Studentar er misnøgde med studietilbodet ved medie­fag i Volda

Studentar ved både medieproduksjon og journalistikk ved Høgskulen i Volda meiner utdanningstilbodet dei får er dårlegare enn det dei rekna med.

Youri van der Werve er ikkje nøgd med tilbodet han får som student i medieproduksjon ved Høgskulen i Volda. Fleire av dei som skulle hatt undervisning er sjukemelde. Foto: Privat
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det som skulle skje kjem ikkje til å skje.

Det seier Youri van der Werve. Han er andreårsstudent i medieproduksjon ved Høgskulen i Volda.

Khrono har skrive fleire saker om personalkonflikten ved Avdeling for mediefag, der dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er omplassert mot sin vilje. Khrono har òg skrive at sjukefråverstala ved avdelinga har auka det siste året.

Van der Werve fortel at den største utfordringa er sjukmeldingar og ulike vikarar inne.

— No prøver ein å laga ein plan B.

Frustrasjon

Van der Werve understrekar at lærarane dei har jobbar hardt. Men han seier studentane føler at dei ikkje vert høyrde av leiinga.

Ein trudde me var førsteårsstudentar, ein annan visste ikkje om det var medieproduksjon eller drama me studerte.

Youri van der Werve

— To av lærarane me skulle hatt er sjukmelde. Det kjem bransjefolk inn for å undervisa, men dei har ikkje nødvendigvis så mykje tid til å førebu seg. Ein av dei trudde me var førsteårsstudentar, ein annan visste ikkje om det var medieproduksjon eller drama me studerte, seier van der Werve.

Live Dale Fasting er studentparlamentsrepresentant for Avdeling for mediefag. Ho studerer òg medieproduksjon.

Fasting fortel at det har vore ein del frustrasjon blant studentar, mellom anna fordi ein av vikarane heller ikkje bur i Volda. Meir informasjon vert òg etterlyst.

— At undervisninga har vore svekt har nok vore ein del av ein overgangsperiode, og det har begynt å roa seg. Eg trur nok dei tilsette gjer det dei kan, men eg skulle likt meir transparens. Det har vore ein konflikt ved avdelinga ei stund, men det som når oss studentar av informasjon om dette er stort sett rykte som spreier seg, seier ho.

Oppgitte journaliststudentar

Hanne Sofie Økland Andresen leier Norsk journalistlag (NJ) sin klubb ved Høgskulen i Volda.

— Folk er litt oppgitte. Ein får ikkje det ein har vorte lova, seier ho.

Andresen fortel at eit fag, som mange andreårsstudentar tek, er påverka av sjukefråver.

— Det har vore mykje kluss, folk har ikkje heilt oversikt. Men eg trur ein ser lyset i tunnelen no, seier ho.

Dekan: Kjent kritikk

Odd Ragnar Hunnes er konstituert dekan ved Avdeling for mediefag. Han seier til Khrono at kritikken frå studentane ikkje er ukjent.

Odd Ragnar Hunnes er konstituert dekan ved Avdeling for mediefag. Han er kjent med kritikken frå studentane. Foto: Øystein Torheim

— Me har hatt to klassemøte med studentane den siste månaden, og der har me diskutert situasjonen, seier Hunnes.

Dekanen seier at høgskulen tilset vikarar der tidsperspektivet er oversiktleg, til dømes er det to personar som er tilsette i eit halvtårs vikariat i vårsemesteret.

— Me har tradisjon for å henta inn folk frå bransjen, så det har ikkje med sjukdom å gjera. Men det er òg ein av måtane me hentar inn folk på no, seier Hunnes.

Han seier at han ikkje kjenner til enkelthendingar som dei som vert skildra av studentane.

— Me hentar inn fagfolk på høgt nasjonalt nivå, seier Hunnes.

Han stadfester at for medieproduksjon er det slik at personen som har undervist i eit heilt emne no er sjukmeld, og at ein har fleire faglærarar inne for å erstatta denne læraren.

— Me såg at me ikkje var tente med at det skulle vera ein person som var sjukevikar, seier Hunnes.

Tok opp fleire enn det var plass til

— Korleis skal de sikra at studentane får den undervisninga dei skal ha frå neste studieår?

— Me skal lysa ut stillingar innan både animasjon og medieproduksjon. Så me er i marknaden for å tilsetja faste medarbeidarar, seier Hunnes.

I tillegg er det lyst ut to stillingar i journalistikk.

I tillegg til fleire sjukemeldingar har også nokre tilsette søkt seg bort og er i ferd med å slutta.

Dekanen fortel at det i 2018 vart teke opp langt fleire studentar enn det er kapasitet til på studiet i medieproduksjon. Det vart det ikkje gjort året etter.

— Det høge studenttalet vert ei spesiell utfordring når folk i tillegg er sjuke, seier Hunnes.

Powered by Labrador CMS