ny i jobben

Ho skal roa ned ei konfliktfylt medieutdanning i Volda

Nytilsett dekan ved Medieutdanninga i Volda, Kate Kartveit, starta med å invitera alle tilsette til ein samtale. Men ikkje alle ville snakke med henne.

Kate Kartveit er nytilsett dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Kartveit begynte som programingeniør i NRK, og jobba som journalist i mange år før ho gjekk til akademia.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Volda (Khrono): Ho flytta frå København til Volda for å vidareutvikla den konfliktramma medieutdanninga.

— Deltek ein ikkje i prosessane, har ein heller ikkje noko med å kritisera etterpå, seier Kate Kartveit.

Ho er ny dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Ho skal ta avdelinga, som har vore råka av arbeidskonflikt og motsetnadar over ei tid, vidare frå der Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og seinare konstituert dekan Ragnar Hunnes slapp.

«Eit mindretal av dei tilsette opplever framleis arbeidsmiljøet ved AMF som vanskeleg, og desse registrerer ikkje noko forbetring samanlikna med tilhøva våren 2019», heiter det i ein Stamina-rapport frå hausten 2020.

Den kjem etter at dei tilsette ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har hatt det ein må kunne kalla halvtanna ganske turbulent år: Ei arbeidsmiljøundersøking viste at mange ikkje var nøgde med leiinga. Sjukefråværstala har vore høge.

Tidlegare dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart mellombels omplassert – mot sin vilje. No har ho fått ny jobb, som leiar for Musea på Sunnmøre.

Og sjølv om det er nokre tilsette som framleis rapporterer at ikkje alt er bra, viser den same undersøkinga at fleirtalet seier at ting er i betring.

Kate Kartveit er ny dekan ved avdelinga. I haust kom ho flyttande frå storbyen København til Volda med fjell og fjord, og fortel humrande at ho har kjøpt nye ski.

— Eg kjende ingen før eg kom hit. Eg har nok treft nokre på konferansar, men hadde ikkje noko nært forhold til nokon, og ingen inside information. Eg har kome med eit ope sinn, seier Kartveit.

Stillinga lokka

Men kvifor flyttar ein frå ein stor by til bygda, og til ein stad der ein, berre utifrå å ha lese avisene, skjønar at det er nokre konfliktar?

— Det er ein spanande jobb. Mediefag er noko av det mest spanande ein kan jobba med, og her i Volda er det eit variert tilbod. Noko av det eg ønskjer, er å få dei ulike fagområda til å jobba saman, og kanskje utvikla nokre nye utdanningstilbod på tvers. Når me tek imot studentar, må me tenkja på kva samfunnet treng om åtte-ti år, seier Kartveit.

Avdelinga har i dag tre institutt: film og animasjon, PR/kommunikasjon og journalistikk, som kvar tilbyr fleire utdanningsprogram.

— Kva må journalistar i framtida kunne noko om?

— Dei treng å kunne noko om visualisering og om stordata, og kanskje òg noko om koding, seier Kartveit.

Ho nyttar ein kommunikasjonsrådgivar som døme. Dei må kunne bruka sosiale medium på same måte som ein journalist, og dei må samstundes kunne visa fram til dømes ein rekneskap på ein visuell måte.

Det finst heldigvis fleire vegar inn til journalist-yrket, seier mediedekan Kate Kartveit. Dei som skal utdanna seg til journalistar framover, trur ho mellom anna må kunne koding.

Har undervist journaliststudentar i tjue år

Kartveit snakkar bergensk med eit litt dansk tonefall. Kanskje ikkje så rart, for det vart til slutt 20 år i Danmark.

Etter mange år i NRK fekk ho i 1999 Skup-diplom for saka «Tilgivelsens pris», som handla om seksuelt misbruk i religiøse miljø, og vart vist i Brennpunkt.

For Kartveit gjekk vegen vidare på den andre sida, først til eit vikariat ved journalistutdanninga i Bodø, deretter til stilling ved same utdanning i Stavanger, og til Danmarks journalist- og mediehøjskole. I 2016 tok ho doktorgrad med avhandlinga «Multimediejournalistik og narrative flow».

Med seg til Volda har ho mellom anna ein idé frå Danmark.

— Me tok inn masterstudentar som hadde ei anna utdanning i botn, og så tok dei altså master i journalistikk. Det er heldigvis fleire vegar inn til journalistikken, og dei store mediehusa vil nok framleis ha ekspertar innan eitt område, seier Kartveit.

Å få plass på journalistutdanningane har i mange år vore vanskeleg. I 2020 er det igjen vanskelegast å koma inn ved OsloMet. Men også i Volda er det svært mange søkjarar som ikkje fekk plass, særleg for utdanningane innan TV og radio. Opptakskrava gjekk opp med nesten fem poeng frå 2019 til 2020.

— Kvifor skal ein reisa til ei bygd på Sunnmøre når ein kan ta den same utdanninga i dei store byane?

— Me tilbyr ei veldig praktisk retta utdanning. Det er Volda sitt DNA, seier Kartveit.

Ho fortel om fordelane ved å vera ei bygd, då vert ein samansveisa. Det nye mediebygget, Sivert Aarflot-huset, som er under oppføring trur ho òg har noko å seia når studentane skal velja kor dei ønskjer å studera.

Seier dei tilsette skal bu i Volda

Men alle har ikkje ønskt å vera i Volda. Ein av konfliktane som har vore ved avdelinga er, slik Khrono har forstått det, om ein som tilsett må bu i Volda eller ikkje.

Kartveit er tydeleg:

— Ein skal vera i Volda i arbeidstida. Historisk har nokre hatt andre avtalar. Eg legg meg ikkje opp i kor ein er i helgene, men ein er eit kollegium, og skal vera i Volda ikkje berre når ein sjølv har undervisning, seier dekanen.

— Kvifor meiner du dette er viktig?

— For det første skal ein kunne ha faglege møte og i tillegg treffast i forskargrupper. I tillegg er det viktig at Volda ikkje vert ein satellittstad, ein skal ha eit miljø her. Viss ikkje vert det fort sånn at det er nokon få som dreg lasset.

Kartveit peikar på at eit kollegium er ein fellesskap, der ein òg kan bidra med innspel og meiningar.

— Dersom ein ikkje er her, kan det ha gått føre seg prosessar ein ikkje har delteke i. Då har ein ikkje noko med å kritisera etterpå.

Men at det har vore konfliktar på avdelinga er ikkje noko den nye dekanen prøver å skjula.

— Det har vorte avdekt djupe problem og det har vore eit høgt sjukefråver. Eg kan ikkje stå inne for korleis det har vorte takla av tidlegare leiing. Men ein leiar kan ikkje forbetra alt åleine. Eg prøver å nøsta opp og få løyst problema, seier Kartveit.

Ho seier ho har gjort det ho i sommar sa til Medier24 at ho skulle gjera: Invitera alle tilsette til ein samtale.

— Men det var ikkje alle som ville ha ein slik samtale.

Vil ikkje sjå på instituttstruktur no

Ein konflikt har vore inndelinga i institutt. Framleis er det nokre tilsette som rapporterer, i den same Stamina-rapporten, at dei meiner dette ikkje har vore ein god prosess.

— At nokre tenkjer at dei høyrer til eit anna institutt, er ikkje ei veldig stor sak. Me kan flytta folk mellom institutta viss det er faglege grunnar til det, det er ikkje noko problem. Men me går ikkje i gang med den store evalueringa no, me ventar til me får koma inn i det nye bygget, seier Kartveit.

Mediebygget fekk klarsignal frå dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø på seinsommaren 2019. No er det litt forseinka, og framleis håpar høgskulen på ei ekstraløyving til innhald i bygget. Det trengs, seier dekanen. Innflytting er tenkt til neste studieår.

— Me har venta med ein del investeringar fordi me skal inn i nytt bygg, så det trengs eit løft.

Men kven som skal sitja med kven er altså ikkje avgjort endå. Dekanen er òg tydeleg på at det trengs eit mellomledd mellom henne og dei tilsette, og seier at ho ønskjer meir kursing av instituttleiarane.

— Det er ei avdeling med femti menneske. Det hadde vore svært vanskeleg for dekanen å halda orden åleine.

Det nye mediebygget er litt forseinka, men planen er studentar og tilsette skal kunne flytta inn til studiestart i august 2021.

Ut i den ville naturen

Kartveit har altså gjort det ho vil at alle dei tilsette skal: Flytta til Volda. Men å flytta til ein ny stad midt i ein pandemi er litt spesielt, sjølv om Volda og Sunnmøre ikkje har vore særleg hardt råka av viruset.

— På førehand hadde eg fått høyra at det skjedde så mykje her, særleg på kulturfronten. Men alt er jo nedstengt. Eg er glad i friluftsliv, så eg har fått sett mykje vill natur, humrar Kartveit.

Powered by Labrador CMS