universitetet i søraust-noreg
Har allereie bestemt at det vert heimeeksamen i vår
Fleire universitet seier at det vert digital eksamen også denne våren. — Det handlar om å gjera det føreseieleg, seier Universitetet i Søraust-Noreg.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Det skal ikkje leggast planar for skriftleg skuleeksamen på campus våren 2021, med unntak for fag der det ikkje finst gode nok alternativ.
Det heiter det i saka om covid-19-oppdatering som skal opp til handsaming i universitetsstyret ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) denne veka. Sakspapira finn du her.
— Me ønskjer å gjera det føreseieleg, både for studentar og tilsette, seier viserektor for utdanning, Ingvild Marheim Larsen som forklaring på kvifor universitetet allereie så tidleg på året har konkludert med dette.
— Kva eksamenar er det som vil verta fysiske?
— Det kan til dømes vera eksamenar der ein har ein eksakt fasit, særleg emne i ingeniørutdanninga og matematisk-naturvitskapelege fag, seier Larsen.
Tilpassa eksamen

Etter at hausten 2020 brått vart gjort om til eit stort sett heildigitalt semester, var håpet at ein skulle kunne ha ein ny start etter nyttår. Slik gjekk det ikkje. Per 1. februar har nokre utdanningsinstitusjonar forsiktig starta med fysisk undervisning i mindre grupper, andre har stengt campus eller gjort all undervisning digital.
— Kan vedtaket om heimeeksamen verta gjort om dersom ein ser at vaksineringa skyt fart og verda plutseleg vert normal att?
— Nei, no vert det slik. Det er så mykje som ikkje er oversikteleg, så me ville bestemma dette i god tid. Då vil òg dei som underviser kunne få god tid til å laga eksamensoppgåver som er tilpassa den undervisninga studentane no får, og òg tid til å vurdera andre vurderingsformer, seier Larsen.
Fleire varslar heimeeksamen
USN er ikkje det einaste universitetet som allereie har sagt at det vert heimeeksamen også denne våren. Som Khrono har skrive, melde NTNU allereie i november i fjor at det vert heimeeksamen hos dei. Også her er det ein føreseieleg situasjon som er grunngivinga.
— I haust vart det belastande for både studentar og tilsette, sidan eksamen vart gjort om seint i semesteret, sa prorektor for utdanning, Marit Reitan, til Khrono då.
Også Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder har allereie lagt ut informasjon om at det i hovudsak vert digitale heimeeksamenar i vårsemesteret. Det same har Høgskulen i Volda gjort. Høgskolen i Innlandet skriv at eksamenar fram til påske vert digitale, og Nord universitet skriv at dei skal gi studentane endeleg beskjed midt i februar, men at det også der går mot digital heimeeksamen.
Nyeste artikler
Høyres gamle oppskrift er dårlig nytt for lærerutdanningene
Tidligere studentleder dømt til ti måneder fengsel
Solve Sæbø ny rektor ved NMBU
Samarbeid mellom UiB og amerikansk universitet skrinlagt: — Svært alvorlig
NHO Elektro tar feil om finansieringssystemet for fagskolene
Mest lest
«Ment som en spøk», sa søkeren. Universitetet svarte med utestengelse i ett år
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Ragnhild Hennum er ny rektor ved Universitetet i Oslo
Disse to jobber gjerne til de blir 72, hvis Stortinget rekker å bestemme seg
Tidligere studentleder tilstår underslag av 1,1 millioner kroner