Debatt Arna Meisfjord

Politikarar i valkampmodus?

Nedlegginga av den tradisjonsrike Høgskolen i Nesna syner klårt dei negative konsekvensane av ei strukturreform som stiller dei fusjonerte universiteta i ein spagat mellom universiteta sine krav og dei regionalpolitiske utfordringane.

UiO-rektor Svein Stølen (bildet) er imot politisk styring, men for ei politisk styring som forsvarar noverande deling av ansvar for dei lengre akademiske profesjonsutdanningane, skriv Arna Meisfjord.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Rektor ved UiO, Svein Stølen, tek stafettpinnen etter rektor Anne Borg, NTNU, for å forsvare dei eksisterande studiestader/universitet mot politikarar som er oppteken av å dekke kompetansebehov i heile landet. Innlegget frå Stølen tyder på at det ikkje berre er politikarane han vil halde på ein armlengds avstand.

Engasjementet for dei utfordringane som Distrikts-Noreg slit med, synes rett og slett ikkje ut til å vere til stades. Ved å gjere debatten om til eit spørsmål om politikarane sin valkampmodus, kan Stølen kvittere ut heile saka som irrelevant. Med retorikken om ein armlengds avstand til politikarane, kan Stølen plassere seg i sitt autonome elfenbeinstårn, utan å trenge å engasjere seg i dei faktiske utfordringane i samfunnet av redsel for å bli svart under neglene.

Stølen er imot politisk styring, men han er for ei politisk styring som forsvarar noverande deling av ansvar for dei lengre akademiske profesjonsutdanningane, som til dømes juss og medisin. Det politiske engasjementet i samfunnet, som Stølen viser til, har i liten grad handla om ansvar for dei lengre akademiske utdanningane som universiteta har hatt ansvar for. Bekymringa har hatt fokus på dei praksisretta profesjonsutdanningane til læraryrket, barnehage og sjukepleie.

Med retorikken om ein armlengds avstand til politikarane, kan Stølen plassere seg i sitt autonome elfenbeinstårn

Arna Meisfjord, tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna

Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet har grundig dokumentert at Noreg står ovanfor ei dramatisk avfolking av distriktskommunane, om ikkje bøtande tiltak blir sett i verk. I distrikta blir dei store verdiane skapt, men samstundes blir velferdsstaten bygd ned i eit omfang som vil gjere det umogleg å oppretthalde busetting og næringsliv.

Store næringsaktørar som til dømes lakseprodusent Aino Olaisen frå Lovund på Helgeland, går ut og åtvarar mot det som skjer. Dette er ikkje primært ei utfordring for distrikta, men ei utfordring for Noreg som nasjon og for oss alle som er oppteken av korleis vi vil at Noreg skal sjå ut i framtida og korleis vi kan møte FN sine bærekraftmål. Utfordringane er globale, men løysingane må utviklast og realiserast lokalt og nasjonalt.

Universitets- og høgskolesektoren skal til saman dekke samfunnet sine behov for kunnskap, forsking og utviklingsarbeid. Stølen argumenterer for at vi ikkje må spreie kunnskapen på for mange studiestader, for då blir det dårleg kvalitet. Dette argumentet vart bruka mot å etablere det første universitetet i Noreg først på 1800- talet, og det vart gjenteke både då universitetet skulle byggast i Bergen, så vel som i Trondheim og Tromsø.

Heldigvis er det slik at di meir vi deler på kunnskapen, di større blir den og di fleire kan vidareutvikle den meir. Heile vår utdanningshistorie dokumenterer dette.

Men arbeidsdelinga mellom universitet og høgskolar har fått ein knekk gjennom strukturreforma. Professor Rune Slagstad har i ein grundig artikkel i Dag og Tid (23.april, 2021) analysert situasjonen og konkluderer med at arbeidsdelinga mellom universitet og høgskolar må gjenreisast:

  • Dei fusjonerte universiteta skal medverke til forsking på høgt internasjonalt nivå, samtidig som dei skal utføre det gamle høgskuleoppdraget: praksisorienterte profesjonsutdanningar som primært skal oppfylle lokale behov innafor offentleg sektor og næringslivet.
  • Den dominerande økonomisk-administrative ”fusjonismen”, med ”stort er godt” som styrande motto, har høvla ned veletablerte fagtradisjonar med ulike samfunnsoppdrag.
  • Resultatet har vorte ein tap-tap-situasjon som gjev dårlegare universitet, dårlegare høgskular og meir byråkrati. Denne forfeila fusjonismen må avviklast, og den institusjonelle arbeidsdelinga mellom profesjonsretta høgskular og universitet må gjenopprettast.
(les videre under AnnonseN)

Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

Etter mitt syn kan Stølen sitt standpunkt om å halde fram med den tradisjonelle arbeidsdelinga for dei lengre profesjonsutdanningane, vere ei støtte til Slagstad sin argumentasjon for å gjenreise den institusjonelle arbeidsdelinga mellom profesjonsretta høgskolar og universitet.

Nedlegginga av den tradisjonsrike Høgskolen i Nesna syner klårt dei negative konsekvensane av ei strukturreform som stiller dei fusjonerte universiteta i ein spagat mellom universiteta sine krav og dei regionalpolitiske utfordringane.

Dette ranet av ein hundreårig utdanningstradisjon på Helgeland har skapt eit raseri og eit opprør som har samla Helgeland i kravet om å gjenreise Høgskolen i Nesna.

Arna Meisfjord

Trass i lovnader frå regjeringa Solberg om at ingen studiestadar skulle leggast ned i samband med strukturreforma, vart campus Nesna lagt ned frå 2022. Studenttalet på Helgeland er redusert til under det halve og Nord universitet sin retorikk om «satsing på Helgeland», betyr i praksis at heile fagmiljøet (om lag 150 kompetansearbeidsplassar) skal flyttast frå Helgeland til Bodø eller Levanger.

Dette ranet av ein hundreårig utdanningstradisjon på Helgeland har skapt eit raseri og eit opprør som har samla Helgeland i kravet om å gjenreise Høgskolen i Nesna. Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland har dokumentert prosessen i boka Kampen om Campus Nesna (Sigurd Allern, red.).

Eg vil sterkt oppmode rektor Stølen om å lese boka. Då vil han kanskje sjå at engasjementet handlar ikkje primært om politiakarar i valkampmodus og heller ikkje først og fremst om dei lengre akademiske profesjonsutdanningane.

Powered by Labrador CMS