Debatt anne-grethe naustdal

Praksisstudiar må regulerast og styrast frå utdannings­institusjonane sjølve

— Vår hovudregel er at vi som høgskule skal innhente alle praksisplassar, og at det ikkje er høve for studenten sjølv å gjere dette, skriv prorektor ved Høgskulen på Vestlandet.

Høgskulen på Vestlandet har gitt Marthe Rygg Johnsen avslag på praksisplassen ho har skaffa sjøl.
— Vi må heile vegen vurdere kriteria våre for praksistildeling for å sjå kva som fungerer og ikkje, og kva slags endringar og tilpasningar som kan vera føremålstenlege, skriv Anne-Grethe Naustdal
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

PRAKSIS| Høgskulen på Vestlandet er gjennom oppslag i media den siste tida utfordra på tildeling av praksisplassar til studentane våre. Kort fortalt er saka at ein student ved ein av våre profesjonsstudiar har skaffa seg praksisplass sjølv i ein kommune. Avslaget vi ga på dette har vekt reaksjonar både hos studenten, kommunen ved ordførar og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Vi har forståing for at regelverk kan opplevast strengt og lite smidig. Vi må heile vegen vurdere kriteria våre for praksistildeling for å sjå kva som fungerer og ikkje, og kva slags endringar og tilpasningar som kan vera føremålstenlege. NOKUT-rapporten om ««Rettstilstanden for praksis i høyere utdanning, Del av prosjektet Operasjon praksis 2018–2020» tek opp dette.

Men det er altså ikkje slik at Høgskulen på Vestlandet ikkje er til for heile Vestlandet sitt praksisfelt og arbeidsliv. Tvert i mot. Vår kopling til arbeidslivet er grunnpilaren vår og det vi bygger det nye universitetet på. Det er difor tenleg å gje eit oversyn og ein bakgrunn for vår linje når det gjeld praksistildeling.

Høgskulen på Vestlandet utdannar eit betydeleg tal kompetente kandidatar til arbeidslivet, med vel 4500 nye kandidatar kvart år. Vi utdannar mellom anna flest grunnskulelærarar i landet og er nest størst på barnehagelærar, sjukepleie, sosialt arbeid og ingeniørutdanning.

Med eit arbeidsliv i stadig endring er relevante, gode og kvalitetssikra praksisplassar avgjerande viktige i utdanningane våre. Berre ved profesjonsutdanningane ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett og Fakultet for helse- og sosialvitskap har vi til saman meir enn 690 faste praksisavtalar og meir enn 8 300 studentar ute i praksis kvart år. I tillegg har studentane våre moglegheit til å ta praksis i mange av dei utdanningane våre som ikkje er profesjonsutdanningar. Her får studentane kopla saman teori og praksis, og kan førebu seg til det å vere i arbeidslivet.

Med fem campusar fordelt over heile Vestland fylke og med ein fot i Rogaland søkjer vi som hovudregel å forhalde oss til praksis innan det geografiske området til den campusen ein studerer ved.

Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet

Mange ulike omsyn må takast når praksisplassar skal fordelast til alle studentane våre. Prosedyrar for tildeling av praksisplassar sikrar forutsigbarhet, likebehandling og openheit. Vår hovudregel er at vi som høgskule skal innhente alle praksisplassar, og at det ikkje er høve for studenten sjølv å gjere dette. Dette gjer vi for både å minske tal henvendingar kvar praksisplass ville få om vi slepte dette laust, men også for å kvalitetssikre praksisplassane og unngå uformelle avtalar. Krav om avtalar med alle praksisplassar er nedfelt i Studietilsynsforskrifta.

Høgskulen på Vestlandet har campusar i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Med fem campusar fordelt over heile Vestland fylke og med ein fot i Rogaland søkjer vi som hovudregel å forhalde oss til praksis innan det geografiske området til den campusen ein studerer ved.

Vår linje er at praksisstudiar må regulerast og styrast frå utdanningsinstitusjonane sjølve. Dette handlingsrommet er naudsynt. Og det er nok ei tilnærming dei aller fleste skular, barnehagar, helseføretak, NAV-kontor med meir støttar opp under. Det vil bli ei urimeleg stor oppgåve for våre praksisstader sjølv å skulle ta hand om og tildele praksisplassar til studentane etter førespurnad frå dei sjølve.

Vi har utvikla særskilte kriterium for praksisplasstildeling der studentar med omsorgsoppgåver, verv, etc. kan søkje, men ein må her oppfylle vilkåra som er sett. Desse kriteria vurderer vi og jamleg, for å sjå kva som fungerer og ikkje, og kva slags endringar og tilpasningar som kan vera hensiktsmessige Høgskulen på Vestlandet og nok mange med oss ser fram til at den nasjonale digitale arbeidslivsportalen vert ferdig utvikla og rulla fult ut i sektoren. Dette kan bli ein viktig brubyggjar og ikkje minst eit verktøy som kan forenkle og opne opp samspelet mellom institusjonar for høgare utdanning, studentar og arbeidslivet.

Powered by Labrador CMS