ny rapport

Eks-dekan Rotevatn
fekk ikkje medhald i klage

Høgskulen i Volda hadde rett til å omplassera mediedekanen, seier Kunnskapsdepartementet.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og rådgivar Geir Waage Aurdal på veg inn for å legga fram saka si for høgskulestyret. Foto: Hilde Kristin Strand
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og rådgivar Geir Waage Aurdal på veg inn for å legga fram saka si for høgskulestyret. Foto: Hilde Kristin Strand
Publisert

Høgskulen i Volda hadde rett til å omplassera dåverande dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Det slår Kunnskapsdepartementet fast. I eit brev som er sendt til Samfunnsviterne, som har representert Gregoriusdotter i saka, heiter det at Høgskulen i Volda «innenfor styringsretten hadde et legitimt behov for å omplassere henne i inntil 6 måneder uten å gå veien om oppsigelse».

Klagen frå Rotevatn, som er den som formelt har vore handsama av departementet, vert difor avvist.

Har teke meir enn eitt år

Det var i august i fjor saka om arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda verkeleg kom til overflata. I to hemmelege styremøte dei siste dagane i juli 2019 vart det vedteke at styret skulle slutta seg til «den skisserte prosessen herunder midlertidig omdisponering i henhold til arbeidsgiver styringsrett».

Det betydde at leiinga ville omplassera dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i eit halvt år. Odd Ragnar Hunnes vart konstituert i stillinga.

Styret vedtok òg at prosessen med å betra arbeidsmiljøet måtte halda fram.

Som Khrono har skrive, har sjukefråveret ved avdelinga, særleg etter at Rotevatn vart fjerna frå leiarstillinga, vore høgt — og tema på fleire styremøte.

Dei siste tala viser at sjukefråveret andre kvartal i år har vore lågare.

Fleire seier det er betring

Sunnmørsposten skriv no om ei ny arbeidsmiljøundersøking som er gjennomført ved Avdeling for mediefag. Dette er ein del av arbeidet med arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøet er i betring, heiter det.

Rektor Johann Roppen er glad for at det ser ut til at arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag er i betring.
Rektor Johann Roppen er glad for at det ser ut til at arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag er i betring.

37 tilsette har svara på om dei opplever arbeidsmiljøet som betre enn i fjor. 25 seier at arbeidsmiljøet er litt eller mykje betre, medan resten seier at det er verre eller uforandra.

Det er Stamina som har gjennomført denne undersøkinga. Stamina gjennomførte òg undersøkingar i fjor. Dei viste at det òg var konfliktar mellom enkeltpersonar på avdelinga. No vert arbeidsmiljøet skildra som meir optimistisk.

— Me har heile tida sagt at det var samansette problem ved avdelinga, der leiinga var ein del av det. Rapporten viser at arbeidsmiljøet er i betring, men arbeidet er ikkje ferdig, seier rektor Johann Roppen til Khrono.

Konklusjonen i rapporten er at arbeidsmiljøet er i tydeleg positiv utvikling. Men det heiter òg at det er ulike forhold å ta tak i vidare, mellom anna er det framleis naudsynt å fokusera på det felles ansvaret ein har for å fremja positiv kommunikasjon og eit positivt samspel ved avdelinga.

Kate Kartveit vart tilsett som ny dekan i vår, og er no på plass i Volda. Ho seier til Sunnmørsposten at det er for tidleg for henne å uttala seg om arbeidsmiljøet, men at ho ønskjer å ha ein open og inkluderande leiarstil.

Departementet: Sakleg å omplassera

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn klaga på vedtaket Høgskulen i Volda fatta i eit styremøte i oktober i fjor. Då avviste styret å handsama klagen frå Rotevatn. Ho hadde klaga på omplasseringa, og meinte ho var sagt opp frå stillinga.

Det var ho ikkje, heitte det i styret sitt vedtak. Høgskulen meinte at avgjerdsla om mellombels omplassering formelt ikkje vart fatta av styret, men at ein vedtok å slutta seg til ein prosess der omplassering kunne verta resultatet.

Høgskulen meinte først at styret ikkje skulle handsama klagen i det heile, men det måtte dei, sa departementet.

No seier departementet altså at høgskulen ikkje har gjort noko gale: «Vedtaket i styret på Høgskulen i Volda 5. desember 2019 om å avvise å behandle klagen på avvisning av klagen på midlertidig omplassering av tidligere dekan Rotevatn i perioden 12. august 2019 til 29. februar 2020 er gyldig. Klagen forkastes», heiter det i brevet som vart sendt tidleg i juli. I brevet heiter det òg at

«departementet finner at det i august 2019 var saklig å foreta en midlertidig omplassering av klager, for derved å åpne for en prosess som kunne normalisere forholdene ved avdelingen. En midlertidig omplassering var saklig begrunnet i de spesielle forholdene som hadde oppstått. Omplasseringen ligger innenfor arbeidsgivers styringsrett, og var ikke å anse som en oppsigelse. Det var rettslig grunnlag for å avvise klagen».

Få kommentarar frå høgskulen

— Dette er Kunnskapsdepartementet sitt vedtak, og Kunnskapsdepartementet si vurdering. Me tek det til vitande, seier Roppen.

— «Status dekansaka» var på dagsorden i førre styremøte. Kva diskuterte de då?

— Eg kan ikkje seia noko om handsaminga av ei sak som var unnteke offentlegheit. Men styret har vore løpande informert om saka, seier Roppen.

Han seier at klagen er ei sak mellom Samfunnsviterne og departementet, og ønskjer heller ikkje å seia noko om ein kunne gjort noko annleis i saka.

— Men saka har teke eitt år, og høgskulen har mellom anna fått kritikk for tidsbruk?

— Saka er omfattande og alle som har vore involvert i saka skulle nok ønska at det hadde gått fortare, seier Roppen.

Ny stilling

Rotevatn byrja i vår i ny stilling som direktør for Musea på Sunnmøre. Ho har fleire gongar det siste året vore svært kritisk til høgskulen si handsaming av henne som tilsett. Då det vart kjent at ho hadde fått ny stilling, sa ho at det var godt å få lukka døra til Høgskulen i Volda.

— Det har vore eit ni månaders langt mareritt som eg er svært glad for å vera ferdig med, sa Rotevatn.

Samfunnsviterne, ved seniorrådgivar Geir Waage Aurdal, har vore Rotevatn sin rådgivar i saka. Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Aurdal.

Powered by Labrador CMS