medvitet er langt større i dag enn for nokre år tilbake. Likestillingslova gjeld eitkvart diskrimineringsgrunnlag. Men om ein tenker mangfald i det praktiske arbeidet, går det kanskje litt sakte.

Helland kom i 2019 ut med boka «Rasismens retorikk» der han mellom anna såg på korleis språkbruk i dag opprettheld rasistiske stereotypiar i media, akademia og det offentlege ordskiftet elles. Han er også dekan ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo.

Professor Frode Helland seier arbeidet med mangfald kanskje går for sakte. Men kvotering til stillingar vil han ikkje ha.

— Det handlar om å endre måten vi tenker på og driv verksemdene våre på. Det er eit langsiktig arbeid. Ein god start er planane som institusjonane alt har for mangfald og likestilling. Men desse treng vi å modernisere og tenke gjennom, seier Helland.

I 2019 viste ei undersøking at kvar fjerde utanlandske forskar som arbeider i Noreg har opplevd diskriminering på grunn av innvandrarbakgrunnen. 1251 forskarar deltok i undersøkinga, som vart gjennomført av Akademiet for yngre forskarar.

Ei undersøking som Sentio gjorde for Norsk studentorganisasjon (NSO) og Universitas hausten 2021 fann at 8 prosent av studentane hadde opplevd å bli utsett for rasisme. 17 prosent av ei spurte svarte at dei hadde sett andre bli utsett for rasisme.

Headhunting for mangfald

Abdel-Fadil seier at sjølv om mange på overflata er opplyste, og til dømes er klar over at det er visse ord ein ikkje skal bruke, skortar det når det kjem til dei store sakene: Kven blir tilsett? Kva skal stå på pensum?

Ifølgje Abdel-Fadil bør ein på universitet, høgskular og institutt trene langt meir på å handtere mangfald. For å få det til, bør institusjonane tilsette rettleiarar som har kvalifikasjonar til det.

— Institusjonane må jobbe med profesjonelle mangfaldsrekrutterarar for å rekruttere breiare, altså headhuntarar som har kompetanse til dette. Desse kan jobbe med å endre haldningar på eit djupare plan. Veldig mange i akademia forstår ikkje at dei stort sett rekrutterer folk som liknar seg sjølv.

Abdel-Fadil meiner akademia også treng fleire med ein brei kunnskap om det fleirkulturelle for å endre djuptsitjande haldningar og fordommar.

— Det finst mange relevante fagbakgrunnar her, for eksempel sosialantropologar. Men viktigast er at dei har praktisk erfaring med mangfaldsarbeid og prosessorientert leiing.

Meir avkolonialisering

I tillegg til rekruttering er Abdel-Fadil oppatt av at det som blir lese og undervist i på universitetet blir sett under lupa med sikte på eit meir mangfaldig tilfang: Pensum bør avkolonialiseriast.

— Ein må dekke eit større spekter av perspektiv gjennom å ta inn fleire forfattarar med ulike bakgrunnar. Vi veit at personar som blir rekna for å vere utanfor det akademiske sentrum, personar med såkalla utanlandske namn frå for eksempel Asia og Afrika, har ein tendens til å ikkje få plass. Det er ein tendens vi må jobbe aktivt mot. Dette heng saman med mangelen på medvit og refleksjon, seier ho.

Ho understrekar at dette ikkje betyr at forskarar med europeisk, kvit eller mannleg bakgrunn skal bort.

— Det betyr at det ikkje berre skal vere plass til det.

Ho håpar no den nye handlingsplanen til regjeringa skal gi universitet og høgskular eit ekstra skyv.

— Vi må erkjenne at denne sektoren er symbolsk, i den grad den set premissane for vegen vidare inn i arbeidslivet, i mykje større grad enn andre sektorar, seier Abdel-Fadil.

Powered by Labrador CMS