rektorbyte

Vil ha ein proff komité som skal finna rektor i Bergen

Professor og styremedlem Petter Bjørstad meiner for få kandidatar stiller til val som rektor ved UiB. No ønskjer han at universitetet tek i bruk ein profesjonell leitekomité.

Styremedlem Petter Bjørstad er oppteken av at det må vera eit reelt val dersom ein skal ha valt rektor som øvste leiar. Han meiner det må jobbast meir med å få kandidatar.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Då universitetsstyret ved Universitetet i Bergen hadde møte i slutten av mai, ba informatikkprofessor Petter Bjørstad, som representerer dei vitskapeleg tilsette i styret, om at styret ser på korleis ein kan stimulera til at ein får fram gode kandidatar til rektorvalet.

Dag Rune Olsen går inn i sitt siste år i sin andre periode som rektor ved UiB. UiB har valt rektor, og har i tillegg nyleg gått inn for at valt rektor òg skal kunne vera styreleiar. Men Olsen kan, som Anne Husebekk i Tromsø, ikkje veljast for fleire periodar.

Då Olsen stilte til val første gong i 2013, stilte Kuvvet Atakan som motkandidat. Seismologiprofessor Atakan hadde då vore viserektor for utdanning i Sigmund Grønmo sin andre periode som rektor. I 2017 var det ingen motkandidatar til Olsen.

Vil ikkje eller trur ikkje dei kan

— Eg har sett mange val ved UiB, og eg har òg følgt med ved andre institusjonar. Eg meiner det er gjort lite arbeid før valet. Ein treng ein profesjonell søkjekomité som kan leita med lys og lykte etter kandidatar, seier Bjørstad til Khrono.

Han seier at dei fire, fem, seks siste rektorvala har vore litt tilfeldige.

— Ein ender med til dels gode kandidatar. Ein valt rektor kan ha mykje legitimitet, men det føreset ein god valkamp, der det kjem fram kva vedkomande står for, seier Bjørstad.

Han seier at det verken er mange nok som stiller, og kanskje ikkje alltid dei «riktige».

— Eit universitet har mange dyktige tilsette. Men nokre har nok ikkje tenkt på at dei kan verta rektor, andre har ikkje lyst, seier professoren.

Difor meiner han det trengst ei bevisstgjering i institusjonen, der ein kan identifisera dyktige folk.

— Kven skal utgjera denne komiteen?

— Valstyret har eit visst ansvar, så kanskje det er dei som skal gjera jobben, seier Bjørstad.

— Kvifor tok du dette opp i styret?

— Styret er det øvste organet ved institusjonen, og det er ikkje uvedkomande kven som vert valt som rektor. Eg meiner det er openbert at i den grad ein kan bør styret bidra til å få eit sett av kandidatar.

Planen er no at det kjem opp ei sak om prosessen fram mot rektorvalet i eit styremøte til hausten.

Fann ingen i Tromsø

Å bruka ein leitekomité ved rektorval er ikkje uvanleg. Hans Petter Graver, som stilte som kandidat ved rektorvalet ved Universitet i Oslo i 2017, sa den gong til Khrono at han hadde vorte oppmoda av ein slik komité. I same sak sa professor Vibeke Grøver at komiteen hadde vore i kontakt med fleire.

I Sverige er letkomitear enno mei vanleg. Ole Petter Ottersen er no rektor ved Karolinska Institutet i Sverige. Han kom frå som stillinga som rektor ved UiO. Ottersen var òg kandidat til rektorstillinga ved Göteborgs universitet, og Khrono har skrive om at det var leitekomité i sving ved begge institusjonane.

Også i Volda var det ein slik komité i sving før Johann Roppen vart valt som rektor for andre gong i 2019. Ein fann ingen kandidatar som ville stilla mot sitjande rektor.

Det same skjedde i Tromsø i 2017. Anne Husebekk hadde ingen motkandidat då ho stilte for andre gong.

— Det var ingen som ville ta opp hansken og stilla mot Husebekk og hennar team, sa professor Peter Arbo, som leia komitéen i Tromsø, til Khrono våren 2017. Arbo sa at leitekomiteen hadde prøvd å kartlegga både interne og eksterne kandidatar.

Legitimitet

No skal Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet bestemma om dei skal halda fram med valt rektor eller ikkje.

UiB har sagt at ein framleis skal velja øvste leiar.

Bjørstad er oppteken av at dersom ein skal kunne forsvara ei slik ordning, må ein ha meir enn ein kandidat å velja.

— Dersom ein ser for mange tilfelle der ein berre har ein kandidat som stiller til rektorval, styrkjer ikkje det legitimiteten til prosessen, seier han.

— Kor mange kandidatar bør ein ha?

— Ein treng ikkje ha meir enn to. Men ein kan gjerne ha ein nominasjonsprosess der ein har snakka med ti som er interesserte.

Høgskolen i Innlandet skal no tilsetja ny rektor. Då skal ein nytta eit rekrutteringsbyrå, kjem det fram i ei sak som skal handsamast i høgskulestyret måndag. Styreleiar Maren Kyllingstad skal leia innstillingsutvalet, går det fram av forslaget til vedtak.

Fleire sa nei

På Høyden spurte i fjor sommar dekanar og dei andre i rektoratet om dei hadde tenkt på å stilla som rektorkandidat. Fleire sa blankt nei, mellom andre dekan Helge Dahle ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, dekan Bente Wold ved Det psykolgiske fakultetet og dekan Per Bakke ved Det medisinske fakultetet. Dahle viste til at mat.nat no har hatt rektor i to periodar.

Dei fire andre i Olsen sitt rektorat; prorektor Margareth Hagen og viserektorane Oddrun Samdal, Annelin Eriksen og Robert Bjerknes sa at dei så langt ikkje hadde tenkt på å stilla. Samdal har òg vorte nemnd som ein mogleg kandidat til rektorstillinga ved Høgskulen på Vestlandet, men har sagt til Khrono at det ikkje er aktuelt for henne å søkja denne stillinga.

Powered by Labrador CMS