rektorval ved uib 2021

Olsen vil ha tilsett rektor viss ikkje fleire stiller til rektorval

Sitjande rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, er blant dei som meiner at ein kan gå over til tilsett leiing dersom det berre vert ein kandidat i rektorvalet neste år.

Dag Rune Olsen er oppteken av at det må finnast fleire aktuelle kandidatar ved Universitetet i Bergen. Sjølv kan han ikkje vert vald som rektor ein gong til.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skansane for vald rektor ved landets universitet fell ein etter ein. Nyleg vedtok UiT Norges arktiske universitet å gå frå vald til tilsett rektor. No er det berre 3 av 10 universitet i Noreg som har ordninga med rektorval: Universitetet i Agder, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen.

Fakta

3 av 10 har rektorval

Desse universiteta har ein leiarmodell med rektorval:

  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Agder

Desse universiteta har ein leiarmodell med tilsett rektor:

  • NTNU
  • UiT Norges arktiske universitet
  • Nord universitet
  • Universitetet i Stavanger
  • Universitetet i Sørøst-Norge
  • OsloMet
  • NMBU

Blir det meir enn ein kandidat når Universitetet i Bergen (UiB) neste vår skal gå til dei digitale valurnene og velja ny rektor?

Som Khrono har skrive tidlegare, peikar mange UiB-tilsette på prorektor Margareth Hagen som en klar etterfølgar til Olsen. Samstundes er viserektor Oddrun Samdal oppmoda om å stille frå fleire - og tel på knappane.

Men ingen av dei to, som begge er frå det noverande rektoratet, ønsker å seie om dei faktisk kjem til å stille til val. Og så langt tyder ingenting på at det finst andre alternativ, men det er enno 10 månader igjen til sjølve valet.

Khrono har snakka med fleire som meiner at mange allereie har bygd alliansar og driv valkamp for prorektor Hagen, og peikar på at det ikkje er noko gale i det.

Sitjande og avtroppande rektor, Dag Rune Olsen, har som prinsipp å ikkje legga seg opp i kven som skal overta rektorkappa etter hans åtte år på toppen, og han vil ikkje trekka fram nokre kandidatar.

— Rektorvalkamp handlar for mange om universitetsdemokrati, men i mange tilfelle også om posisjonering, lobbyverksemd, formelle og uformelle maktstrukturer og hestehandel i det skjulte. Merker du noko til dette ved UiB om dagen?

— Det du seier om uformelle maktstrukturar er viktig. Og det er viktig med opne prosessar. Dersom det er slik at det foregår diskusjonar, at folk posisjonerer seg og driv valkamp i det skjulte er det eit problem for det sunne universitetsdemokratiet. Viss valkampen er usynleg og dei fleste i elektoratet (dei som skal velja) ikkje veit kven som er kor, er det ein stor tapar i det heile, og det er universitetsdemokratiet, seier Olsen.

Les også: UiT får ansatt rektor

Ein kremlologi?

— Legitimiteten til den som vert valt aukar dersom ein får konkurranse, seier Per Bakke.

Han er dekan ved Det medisinske fakultetet, og seier som dei andre dekanane at han ikkje er aktuell som rektor.

Medisin-dekan Per Bakke ønskjer seg fleire kandidatar i rektorvalet.

Tor Eldevik er heller ikkje aktuell, har han sagt. Men instituttleiaren ved Geofysisk institutt er oppteken av at det skal vera fleire kandidatar.

— Eg vegrar meg som du skjønar for å peika på ein konkret kandidat. Det synest å vera ein slags «kremlologi» i kven som skal nemna kven når og i kva samanheng, som eg ikkje anar korleis fungerer. Men eg ser jo på det som naturleg at det vert lansert eit team i vesentleg grad basert på det sitjande rektoratet. Og dette må nødvendigvis møta eit tilsvarande fit for fight-alternativ - eller så har me i praksis ikkje eit universitetsdemokrati, skriv Eldevik i ein epost.

Han seier at det per i dag ikkje står heilt klart for han kva dette alternativet er.

Det synest å vera ein slags «kremlologi» i kven som skal nemna kven når og i kva samanheng, som eg ikkje anar korleis fungerer.

Instituttleiar Tor Eldevik

— Er det viktig for institusjonen at det stiller meir enn ein kandidat/eit team til val?

— Ja. Som sagt, det er vanskeleg å sjå på universitetsdemokratiet som reelt dersom det ikkje er fleire konkurransedyktige alternativ som stiller til val. På toppen av dette slit me vel òg tidvis med ei problematisk låg valdeltaking på norske universitet. Vanlegvis er det i alle fall slik at i regime der det berre er ein reell kandidat, så er valdeltakinga i det minste høg.

Les også: Vi må plukke ein rektor frå øvste hylla

Meiner det finst fleire

Dag Rune Olsen meiner det finst fleire rektorkandidatar ved UiB, men dei må jo ønske og vilja stilla til val, seier han.

— Viss det ikkje stiller meir enn ein kandidat er det kanskje like greitt å ha tilsett rektor?

— Ja, det vil eg absolutt meine, seier han, sjølv om han stilte som einaste kandidat i valet til sin andre rektorperiode. Ved siste rektorval ved UiB var valdeltakinga 17,5 prosent - og 25 prosent av røystene blanke.

— Men no er det forslag om å opprette ein proff leitekomite som kan finna fram til kandidatar og nye leiarteam ved Universitetet i Bergen, er det eit forslag du stiller deg bak?

— Det gjer eg, og universitetsstyret var samde om at det er ei sak som skal opp i neste møte, seier rektor Olsen.

God rektor er viktig

Guri Rørtveit synest òg det er ein god idé med leitekomité. Ho leier Institutt for global helse og samfunnsmedisin, og har sagt at ho ikkje er aktuell for rektorstillinga i denne omgang.

Professor Guri Rørtveit seier at noko leiarerfaring kan vera lurt, men at det ikkje er det einaste som tel når ein skal vurdera om ein ønskjer å stilla til val som rektor.

— Dersom det skal vera eit reelt demokrati er det viktig at det kjem fleire kandidatar. Det er ekstremt viktig at ein har ein god rektor. Alle som har leiarerfaring bør reflektera over om tida er inne. Det er det ikkje for meg no, seier Rørtveit.

Ho støttar ideen om ein leitekomité. Men ho meiner òg at ein må reflektera over kvifor det kan vera vanskeleg å finna kandidatar.

— Å søka ein leiarjobb er ein prosess. Eg hadde neppe gjort det dersom eg ikkje hadde blitt oppmoda om det.

— Ein treng ein kandidat med visjonar, ein som kan utfordra oss. Dersom ein ikkje har meir enn ein person som er interessert i eit slikt verv, og kan teikna bilete som er i kontrast til kvarandre, må ein kanskje ha ei anna form for leiing.

Det sa Christian Jørgensen då Khrono spurte om han er kandidat til rektorvalet - noko han tydeleg avkrefta.

Meiner valkampen vert for lang

Då Dag Rune Olsen stilte til val i 2013, hadde han ein motkandidat i Kuvvet Atakan. I 2017 var det ingen som stilte opp mot Olsen. Det same skjedde førre gong det var val ved Høgskulen i Volda og ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet. I Tromsø var valdeltakinga berre seks prosent. Ved Universitetet i Oslo stilte studenten Torkil Vederhus opp mot dåverande rektor Ole Petter Ottersen i 2013. Då hadde Ottersen vunne over Trygve Wyller fire år tidlegare.

Tor Eldevik meiner valkampen vert for omfattande, og at det kan gjera at nokre ikkje stiller. Professoren sjølv er inne i sin første periode som instituttleiar, og stiller ikkje til rektorval no.

Sigmund Grønmo hadde motkandidatar begge gongane han blei valt til rektor ved UiB, i 2005 og 2009. I den siste valkampen var det mykje debatt i Bergens Tidende, med til dels steile frontar.

Nokre av dei Khrono har snakka med, peikar på at det er krevjande å driva valkamp, og det tek mykje tid. Dette vert òg brukt som argument for at det kan vere vanskeleg for ein ekstern kandidat å stilla til val som rektor - sjølv om det ifølgje valreglementet er lov.

Det vert òg sagt at å stille opp i eit rektorval, utan å vera ganske viss på at ein i alle fall har ein ganske god sjanse til å vinne, er noko mange vil vegra seg mot.

Vil ha nedrustingsavtale

Tor Eldevik meiner valkampen kan bli for lang og omfattande, og seier at det kan synast ekstremt krevjande dersom ein samstundes skal halda det nokonlunde gåande i si eiga stilling fram til ein eventuelt blir valt.

— Det hadde vore kjekt dersom eigna kandidatar på relativt fritt grunnlag fekk lansera ope kva dei stod for, og at universitetssamfunnet så stemte utifrå dette, meiner han, og tek til orde for ein slags nedrustingsavtale kring omfanget av valkamp og liknande.N0 er det tilsynelatande så mange ting som skal på plass rundt eit kandidatur i forkant, at ein risikerer at valet i praksis blir avgjort der.

(Endringslogg: I ein tidlegare versjon av saka skreiv vi at det berre var to, universitet som har valt rektor - det rette er tre. Vi har retta opp og beklagar!)

Powered by Labrador CMS