I mange praktiske dømer er rangeringa av forskingstidsskrift veldig nyttig, skriv Arnt Ove Hopland. Ill.foto: Nils Martin Silvola

Rangering av tidsskrift er nyttig

Open Access. Det er i grunn litt absurd at det skal vere naudsynt å forklare korleis tidsskrift oppnår status, men openbart er det ein del aktørar i debatten som trur at ein kan oppheve rangering av tidsskrift med administrative vedtak, skriv Arnt Ove Hopland ved NHH.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg skal la prinsipielle sider ved «Plan S» liggje (det har tungvektarar som Hans Petter Graver og Kristian Gundersen diskutert godt allereie), men det er på sin plass å seie nokre ord om korleis tidsskrift oppnår status. Det er i grunn litt absurd at det skal vere naudsynt, men openbart er det ein del aktørar i debatten som trur at ein kan oppheve rangering av tidsskrift med administrative vedtak.

Innan mitt felt, samfunnsøkonomi, er det fem tidsskrift som skil seg ut som dei aller mest prestisjefylte. Desse publiserar den viktigaste, mest originale og mest banebrytande forskinga, og er staden dei flinkaste sender sine beste arbeid for vurdering. Stort sett får sjølv desse avslag, for «top 5» er ekstremt kresne, og dei fleste går gjennom karriera utan å nokonsinne publisere der.

Vidare går turen nedover, ofte til dei beste «felt-tidsskrifta». Desse er spissa mot spesielt interesserte innan spesifikke underfelt, og aksepterar ofte ting som er intenst interessant for nokon, men ikkje alltid for særleg mange. Irriterande ofte vert ein (iallfall middelmådigheiter som eg) avvist her òg. Då må ein ned til lågare rangerte tidsskrift som er villege til å trykkje ting som er «godt handverk, men lite nyskapande».

På dette viset skapast det over lang tid informative og nyttige rangeringar av tidsskrift. Når «Plan S»-tilhengjarane avfeier dette med at «det er kvaliteten på forskninga og ikkje bibliometriske mål» som skal vere målestokken viser dei sin fåkunne i all sin tvilsomme prakt.

Arnt Ove Hopland

På dette viset blir det over lang tid skapt informative og nyttige rangeringar av tidsskrift. Når «Plan S»-tilhengjarane avfeier dette med at «det er kvaliteten på forskninga og ikkje bibliometriske mål» som skal vere målestokken viser dei sin fåkunne i all sin tvilsomme prakt. Lat oss sjå på nokre praktiske dømer der denne rangeringa er veldig nyttig.

I norsk akademia har vi utvikla mange attraktive arbeidsstader, og desse får ein stor bunke med søknader frå inn- og utland når dei lyser ut stillingar. For at komitèen skal kome seg gjennom bunken på ein nokonlunde effektiv måte er det naudsynt med ein viss seleksjon basert på enkle signal. Då er antal publikasjonar og kva tidsskrift ein har nådd opp i heilt uvurderleg. Sjølvsagt inneheld alle signal noko støy, men det er klårt betre enn ingen signal.

Komitèen lagar så ei kortliste og les forskinga til desse grundig før dei rangerar kandidatane. Skal ein slutte å ta omsyn til signala som ein får frå publikasjonslista vil einkvar stillingsutlysing kreve store komitèar, og den store arbeidsmengda vil gjere rekruttering til komitèarbeid meir krevjande. I praksis vil ein nok ha at komitèane held fram med å jobbe om lag som i dag, og då er den triste konsekvensen at unge talent som Frikk Nesje og Haakon Gjerløw (som skreiv utmerka i Khrono 25.sept.) vert utkonkurrerte av utlendingar om dei føl dei nye krava.

Rangeringar er òg nyttige når ein skal orientere seg på forskingsfronten. Sjølvsagt skal ein lese forsking i gode tidsskrift kritisk, for den er ikkje alltid god. Likevel vil ein seleksjon basert på tidsskrift gjere at ein slepp å kaste vekk mykje tid på lågkvalitetsforsking, og stort sett er konklusjonen at ein finn den mest interessante forskinga i dei gode tidsskrifta. Uansett må høgskular og universitet fortsatt kjøpe lesartilgong til desse tidsskrifta, slik at vi kan følgje med på forskingsfronten, og då er det vanskeleg å sjå at det skal vere noko pengar å spare her.

Eit tredje praktisk aspekt er at norske forskarar vil verte lite attraktive partnarar for dyktige utanlandske forskarar om vi ikkje har tilgong til dei beste tidsskrifta. Dette har konsekvensar for kvaliteten på forskinga, som igjen har konsekvensar for kvaliteten på rekrutteringa som igjen vil ha konsekvensar for kvaliteten på utdanningane vi tilbyr.

Heldigvis vil planen i praksis knapt merkast for dei av oss som arbeidar på internasjonalt orienterte utdanningsinstitusjonar. Grunnen er at vi lever godt utan midlane som vert underlagt krava i «Plan S», og i stor grad kan ignorere den. Visst er det kjekt å få nokre lommepengar frå prosjekt på toppen av den vesle faste løna, men det finst andre kjelder til biinntekt.

Meir interessant er problemstillinga for tilsette ved prosjektbaserte forskingsinstitutt. Dersom desse vert nekta å publisere i dei gode tidsskrifta, vil ein få eit tydlegare skilje mellom «akademisk forsking» på høgskular og universitet og «oppdragsforsking» i instituttsektoren. I utgangspunktet treng ikkje eit slikt skilje å vere noko problem, men fara er at instituttsektoren vert mindre attraktiv for dei flinkaste forskarane dersom ein ikkje får moglegheit til å publisere godt.

Les også: SPrio-direktøren: Svært høy kostnad for gratis tilgang

Dette er ikkje eit spørsmål om status, men om å halde fleire karrieremoglegheiter opne, sidan det vil vere vanskeleg for mange forskarar i instituttsektoren å få seg jobb på gode høgskular/universitet om dei ikkje publiserar i gode tidsskrift.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS