Debatt håvard teigen

Nesna må sjå til Rena

Mange har gjort narr av Senterpartiets valkamplovnader om å redde Nesna, mellom anna fordi dei visst nok ikkje har forstått korleis sektoren skal styrast etter gjeldande lov og spelereglar.

Arbeiderpartiet-Senterpartiet-regjeringen har besluttet å gjenopprette Høgskolen i Nesna. Jubelscener. Jenny Myklebust, Hanne Davidsen.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Lagnaden til Nesna som studiestad er viktigast for Nesna, men er større enn som så. Det handlar om korleis denne viktige sektoren skal styrast, om korleis fellesressursane skal brukast.

Eg har i mange samanhengar vore tilhengar av styring nedanfrå i staden for toppstyring, men måten Solberg-regjeringa gjennomførte fusjonsmålsettingane sine innan høgre utdanning og forsking på viser at mangel på nasjonal toppstyring kan vere øydeleggande.

Dei sa at fusjonane fullt ut kunne styrast nedanfrå gjennom at alle frivillige fusjonar skulle applauderast. Då NTNU tok dei på ordet og plukka smågodt rundt omkring i landet (ved å fusjonere inn Gjøvik og Ålesund), øydela dette for strukturen ikkje berre i Innlandet og Møre og Romsdal, men også i Trøndelag med store skadeverknader for Nord-Norge.

Ei av dei få gode grunngjevingane for fusjonsbølga som vart sett i gang, var at sterke universitet kunne støtte og styrke svake høgskular. I Trøndelag slapp NTNU å fusjonere inn Høgskulen i Nord-Trøndelag slik det ville ha skjedd ved toppstyring. Høgskulen i Nord-Trøndelag vart så fusjonert inn i universitetet Nord.

Etter dei vanleg brukte kvalitetskriteria var dette ein av dei svakaste høgskulane i landet som kunne ha vorte fusjonert inn i kanskje det sterkaste universitetet. I staden vart høgskulen fusjonert inn i det universitetet som var i særklasse veikast. Her enda det altså opp med at den halte skulle støtte den skakke.

At professorar og andre lærarar ikkje vil drive konsentrert undervisning på samlingsbaserte studium er rett og slett ikkje sant.

Håvard Teigen, professor emeritus

Nord som hadde meir enn nok med å konsolidere seg sjølv og sine sårbare miljø, laut løfte denne store høgskulen med dei mange campus i Nord-Trøndelag. Dette vart ein del av lagnaden til Nesna.

Mange har gjort narr av Senterpartiets valkamplovnader om å redde Nesna. Det er brukt fleire typar argument, men mest overordna: partiet har ikkje forstått korleis sektoren skal styrast etter gjeldande lov og spelereglar.

Kvar studiestadane skal ligge og kva for utdanningar dei skal tilby, skal ikkje lenger styrast politisk. Dette er det dei nye utdanningskonserna (universitetsstyra) som skal bestemme. NTNU med sin base i Trondheim skal altså i framtida bestemme om Gjøvik og Ålesund framleis skal ha sine studiestadar. I Nesna sitt tilfelle er det altså universitetsstyret i Nord som skal bestemme.

MEN SÅ. Eit under over alle under skjedde. Det kom inn i plattforma til den nye regjeringa at Nesna skal oppretthaldast som fullverdig studiestad. Og ikkje berre det: regjeringa følgde opp med eit kjapt brev til universitetsstyret og bad dei om å stoppe nedbyggingsprosessane. Brevet er forsiktig i forma, men klart i intensjon. Departementet kjenner eksisterande lovverk og vil ikkje bryte lova, men styret forstår signala og veit at det er Stortinget som både vedtek og endrar lova.

Dette er det store - ja det største - dømet på at Nesna-saka er større enn Nesna. Blir dette saka som gjer at politikarane tek tilbake styringa med sektoren – ikkje berre styring på overordna og høgst diffust nivå? Skal demokratiet på nytt få bestemme kva for distrikt og regionar som skal få utdanne sine eigne slik Stortinget gjorde ved opprettinga av Universitetet i Tromsø og distriktshøgskulane rundt omkring i heile landet?

Også tida tel. Det tek tid å endre lover og det tek enda lengre til å endre kulturar. Medan graset gror kan kua døy, og det er dette motstandarane av Nesna nå vonar på. Det er mange argument for at regjeringas politikk vil mislykkast. Av desse nemner eg: Studentane røystar med beina. Dei vil ikkje til Nesna blir det hevda. Og om studentane er villige til å kome dit på samlingar, så vil ikkje professorane ha den skjebna å måtte undervise ei veke i strekk på ein så gudsforlatt plass.

Endeleg: viss universitetsstyret ikkje vil la seg overstyre, må regjeringa opprette ny og sjølvstendig høgskule. Da må studieprogramma akkrediterast på nytt og organet for dette, Nokut, er ikkje kjent for å ri den dagen dei får førespurnad om å sale hesten. Tida vil gå og ny regjering kan vi jo få «berre» om fire år. Jau, det er von i hengande snøre.

Dei viktigaste av desse argumenta er frå førre istid, eller i det minste frå det som truleg vil bli kalla før-koronatida. Også Høgskulen på Nesna kan undervise studentar over heile landet (minst), ha samlingsbaserte studium på Nesna og andre plassar i landet supplert med studium tufta på digital undervisning.

At professorar og andre lærarar ikkje vil drive konsentrert undervisning på samlingsbaserte studium er rett og slett ikkje sant. Mange (truleg dei fleste av oss) likar best denne måten å undervise på – ikkje minst fordi det frigjer så mykje tid til konsentrert forsking.

Ein studiestad som kan samanliknast med Nesna, er Rena, ein tettstad lokalisert i dei uendelege skogane i Østerdalen. Rena har også tidvis hatt problem med å rekruttere både studentar og lærarar til studiestaden, men har vorte blant dei beste i landet til å drive desentralisert undervisning, samarbeide med andre som Karlstad i Sverige og handelshøgskulen i København. Dei har gjeve professorar frå inn- og utland så gode arbeidstilhøve at dei vel Rena. Under over alle under: Med denne modellen fekk dei Nokut-sertifisert siviløkonomiutdanning! Og alt dette kostnadseffektivt.

Ein slik utdannings- og forskingsmodell kan nemleg vere både god og billeg. Og er det nokon av mine Oslo-vener som framleis ikkje trur, så er dykk råka av ein vanleg synssvikt: å vere heimeblind. BI praktiserer nemleg Rena-modellen, eller kanskje var det omvendt. BI var først og lenge best – også her.

Det siste motargumentet mot Nesna, er at sjølv om dei med regjeringas hjelp skulle lykkast, vil dei konkurrere ut andre i regionen fordi lærarutdanningane generelt har sviktande søkning. I post-Korona tida er det ikkje sikkert at søknad til lærarstudium er eit nullsumspel.

Nesna kan tilby betre utdanning langt utanfor sin region. BI har vorte store ved å seie at Oslo-regionen er for liten. Rena sa det same om skogholtet sitt. Også Nesna må utvikle tilbod som tiltrekkjer seg studentar frå heile landet ved hjelp av lærarar som vil undervise på nett denne måten.

Nord Universitets styremøte i morgon vil vere eit første steg på ei reise som heile utdannings-Norge bør følgje spent med på.

Les også:

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Powered by Labrador CMS