Språkforsking

Nynorskbrukarar styrkar stereotypiar om seg sjølv

Nynorskbrukarar i akademia argumenterer for språket på ein måte som bidrar til å sementere bildet av eit innforstått og ikkje-urbant mål, ifølgje ny doktorgrad.

Jorunn Simensen Thingnes la språkpolitikken på Høgskulen på Vestlandet under lupa. — At valet av nynorsk må forklarast og forsvarast, synleggjer minoritetsposisjonen til språket, seier ho.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Nesten utan unntak brukte dei eg intervjua og observerte i arbeidet mitt mykje tid på å argumentere for kvifor dei og arbeidsplassen deira har valt å bruke nynorsk, utan at dei vart spurt om det, seier Jorunn Simensen Thingnes, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Thingnes disputerte nyleg for doktorgraden om språkpolitikk og språkval i akademia, der ho såg nærare på kva som påverkar val av språk ved HVL og Samisk høgskole.

Begge stader er minoritetsspråk, eller med sosiolingvistisk terminologi, minoriserte språk, gitt ein prominent plass.

Argumenta handlar i all hovudsak om tradisjon, historie, identitet og dialekt – og ikkje kvalitetane i språket. Men denne typen argument kan vere «skadeleg» for nynorsken, meiner Thingnes, fordi han gjerdar språket inne og gjer at nynorsken ikkje når ut til nye brukarar.

— Eg meiner dei argumenterer slik fordi dei, på vegner av seg sjølve og institusjonen, oppfattar at det er eit behov for å legitimere valet av nynorsk, seier Thingnes.

Fakta

Språk på HVL

  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal ifølgje sine språkpolitiske retningslinjer ha «ein tydeleg nynorsk profil».
  • I «fusjonsavtalen mellom Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Sogn og Fjordane frå 2016 heiter det at «hovudmålforma for den nye institusjonen skal vere nynorsk.»
  • Høgskulen ser det som «eit særleg ansvar å ta i vare og utvikle eit godt og klart nynorsk fagspråk», heiter det i retningslinjene. Der står det også at «ei vestnorske dialektane og det vestnorske fellesspråket, nynorsken, er mellom dei sterkaste vestnorske kultur- og identitetsmarkørane».
  • Fact: Click to add text

— Kan forsterke minoritetsposisjon

— Det er ikkje noko gale med å grunngi språkvala med tradisjon og dialekt, og det treng ikkje vere berre negativt. Men det gjer nynorsken veldig lokal og avgrensa. Nynorsk blir noko som ikkje er tilgjengeleg for dei som ikkje er del av denne historia, identiteten eller dialekta.

Sjølv om nynorskbrukarane på universitet og høgskular gjerne er opptekne av at fleire skal både akseptere og ta språket i bruk, bidrar den tradisjonalistiske forsvarsrefleksen til å ekskludere og stenge ute, i staden for å opne og inkludere.

— Språkvalet blir veldig markert og eit uttrykk for kven du er og kor du kjem ifrå. Den lokale tilknytinga vert avgrensande. Det opnar ikkje for nye brukarar. Tvert om, det kan vere med på å forsterke minoritetsposisjonen, seier Thingnes.

Dermed kan akademikarar, som elles er sterkt medvitne om språk, bidra til å gjere det vanskelegare å endre på stereotypien om nynorsk som eit «bondsk» språk, utan plass i det urbane. Samstundes er dei fleste universitet og høgskular plassert i byane.

I doktorgradsarbeidet, «Å velje minoriserte språk. Språkpolitikk og språkval i akademia», finn Thingnes den same mekanismen blant dei tilsette på Samisk høgskole. Også der må bruken av nordsamisk stadig forklarast og forsvarast overfor det norskspråklege samfunnet.

— Dette er ikkje overraskande, seier Thingnes.

Historisk, på grunn av fornorskingspolitikken, er maktforholdet mellom samisk og norsk langt meir ubalansert enn det mellom nynorsk og bokmål.

Norsk-press på Samisk høgskole

Begge institusjonane Thingnes har konsentrert seg om, skil seg ut med at dei brukar eit minoritetsspråk som ein del av profilbygginga.

— Den nasjonale språkpolitikken støttar opp om bruken av desse språka. Men som kjent dreg forskingspolitikken og kravet om internasjonaliseringa i ei anna retning, som fører til at engelsk får auka dominans. Institusjonane hamnar i spagaten mellom å ta vare på norsk som samfunnsberande språk og å leve opp til forskingspolitiske mål.

Men på Samisk høgskole, der den aller meste av verksemda går føre seg på samisk, ser ting litt annleis ut. Sett derifrå, er engelsk ikkje det som truar plassen til det samiske språket – det er det norsk som gjer.

— Samisk høgskole må rapportere til styresmaktene på norsk, viktige dokument må skrivast på norsk. Men det er i strid med slik høgskulen sin eigen politikk der samisk er både hovud- og originalspråk, meir enn eit språk det blir omsett til, seier Thingnes.

Heller enn ein trussel, er engelsk i dette landskapet ei støtte i det internasjonale urfolkssamarbeidet som høgskulen er del av, ifølgje Thingnes sine funn.

— Det gjer at språkpolitikken for universitets- og høgskulesektoren som rettar seg mot å verne norsk som samfunnsberande språk, ikkje passar i den samiske konteksten, seier Thingnes.

Nødvendig å målrette tiltak

Thingnes understrekar at ho ser positivt på HVLs ambisiøse språkpolitikk, der både arbeidet med å legge til rette for norsk språkbruk, og særleg nynorsk, er prioritert høgare enn ved kanskje nokon annan norsk forskings- og utdanningsinstitusjon.

— Overordna er det at HVL vel å løfte og profilere seg med nynorsk viktig og bra. HVL har studentar frå heile landet, som ikkje er vande med å sjå nynorsk, og HVL er også med på å styrke synlegheita av nynorsk i Bergen, der språket ikkje står sterkt i utgangspunktet. Samstundes saknar eg ein argumentasjon for nynorsk som handlar om kvalitetane i sjølve språket.

Thingnes trur det er nødvendig å målrette tiltaka for eit minoritetsspråk som nynorsk i større grad, dersom det skal få eit breiare nedslag i akademia.

— Sjølv er eg i ein uvanleg posisjon, som sosiolingvist med bakgrunn frå nordisk språk. Rundt meg står nynorsk sterkt, og då er det ikkje noko problem å bruke det. Men med ein gong du går til eit anna fagfelt, kan situasjonen vere heilt annleis. I realfaga står nynorskbrukarane mykje meir åleine, med heilt andre haldningar rundt seg til språk generelt, og nynorsk spesielt, trur Thingnes.

— Eg trur det er viktig å jobbe med studentane, med terminologi og – det er ein klisjé, men likevel — med haldningar. Det handlar om gjere språket meir nøytralt, seier ho.

Powered by Labrador CMS