fusk

Ønskjer munnleg kontrolleksamen for å minska fusk

Universitetet i Søraust-Noreg vil at nokre studentar skal trekkast ut til ein munnleg kontrolleksamen. Målet er å få ned talet på studentar som fuskar.

Då dette biletet vart teke, var digital eksamen noko nytt. No er alle eksamenar digitale, og i tillegg vert dei gjort heimefrå. Det betyr at alle hjelpemiddel er tilgjengelege - sjølv om samarbeid ikkje er lov.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire universitet og høgskular melde i fjor om ein auke i talet på fuskesaker. No ønskjer Universitet i Søraust-Noreg (USN) å innføra eit tiltak dei håpar kan hjelpa til med å få fusketalet ned igjen: I eit brev til Kunnskapsdepartementet (KD) spør dei om det vil vera mogleg å testa ein pilot der ein prosentdel av studentane vert trekt ut til munnleg eksamen etter å ha hatt skriftleg eksamen. No har departementet sagt ja.

— Me ønskjer at studentane skal vera budd på at dei òg kan verta trekt ut til å forsvara det skriftlege arbeidet munnleg. Målet er mellom anna å arbeida preventivt for å unngå fusk, seier viserektor for utdanning Ingvild Marheim Larsen.

Ingen går i fella

Larsen seier at initiativet kjem frå teknologi-miljøet ved USN. Det er her det er flest «to strek under svaret»-eksamenar, og slik eksamenar der det vil vera mogleg å samarbeida når det er heimeeksamen - sjølv om det ikkje er lov.

Det er ikkje lov å samarbeida på heimeeksamen. Ingvild Marheim Larsen håpar studentar ikkje vert freista til å gjera det.

— Me håpar ein munnleg eksamen vil kunne føra til at ingen går i den fella, seier Larsen.

I brevet heiter det at ordninga først og fremst vil vera aktuell for store kull der det ikkje er praktisk mogleg å gjennomføra munnleg prøving av alle, og der heimeeksamen ikkje vil kunne hindra eit samarbeid mellom studentane under eksamen, men der ein samstundes må sikra at den enkelte har tileigna seg læringsutbytta i emnet.

— Praktisk vil dette bety at alle i eit kull gjennomfører ein skriftleg skuleeksamen, samt at eit tilfeldig uttrekk av ein prosentdel, til dømes tjue av hundre studentar, vert trekt ut til munnleg eksamen før endeleg sensur vert vedteken.

Trur på nye vurderingsformer

Som Khrono har skrive, er USN ein av institusjonane som allereie har bestemt at det for dei aller, aller fleste studentane vert heimeeksamen denne våren. Samstundes er universitetet ein av institusjonane som hadde ein auke i talet på fuskesaker i fjor.

— Me hadde ganske høge tal, seier Larsen.

Khrono har òg skrive at USN er blant institusjonane som har stengt flest studentar ute, mellom anna på grunn av fusk.

Den munnlege eksamenen vil vera ei kontrollhøyring før endeleg karakter vert sett, og eksaminator har difor ein karakter som kandidaten kan vurderast opp mot.

Men sjølv om det er tanken no, trur viserektoren at nye vurderingsformer er komne for å verta.

— No har me hatt ei rask omlegging. Men eg trur nok at etter pandemien er det nokre fag som vil gå attende til tradisjonell skuleeksamen, medan andre vil nytta andre vurderingsformer, seier Larsen.

Overvaking og høyring

Den munnlege eksamenen ved USN er noko studentane vil vera varsla om på førehand at vil kunne skje. Men også andre utdanningsinstitusjonar ønskjer å innføra tiltak for å få ned talet på fusk. Som Khrono har skrive, vurderer Uppsala universitet å innføra videoovervaking på heimeeksamen for å sikra at studentar ikkje juksar. Dette skjer etter fleire juksesaker i fjor haust.

I fjor vår meldte BI at dei ville kalla studentar inn til munnleg høyring etter skriftleg eksamen i tilfelle der dei såg noko uregelmessig ved svaret eller der det var mistanke om fusk.

— Me har merka oss at det er auka aktivitet og mykje fusk på sosiale media denne våren, og eg er skuffa over at denne aktiviteten er så stor, sa dekan for bachelorutdanningane Lars Erling Olsen den gong.

Powered by Labrador CMS