Debatt ● Aksel Mjøs
Pandemien hindrar akademisk rekruttering
Aksel Mjøs ber Kunnskapsdepartementet endra «Forskrift om ansettelse på innstegsvilkår» slik at institusjonane kan gi både doktorgradsstudentar og tilsette i kvailfiseringsstillingar utvida tid til å få levert frå seg arbeidet sitt under pandemien.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Ikkje berre studentane ved norske universitet og høgskular er ramma av pandemien. Den er og ei alvorleg utfordring for dei som er i starten av sin akademiske karriere, og difor for institusjonane. Forsking er ein global aktivitet der jobbmarknaden på sentrale fagfelt også er global. Doktorgradsstudentar, og dei som skal kvalifisera seg til fast jobb, møter ein knallhard internasjonal konkurranse ut frå kvaliteten på deira forsking og undervisning. Dei treng difor utvida tid til å fullføra sitt arbeid no i pandemien.
Bli varslet om debatt og nyheter
Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktigste debatt og de viktigste nyhetssakene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Innan finansfaget så har, så langt vi kjenner til, over 260 institusjonar verda over sett i gang kompenserande tiltak. Dei fleste gjev eitt år lengre kontraktstid, sidan dei anerkjenner det særlege presset på desse gruppene. Eg kjenner dette best frå mitt fag, men trur dette er ei felles utfordring. I Europa har t.d. Bocconi (Italia), Rotterdam og Amsterdam (Nederland), Stockholm School of Economics (Sverige), HEC Paris og Sciences Po (Frankrike), og London School of Economics og Trinity College (Storbritannia) gjennomført slike tiltak. Dette er institusjonar som allereie er mellom dei fremste i Europa, og som på denne måten ytterlegare sikrar at deira kandidatar er vel førebudde på jobbmarknaden.
Innan finansfaget så har, sålangt vi kjenner til, over 260 institusjonar verda over sett i gang kompenserande tiltak.
Aksel Mjøs, NHH
Kvifor gjer dei så dette? Nokre moment er at det er ekstra belastning ved å undervisa digitalt, manglande høve til å delta på konferansar, både fagleg og for nettverksbygging, og at det er uråd å møta medforfattarar og å samla data sidan ein ikkje kan reisa. I tillegg kjem dei generelle utfordringane med isolasjon i pandemien. Desse hindringane gjer at yngre forskarar blir mindre forskingsproduktive. I neste omgang reduserer dette høvet deira til forskings- og undervisningsstillingar ved universitet og høgskular. Ei undersøking av medlemmer i American Finance Association, den fremste globale akademiske organisasjonen for finansforskning, indikerer at pandemien har større negative effektar på forskingsproduktiviten for yngre forskarar og doktorgradsstudentar enn meir etablerte forskarkollegaer.
- Les òg: Satte doktorgradsrekord trass i koronaåret
- Les òg: Nytt faglig fellesskap – fra fysisk distansering til digital og sosial samhandling
Dette gjeld altså langt meir enn at nokre yngre forskarspirer møter vanleg motstand. Den norske universitetssektoren må, for å vera relevant og forsvara samfunnet si finansiering, vera eit fullverdig medlem av jobbmarknaden for dei dyktigaste unge akademikarane. Vi treng at desse er ambisiøse i si forsking og presterar på verdsnivå, enten dei tek doktorgrad eller arbeider for å kvalifisera seg. Då må dei få tilsvarande arbeidstilhøve som dei dei konkurrerar med, og konkret nok tid til å fullføra sjølv om pandemien skaper store utfordringar. Dette sikrar og at dei vi utdannar i Noreg vinn fram i kampen om stillingane her heime.
Ei undersøking av medlemmer i American Finance Association [...] indikerer at pandemien har større negative effektar på forskingsproduktiviten for yngre forskarar og doktorgradsstudentar enn meir etablerte forskarkollegaer.
Aksel Mjøs, NHH
Vi treng difor at Kunnskapsdepartementet endrar «Forskrift om ansettelse på innstegsvilkår» slik at institusjonane kan gi både doktorgradsstudentar og tilsette i 4- eller 7- års kvalifiseringsstillingar inntil eitt år ekstra tid til å levera på grunn av pandemien. Det er ei viktig investering i akademiske rekrutteringsvilkår og difor vår felles humankapital.