koronaeksamen

Melder om litt meir stryk, nokre utsette eksamenar og truleg meir juks

Fleire institusjonar trur studentane har samarbeidd om heimeeksamen denne våren. Det er ikkje lov.

Eksamenssalane ved landets universitet står tomme i vår og studentane tar eksamen heime.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved Uppsala universitet i Sverige har det vore fleire varsel om juks enn vanleg denne våren, og det vert spekulert i om det heng saman med at alle eksamenar har vorte gjort om til heimeeksamen.

Også norske universitet har frykta at det vil verta meir eksamensjuks denne våren, det sa dei då Khrono tok kontakt i slutten av mars. Når eksamensperioden no i hovudsak er over, er det nokre som melder om meir «fusk og fanteri» enn dei plar. Men førebels er ikkje all sensur klar.

Rapporterte om samarbeid

Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT) skriv i ein epost til Khrono at dei har fleire døme på at sensorane har mistenkt samarbeid. I eit fag innan humaniora var det ein plagiatkontroll som viste at svara frå fleire studentar var svært like. For eit emne innan matematiske, naturvitskapelege og teknologiske fag var det studentar sjølv som rapporterte at dei hadde samarbeidd eller hjelpt kvarandre.

— Kva reaksjonar kan desse studentane venta seg?

— Det er for tidleg å seia noko om endå. Me er førebels ikkje ferdige med all sensur, og me må først sjå meir på omfanget av juks.

Det seier prorektor for utdanning, Wenche Jakobsen, til Khrono. Ho seier at eksamensavviklinga er ferdig, men at det truleg vert august før ein kan seia noko endeleg om korleis det gjekk denne våren.

— I det store biletet har det gått veldig bra. Me har hatt nokre eksamenar som måtte utsetjast, mellom anna for flygarutdanninga - det vart for tett i cockpit. Men dei eksamenane som har vorte utsette no, skal ein få tatt tidleg i haust, seier Jakobsen.

Ved NTNU meiner ein faglærar at det gjekk føre seg samarbeid under heimeeksamen. Brynjulf Owren er professor ved Fakultetet for informasjonsteknologi og elektroteknikk, og seier til Universitetsavisa at det var langt færre enn vanleg som strauk under ein fleirvalseksamen, og fleire enn vanleg som fekk toppkarakter.

— Eg har dokumentasjon på at det gjekk føre seg eit samarbeid, seier Owren til UA, men vil ikkje seia kva type dokumentasjon han har.

UA har òg skrive om eit stort matematikkemne der ingen av dei 1100 studentane strauk. Denne eksamenen hadde fleirvalsoppgåver, det same hadde eksamenen der Owren meiner det har gått føre seg samarbeid.

— Det verkar som jo meir me har brukt fleirvalseksamen, jo lågare vart strykprosenten, seier instituttleiar Einar Rønquist ved Institutt for matematiske fag til UA.

Meir til plagiatkontroll

Også ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har det vore litt meir juks enn vanleg.

— Me har avdekt noko meir juks, men det er ikkje snakk om mange saker. Me trur dette heng saman med at fleire oppgåver enn tidlegare er sendt til plagiatkontroll.

Det skriv prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, i ein epost til Khrono.

Ho seier at høgskulen ikkje har merka ein auke i talet på plagiatsaker, men at dei har fått inn nokre saker som gjeld mistanke om ulvoleg samarbeid.

Selvik seier at mange tilsette er vane med å laga oppgåver for heimeeksamen, før pandemien var det allereie planlagt 130 heimeeksamenar og 240 oppgåveinnleveringar som summativ vurdering. Men mange har òg måtta gjera om på eksamensoppgåver.

— Leiinga ved HVL er imponert og stolte over den innsatsen både faglærarar og dei tilsette ved eining for eksamen har lagt ned denne våren, seier Selvik.

Fleire har gjennomført

Norges Handelshøyskole (NHH) har køyrt alle eksamenssvar gjennom eit tekstgjenkjenningsprogram, opplyser prorektor Linda Nøstbakken. Eit slikt program har Universitetet i Oslo òg nytta. Programmet kan sjekka svar opp mot Internett, databasar og tidlegare innleverte oppgåver. Også VID nyttar tekstgjenkjenninngsprogram. Førebels har ikkje den private høgskulen avdekt meir juks enn vanleg.

— Oppgåveteksten for dei skuleeksamenane som er gjort om til heimeeksamen, er endra slik at moglegheitene for samarbeid er redusert, skriv kommunikasjonssjef Vidar Steder i ein epost.

NHH finn ikkje meir juks enn vanleg, men litt meir stryk.

— Einskilde kurs har hatt noko høgare strykprosent enn tidlegare. Samstundes viser tala våre så langt at fleire av studentane som var oppmelde til eksamen har gjennomført vurdering i år samanlikna med møtt-tal for tidlegare år, skriv Nøstbakken i ein epost.

Også ved HVL er det fleire enn vanleg som har tatt eksamen.

— Me veit ikkje grunnen, men har nokre tankar kring dette. Det kan kanskje vera «lettare å gjera eit forsøk» på eksamen når ein tek han heime, og slepp å reisa nokon stad. Kanskje er også heimeeksamen mindre stressande for studenten, og at dei som strevar med eksamensangst difor møter opp i større grad, trur Selvik.

Bestått eller ikkje

Fleire institusjonar har gått frå å gi vanleg bokstavkarakter til å gi karakteren bestått eller ikkje bestått. Ved Universitetet i Tromsø venta rektor Anne Husebekk debatt om kor ein skal legga lista. Ved medisinutdanninga i Tromsø, der ein ikkje nyttar bokstavkarakterar, er grensa for å stå på eksamen at ein har 60 prosent korrekte svar. Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen, har tidlegare sagt at UiB i nokre tilfelle har lagt lista tilsvarande karakteren D.

Selvik ved HVL seier at det i nokre emne, som medikamentrekning, er eit krav om å ha alt rett for å stå på eksamen. I andre emne reknar ein til dømes med at ein må ha seksti prosent rett – der det er mogleg å tenkja slik.

Ved UiT har ein ulike røynsler med å gjera om eksamen, og kor lista skal ligga.

— Til dømes vart det ved ein eksamen laga oppgåver som kravde meir når det kom til å reflektera over problemstillingar. Under ein annan eksamen vart det valt å gi ganske like oppgåver på heimeeksamen som ein ville brukt til skuleeksamen, og òg stilla same krav til bestått. Emneleiar reknar med at strykprosenten i dette faget vil vera lågare i år enn normalt, opplyser UiT.

Noko måtte utsetjast

Khrono har tidlegare skrive at nokre eksamenar truleg måtte utsetjast til hausten. Kathrine Skretting, rektor ved Høgskolen i Innlandet, tok til orde for at ein burde strekka semesteret i begge retningar for at flest mogleg skulle få gjennomført eksamen. Når Khrono no har vore i kontakt med eit utval institusjonar, viser det seg at nokre eksamenar er utsette til hausten. Dette gjeld mellom anna nasjonal deleksamen i anatomi. Den er utsett ved HVL, og også ved VID. VID har utsett fire av 89 skriftlege eksamenar, og høgskulen har òg utsett praktisk test i pleieprosedyrar.

— Ved vidareutdanning i akuttmedisin og palliasjon er to eksamenar utsette til hausten fordi studentane er sjukepleiarar, og pålagt ekstra arbeid i samband med koronasituasjonen, skriv kommunikasjonsdirektør Stender.

Ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) er nokre feltkurs og labkurs utsett.

— Dei let seg ikkje gjennomføra med rådande smitte- og reiserestriksjonar, skriv prorektor for utdanning Solve Sæbø i ein epost.

Powered by Labrador CMS