Følg styremøte ved Høgskulen i volda
Skal evaluere handteringa ved konfliktavdeling i Volda
Styret og leiinga skal evaluere si eiga handtering av arbeidsmiljøkonfliktene ved Avdeling for mediefag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Arbeidsmiljøsaka ved Avdeling for mediefag har vore vanskeleg både for dei tilsette og Høgskulen i Volda som institusjon. Det er viktig at vi tek med oss viktige læringspunkt for å unngå tilsvarande saker i framtida. Styret og leiinga har vore einige om å evaluere si eiga handtering når ein har fått saka litt på avstand, og det er no tid for å gjere det.»
Slik er ordlyden i styresaka, som er ein av fleire som skal opp på Høgskulen i Volda sitt styremøte torsdag.
Rektor Johann Roppen seier dette om kvifor han meiner det er naudsynt med ei evaluering:
— Det er fordi det har vore ei spesiell sak som har heldt på lenge og vore tema på mange styremøte tidlegare. Det hadde vore rart å ikkje gjere det slik, seier Roppen til Khrono.
Skal evaluere bak lukka dører
Direktør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen ønskjer at styret og leiinga i denne sjølvevalueringa skal diskutere både handteringa av arbeidsmiljøutfordringane, omplasseringa av dekan og kommunikasjonen internt og eksternt.
Evalueringa skal skje bak lukka dører.
— Eit kriterium for å lukke møtet er dersom ein skal omtale teiepliktige opplysningar. Det ville ha vore rart om ein skulle klare å snakke om denne saka utan å kome inn på teiepliktige opplysningar, svarar Roppen på spørsmålet om kvifor evalueringa skjer bak lukka dører.
Rektor Roppen håper drøftinga vil bli fruktbar.
— Eg håper vi vil lære av denne, som alle andre saker, både for spesielle situasjonar og i kvardagen, seier Roppen.
Sjå møtet her:
Omplasserte tidlegare dekan som følge av konfliktene
Det var i fjor vår at saka om konfliktene og arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda verkeleg kom til overflata.
Då viste ei arbeidsmiljøundersøking at dei tilsette var meir misfornøgde med leiinga, hadde fleire personalkonflikter og synst at jobben påverka helsa meir negativt enn dei andre tilsette ved høgskulen.
Det heile enda med at styret i juli valte å omplassere dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i eit halvt år. Odd Ragnar Hunnes vart konstituert i stillinga.
Som Khrono har skrive, har sjukefråveret ved avdelinga, særleg etter at Rotevatn vart fjerna frå leiarstillinga, vore høgt — og tema på fleire styremøte.
Dei siste tala viser at sjukefråveret andre kvartal i år har vore lågare.
Rotevatn byrja i vår i ny stilling som direktør for Musea på Sunnmøre. Ho har fleire gongar det siste året vore svært kritisk til høgskulen si handsaming av henne som tilsett.
Desse sakene står på sakskartet:
- 96/20 - Godkjenning av innkalling og sakliste
- 97/20 - Godkjenning av protokoll 29.10.2020
- 98/20 - Orientering frå rektor
- 99/20 - Informasjon om NOKUT sitt tilsynsbesøk november 2020 (kvalitetssystemet)
- 100/20 - Årsrapport frå Læringsmiljøutvalet 2019-2020
- 101/20 - Studieprogramportefølje HVO for studieåret 2021/2022
- 102/20 - Planar for HVO 2021
- 103/20 - Status campusutvikling og budsjettkonsekvensar
- 104/20 - Budsjett 2021
- 105/20 - Organisatorisk plassering DKL
- 106/20 - Lokale lønsforhandlingar etter 2.5.1 og 2.5.2 hausten 2020
- 107/20 - Kalling - Violeta L. Botellero
- 108/20 - Forlenga kalling professor II - Brunstad
- 109/20 - Forlenga kalling professor II - Uppstad
- 110/20 - Pris for kvalitet i utdanninga HVO - 2020
- 111/20 - Evaluering av styret og leiinga si handtering av arbeidsmiljøsaka AMF
- 112/20 - Oppsummering av styreevaluering 2020
- 113/20 - Ymse
Orienteringssaker